R-3/93 Motivasjon og meistring av omlegging til økologisk jordbruk

Denne rapporten er skriven i tilknyting til prosjektet «Overgang til økologisk jordbruk» ved Senter for bygdeforskning (SFB). Prosjektet «Overgang til økologisk jordbruk» kom i gang på oppdrag frå leiinga i 30 bruks-prosjektet, ved Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK). Prosjektet har gått over perioden 1990-1992 og blitt leia av Arild Blekesaune. I 1990 blei prosjektet finansiert av Norsk senter for økologisk landbruk på Tingvoll, medan Norges landbruksvitenskapelige forskningsråd (NLVF) har finansiert prosjektet i 1991. Frå 1992 var det igjen NORSØK som sto for finansieringa. Det er tidlegare publisert ein rapport på dette prosjektet, «Sosiale sider ved økologisk jordbruk». Ein sosiologisk studie av omleggingsprosessen, Rapport nr. 1/92 ved Senter for bygdeforskning. I tillegg har underteikna skrive hovudfagsoppgåve i sosiologi, i tilknyting til dette prosjektet. Denne rapporten som no ligg føre, er ei vidareføring og ei bearbeiding av desse to arbeida. Formålet med denne rapporten har ikkje vore å kome fram til endelege konklusjonar. Det har vore vel så viktig å reise ein del viktige problemstillingar og skape debatt. Noko av det viktigaste har kanskje vore å vekke interesse for at økologisk jordbruk er mykje meir enn det som «skjer under jorda» og i dei biologiske prosessane. Økologisk jordbruk kan nemleg også forståast som ein sosial innovasjon. Til forskjell frå den første rapporten som blei skriven, er det i denne lagt meir vekt på å setje økologisk jordbruk inn i samfunnsmessige og teoretiske samanhengar. For å kunne gjere det, har det vore viktig med analytiske begrep å studere den empiriske røyndomen etter. Viktige teoretiske og analytiske begrep i så måte har vore kosmopolitisk og lokal orientering. Andre begrepspar som antroposof, økosof og reformist har vorte utvikla undervegs i prosjektperioden. Til forskjell frå første rapport er no tids- og prosessperspektiv arbeidd inn, og dei metodiske betraktningane er utvida.

Vil du vite mer?

Ta kontakt med oss så hjelper vi deg, enten det er å komme i direkte kontakt med ansatte eller finne annen relevant informasjon.

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.