Illustrasjonsbilde Foto: Colourbox
Illustrasjonsbilde Foto: Colourbox

Den stille småskuleraseringa

1500 småskular er nedlagde dei siste 30 åra. Det skjer trass i at Stortinget gjentekne gongar har bede om tiltak for å stogge nedlegginga.

Innlegget er skreve av Gunnar Wiederstrøm (tekst og foto), Bergen og Ole Magnus Rapp (foto), Alta. Dette er eit utdrag frå Klassekampen den 13.03.2018 og Reidar Almås sine kommentarar.

Meir enn eit skulebygg

Professor emeritus og seniorforskar Reidar Almås ved Ruralis, Institutt for rural- og  regionalforsking seier grendeskulane er så mykje meir enn eit bygg for undervisning.

– Grendeskulane er fleirbrukshus som er i bruk heile dagen. På dagtid som skule og
barnehage, om ettermiddagen og kveldstid til treningsgrupper, øvingslokale for musikkorps og musikklag, grendakafe og andre sosiale aktivitetar. Skulen vert eit nav i lokalsamfunnet som har stordriftsfordelar sidan bygget femnar om så mange aktivitetar.

Vert skulen lagd ned, forsvinn stordriftsfordelane. Dei aktivitetane som er att i skulebygget, står også i fare. Då er det vaktmeister, husleige og vedlikehald som skal fordelast på aktivitetar som ikkje har inntekter til å bere dei. Det neste som skjer, er at tilflyttinga stansar opp.

– Ein ung familie som skal stifte bu, vil ha butikk og skule i nærleiken. Manglar
lokalsamfunnet det, vel unge å etablere seg andre stader. Først fører sentraliseringa til
skulenedlegging, og så fører nedlegging av skular til ytterlegare sentralisering, seier
han.

Almås etterlyser støtteordningar som kan hindre nedlegginga. – For dei små lokalbutikkane finst Merkur-programmet, ei rimeleg støtteordning som
har redda mange butikkar. Ei liknande ordning kunne vore etablert for grendeskulane, seier han.

Les heile artikkelen ved å laste ned PDF under.