R-2/13 Kulturarv og verdiskaping i eit kyst- innlandsperspektiv

Rapporten presenterer resultat frå prosjektet Kulturarv som grunnlag for verdiskaping (norsk omsetjing), der forskarane har sett nærare på ulike sider ved verdiskaping knytt opp mot kulturarv i to ulike case – Valdres natur- og kulturpark og Vega verdsarv. Sjølv om det i forskingslitteraturen vert hevda at kulturarven i aukande grad har blitt gjort til gjenstand for ”instrumentalisering”, er det likevel ikkje einast økonomisk vinning som har lege til grunn for verken Vega verdsarv eller Valdres natur- og kulturpark. Like mykje har det vore trivsel, identitet og det å auke kjensla av å høyre til. Det er urimeleg å forvente at ein verdsarvstatus eller ein natur- og kulturpark skal føre til at alle kvalitetar og verdiar i eit lokalsamfunn eller ein stad skal sikrast i all framtid. Den generelle samfunnsutviklinga verkar også inn på det lokale nivået, det vere seg både nasjonale og globale prosessar. Denne rapporten drøftar ulike element i samfunnsutviklinga sin innverknad på både utveljinga og forvaltinga av kulturarvverdiane som vert løfta fram i Vega verdsarv og Valdres natur- og kulturpark

Vil du vite mer?

Ta kontakt med oss så hjelper vi deg, enten det er å komme i direkte kontakt med ansatte eller finne annen relevant informasjon.

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.