R-06/99 Bygdefamiliens moderne kvardagsliv.
Rapporten fokuserer på moderne utviklingstrekk i bygdefamiliens kvardagshandtering. Rapporten tek opp ei rekkje tema som tradisjonsendringar, endringar i matvanar, endringar i det sivile samfunn, bygdebarns oppvekstvilkår og bygdefamiliens omsorgspotensiale. Viktige endringar dei siste tiåra, er mellom anna at bygdefamilien i stor grad har blitt eit toinntekts føretak der både kvinner og menn bidreg til hushaldets økonomi. Parallelt med dette har offentleg barneomsorg vorte viktigare for at bygdefamilien skal få tid og energi til å strekke til i ein travel kvardag. Rapporten peiker også på moderne utfordringar knytte til meir individualisering både i det private liv og i frivillig lags- og organisasjonsliv.