R-4/17 Norske tindevegleiarar som aktørar i utviklinga av det naturbaserte reiselivet

Dette er ein studie av tindevegleiarar i Noreg og deira bedrifter. Spørsmålet er kva som  motiverer aktørane og korleis dei bidreg til lokal utvikling og berekraft i reiselivet. Studien baserer seg på intervju med eit utval tindevegleiarar. Studien syner at tindevegleiarane har eit sterkt fokus på berekraft, er motiverte av livsstil, å lære kundane om naturen og er kreative i utvikling av opplevingstilbod. Ved å spesialisere seg innan nisjemarknaden for opplevingar bidreg tindevegleiarane til å synleggjere distrikts-Noreg og profilere eit berekraftig reiseliv. Tindevegleiarane kan bli meir synlige og løfte næringa gjennom sterkare samarbeid. Rapporten er ei lett omarbeidd utgåve av ei masteroppgåve i entreprenørskap.

Vil du vite mer?

Ta kontakt med oss så hjelper vi deg, enten det er å komme i direkte kontakt med ansatte eller finne annen relevant informasjon.

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.