R-6/93 Bygdepolitikk

Bakgrunnen for denne rapporten var eit tiårs jubileumsseminar ved Senter for bygdeforskning hausten 1992. Der sette vi søkelyset på korleis ulike sektorpolitikkar har medverka til å forme bygdene i etterkrigs-Norge. Seminaret var finansiert av og knytt opp til prosjektet «Statleg politikk og regionale trendar» under Bygdeutviklingsprogrammet som det dåverande Norges landbruksvitenskapelige forskningsråd gjennomførte. Ei av problemstillingane i prosjektet var kva for regionale verknader ulike sektorpolitikkar utanom distriktspolitikken hadde hatt i perioden 1950 til 1990. Gjennom å invitere samfunnsforskarar frå ulike disiplinar og med kvar sine tematiske spesialområde til å belyse denne problemstillinga, vona vi å få fram eit heilskapleg bilde av utviklinga som sjeldan kjem fram i tradisjonelle bygde-analysar. Men dette seminaret balla på seg, både tematisk og fagleg. Kvinneperspektivet hadde vore dårleg dekt i haustsemesteret og vart styrkt gjennom fleire bidrag våren 1993. Samtidig kunne fleire av Senter for bygdeforskning sine eigne forskarar og prosjekt bidra til å kaste lys over temaet og perioden. Vi enda derfor opp med 12 bidrag til det som var planlagt å vera ein jubileumsrapport for Senter for bygdeforskning, men som no i større grad har vorte ei fleirfagleg artikkelsamling om bygdenes nære fortid. Vi har valgt å kalle artikkelsamlinga «Bygdepolitikk». Kva legg vi så i omgrepet bygdepolitikk? Slik vi brukar ordet her, handlar det om alle dei sektorpolitikkane som har innverknad på bygdenes sosiale og økonomiske utvikling. Slik sett blir bygdeutviklinga påverka både av sektorpolitikkane kvar for seg og av heilskapen av desse. Bygdepolitikk er derfor mye meir enn tradisjonell nærings- og distriktspolitikk. Både makroøkonomisk politikk og fordelingspolitikk i brei forstand vil i sterk grad kunne påverke balansen mellom by og land. Det same gjeld politikken på store og veksande samfunnssektorar som helse, sosial omsorg og utdanning. I dei to siste tiåra har også kultur- og likestillingspolitikken blanda seg i dette koret av sektorpolitikkar med sterke nedslag i bygdene. Vi vil derfor definere bygdepolitikk som heilskapen av politiske inngrep, slik dei verkar på bygdesamfunnet, både kvar for seg og samla. Slik definert omfattar bygdepolitikken både tilsikta og utilsikta konsekvensar av politiske tiltak. Det seier seg sjølv at ei slik omfattande samling av artiklar som denne rapporten er, og der bidragsytarane representerer fem fag og enda fleire perspektiv, vil sprike. Det er like vel to forhold som bind oss saman: Sosial endring over eit lengre tidsrom og politikkens innverknad på den urban-rurale dimensjon. Ved å setje søkjelyset på ein såpass lang tidsperiode, får vi så og seie høve til å følgje sosiale prosessar frå vogge til grav. Når forfattarar skal ta føre seg sektorpolitikkar med ulike analyseperspektiv, kan bildet verka både forvirrande og sjølvmotseiande. Periodiseringa vil ikkje alltid stemme, og jamt ser ein motsetningar mellom sektorpolitikk og makropolitikk og mellom sektorpolitikkane innbyrdes. Ein kan og undre seg om politikken har hatt så mye å seie som analysemodellane forutset og politikarane synest å tru. Noen vil hevde at utviklinga ikkje hadde vorte så forskjellig med andre politikarar ved roret og andre styrande prinsipp. Denne rapporten kan ikkje gje svaret på eit så omfattande teoretisk spørsmål. Men vårt felles utgangspunkt har vore at politikk verkar, men ikkje alltid slik politikarane har tenkt eller sagt. Intensjonar og retorikk er ein ting, utilsikta og indirekte konsekvensar er noe heilt anna. Kritiske avsløringar av slike motseiingar og inkonsekvensar mellom tanke og handling, mellom ord og dåd, har vore og er framleis ein sentral del av det samfunnsvitskaplege handverket.

Vil du vite mer?

Ta kontakt med oss så hjelper vi deg, enten det er å komme i direkte kontakt med ansatte eller finne annen relevant informasjon.

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.