B-1/18 Klimasmart landbruk

Vi står framfor eit grunnleggande internasjonalt skifte når det gjeld mat- og landbrukspolitikk. Reidar Almås er ein nestor innan norsk landbruksforsking og i denne boka tar han til orde for å spisse den norske landbruksmodellen for å møte klimautfordringane, både på den einskilde gard, nasjonalt og internasjonalt.

Landbrukets folk må delta i klimadugnaden og sjå klimaendringane som ein sjanse til å koma på offensiven i kampen om å forme framtida. Da kjem ingen unna å tilpasse drifta til endringar i vêr og klima, samtidig som politikken må utformast slik at både bonden og forbrukaren gjer klimakloke val. Etter ein lettfatteleg gjennomgang av grunntrekka i dagens norske landbruk, skisserer forfattaren korleis jorda og skogen kan bli den nye oljen. Almås meiner at eit berekraftig landbruket må bli ein del av klimaløysinga, slik at vi kan sjå barnebarngenerasjonen i augo. Til slutt i boka kjem ein oversikt over dei lågast hengande fruktene for eit grønt skifte i landbruket. Blant desse er førsteråd for klimatiltak på gardsnivå, bruk av biokol for binding av karbon, biogass frå husdyrgjødsel og meir bruk av tre i bygg. Reidar Almås er professor emeritus i bygdesosiologi og regionalpolitikk og seniorforskar ved Ruralis – Institutt for rural- og regionalforsking, tidlegare Norsk senter for bygdeforsking, som han starta og bygde opp. Han er ein aktiv foredragshaldar og samfunnsdebattant. Boka kan kjøpast på Snøfugl forlag sine heimesider.

Vil du vite mer?

Ta kontakt med oss så hjelper vi deg, enten det er å komme i direkte kontakt med ansatte eller finne annen relevant informasjon.