A-x/92 Økologisk jordbruk er også ei sosial tilpassing

Hummelposten, 2/92. Det er nokre som er forundra over at sosiologi kan tilføre eller ha noko med økologisk jordbruk å gjere. Ved Senter for Bygdeforskning ved Universitetet i Trondhiem er ein ny rapport om sosiale sider ved økologisk drift nyleg ferdig. Rapporten byggjer på ei sosiologisk undersøking av bønder som deltek i 30 bruksprosjektet, og som er i ulike fasar av omlegginga. Eitt av hovudbodskapa i denne rapporten er at ei omlegging til økologisk jordbruk ikkje berre vil verke inn på sjølve gardsdrifta. Ei omlegging medfører også at bøndene og brukarfamilien må skape seg ein levemåte som er tilpassa denne driftsmåten. På den måten har ei omlegging til økologisk jordbruk både ei fysisk, eller agronomisk side, og ei sosial. Det er den sosiale sida ved økologisk jordburk vi har sett nærmare på i rapporten.

Vil du vite mer?

Ta kontakt med oss så hjelper vi deg, enten det er å komme i direkte kontakt med ansatte eller finne annen relevant informasjon.

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.