R-5/93 Næringsutvikling og bygdekultur. Fire midt-norske kommunar i eit 40-års perspektiv.

Det er eit politisk siktemål å få til ein heilskapleg bygdepolitikk, og ein konsekvens av det er at bygdeutvikling må omhandle samfunnsutvikling over eit breiare spekter enn det som er knytt til næringsstruktur og produksjonsliv åleine (rapport Landbruks-departementet, 1993). Blant dei regionale utfordringane er bygdenes evne til å konkurrere om ungdommen og skape arbeidsplassar for høgt utdanna og karriere-orienterte kvinner. Endringar i kvinners yrkesaktivitet vil få full effekt på 1990-talet, og dette er sagt å vere utfordringar som dagens verkemiddelapparat i nærings- og distriktspolitikken er lite budd på og i stand til å møte (op.cit.). Det er store forskjellar i næringsstrukturen mellom ulike regionar, og allsidigheta i ulike lokalsamfunn er viktig for kor godt dei står seg. I kystområda har fiskerinæringa, verkstadindustri, skipsfart, bygg og anlegg gjeve gode sysselsetjingsmuligheter for ungdom og menn, men teknologisering og rasjonalisering har også betydd reduksjon i tal på arbeidsplassar og heving av kvalifikasjonskrav (St. meld. nr. 32). I bygdene er sysselsetjing knytt til landbruket sterkt redusert, og andre næringar og service-funksjonar vert meir viktige. Dette har ført til auka avhengighet mellom landbruket og det øvrige bygdesamfunnet - også kulturelt og miljømessig (NOU 1991: 2A). Utbygginga av offentleg sektor har gjeve nye sysselsetjingsmuligheter for kvinner, utan at ein kan seie at sektoren dekkjer den totale etterspurnaden etter arbeid. Det er sett som ei utfordring å sjå bygdekultur og næringsutvikling i samanheng. Begrep som livsform, lokal tilhøyre og identitet bidreg til å gje heilhetsorienterte bygdeanalyser, som også er prioritert tema for forsking innan bygdeutvikling (NLVF-publikasjon 1/1991). Denne rapporten tek ikkje sikte på å gje kvantitativt målbare resultat av statleg politikk, men brukar fleire innfallsvinklar til å sjå trendar i lokal næringsutvikling karakterisert ved kommunane. Ved å beskrive næringsmessig og demografisk utvikling i fire kommunar, har vi gjeve den kontekstuelle ramma for analysen av bygdeutviklinga. Vi har forsøkt å nærme oss lokale dimensjonar i næringsutviklinga gjennom fire innfallsvinklar: Ein analyse av lokalsamfunnet som ideologiprodusent, generasjonsendringar i bedriftsleiing og kommunale leiarars haldningar til statlege arbeidsplassar og kommunesamanslåing. Den fjerde innfallsvinkelen er ein analyse av lokal identitet hos ungdom. Formålet har vore å sjå på kva måte ulike bygdekommunar varierer på følgjande hovudområde: a) Lokale forutsetjingar for kvinners yrkesaktivitet. b) Lokal identitet hos ungdom, belyst ved planar for arbeid og busetjing. c) Livsform og lokal kulturs betydning i næringsutvikling.

Vil du vite mer?

Ta kontakt med oss så hjelper vi deg, enten det er å komme i direkte kontakt med ansatte eller finne annen relevant informasjon.

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.