R-7/99 Genteknologien sitt janusansikt. Ei studie av folk sine haldningar til genteknologi
Denne rapporten set fokus på introduksjon av ny teknologi i samfunnet. Det å fremme teknologi som løysingar på politiske og økologiske problem, har lang historie og tradisjon i utviklinga av moderne industrisamfunn. Alle vitskapelege framskritt og all teknologisk utvikling vart i starten på dette hundreåret sett på som noko potensielt positivt (Sejerstedt 1992). Menneska hadde behov for å underleggje seg og nyttiggjere seg den truande natur, og den teknologiske utviklinga hadde sitt utspring i denne grunnhaldninga. Industrisamfunnet representerer i den store samanhengen overgangen frå den truande natur til den truande teknologi. Moderne vestleg vitskap og teknologi blei forstått som drivkreftene bak utvikling og som kjelder til løysingar som tilbydde tryggleik og overflod kor mykje var usikkert og knapt (Moser 1995). Frå 1950 snur dette biletet seg (Sejerstedt 1992). Ein byrjar å bli klar over dei negative konsekvensane ny teknologi kan bringe med seg. Teknologien blir vendt mot sin skapar, og har vorte ein trussel og ein risiko i seg sjølv. Risiko har derfor vorte eit viktig omgrep i denne diskusjonen. Men teknologien har framleis eit positivt potensiale. Dette kjem klart til uttrykk i til dømes Brundtlandrapporten, “Vår Felles Framtid” (VFF) (Verdenskommisjonen for miljø og utvikling 1987). Her får teknologien tildelt ei viktig rolle. Det blir fleire stader uttrykt håp om at nye teknologiar som informasjonsteknologi, romteknologi, materialteknologi, kjemi- og energiteknologi og moderne bio- og genteknologi skal mogleggjere ein overgang til berekraftige utviklingar. Brundtlandkommisjonen forstår teknologien som: “…det viktigste forbindelsesleddet mellom mennesker og natur” (Verdenskommisjonen for miljø og utvikling 1987:53). Ein får altså inntrykk av ein grunnleggjande teknologioptimisme i VFF, der risiko kan bli meistra ved hjelp av meir vitskap og teknologi. Ein ser altså ei satsing på ny, betre og større teknologi, med det førehald at risikostyring blir integrert og at den er med på å redusere presset på naturgrunnlaget (Moser 1995). Korleis skal samfunnet forhalde seg til den teknisk-vitskapelege utviklinga? Spørsmål om korleis ein skal, og om ein i det heile tatt kan sette grenser for denne utviklinga, er blitt aktuelle (Hunsager og Oltedal 1988). I denne samanhengen sit ikkje samfunnsvitarar med fasitsvar om korleis utviklinga vil eller bør bli, men dei har kompetanse til å analysere og forklare ulike grupper sitt syn på og oppfatning av eit sosialt fenomen (Almås 1991). Den norske genteknologilova kom våren 1993 . Vedtaket markerte slutten på ein lang og komplisert debatt om korleis samfunnet skal forhalde seg til eit av dei kanskje mest kontroversielle teknisk-vitskapelege gjennombrot i vår tid. Politikken sitt forhold til genteknologien gikk over i ein ny og meir permanent fase. Politikken overtok ansvaret for å sjå til at folk ikkje vart utsette for unødig risiko som var knytt til framstilling og bruk av genmodifiserte organismar (Høviskeland 1995). Genteknologilova grip inn i forskarane sitt arbeid og innarste rom, laboratoriet, og søker å regulere både korleis og kva det skal forskast på. Prinsippet om fridom til forskarane har vist seg vanskeleg å forsvare, og har måtta vika plassen for politikken sine meir skiftande omsyn (Stich 1979). Genteknologien held akkurat no på å ta steget frå forskingslaboratoria til fabrikkane i ei rekke ulike industribransjar. Ein stor del av denne utviklinga og bruksområda er knytt til matvaresektoren, og samtidig er produkta innan denne sektoren dei produkta som forbrukarane kjem til å møte flest gongar i kvardagslivet. Om nokre år kjem praktisk tala kvar einaste Vest-Europear og Nord-Amerikanar til å ha dagleg kontakt med metodar eller produkt frå genteknologien sitt breie felt. Genteknologien er derfor godt tilpassa studie som går på innføringa av ny teknologi i samfunnet og aksepten av denne teknologien. Etterkvart som genteknologien går frå å vere berre teknologiutvikling til å bli produktutvikling og marknadsintroduksjon, blir produsentane og forskarane meir og meir klar over at aksepten av ny teknologi kan vere eit hinder i prosessen. Bioteknologen eller genteknologen må arbeide på to felt. Han må forandre både natur og menneske på same tid. Ingen produkt uansett kor geniale dei er vil ha marknadssuksess viss konsumentane ikkje vil kjøpe dei. Ettersom moderne bioteknologi er temaet i denne rapporten og at det framleis er eit relativt ukjent omgrep for dei fleste, vil eg gi ei kort innføring i kva moderne bioteknologi eigentleg er.