A-x/96 Måtehald, nærleik og hardt arbeid i den typiske berekraftige bygdebedrifta
I alt tiltaksarbeid og strev etter å etablere nye bedrifter i distrikta, må vi ikkje gløyme at det er mange bedrifter som driv godt og sysselset mykje folk. Kva er det som kjenneteiknar desse bedriftene? Finst det ein særskilt bygdenorsk bedriftsleiarkultur? Kva går det i så fall ut på, og er det noko å lære dersom vi ønskjer å utvikle fleire berekraftige bedrifter, basert på ressursane i bygde-Noreg? I Aasbrenn K. (red.) 1996. Opp å stå gamle Norge. Oslo: Landbruksforlaget.