Kyr på beite
Det vil gi bonden høge kostnader og låge inntekter i to-tre år framover. Dette er så lang tid det tar å ala opp ei mjølkeku Foto: Odd Roger K. Langørgen

Lever me i ei boble?

Kommentar: Tanken på at det ein dag ikkje skulle finast mat i butikken er mest absurd. Det er ikkje sikkert all verdas pengar er nok til å kjøpa fòr og mat frå dei som måtte ha.

Har me levd i ei boble? Altså ei mat-boble? Min generasjon, og generasjonen før meg, ja trulig også generasjonen før det, har no vorte så vande med at ein til ei kvar tid får kjøpt mat i butikken at ein tek det som sjølvsagt. Tanken på at det ein dag ikkje skulle finnast mat i butikken er mest absurd.

Ingen sjølvsagt ting

Det er annleis med bøndene. Dei kjenner på kroppen kvar dag at maten som blir produsert ikkje er ein sjølvsagt ting – dei ser at den blir pressa fram frå naturen berre med slit, og aller mest på nåde frå naturen sjølv. Det siste har vorte veldig klart dei to siste åra i heile landet. I fjor mista mange bønder mykje av avlingane sine fordi det var for blaut. Det regna så mykje at ein ikkje kom utpå kjelvene og fekk hausta. Dette året er det motsett, det er for tørt, og graset vil ikkje gro, det vert svidd.

Det har oppstått eit todelt fòrproblem: det er ikkje nok mat i beita no til at dyra kan bli mette, og det er for lite avling i åkrane der ein skulle hausta fòr for vinteren.

Todelt logikk

Bøndene har likevel blitt oppfordra til ikkje å slakta ned bølingane sine. Dette har også ein todelt logikk.

På den eine sida vil det gi bonden høge kostnader og låge inntekter i to-tre år framover. Dette er så lang tid det tar å ala opp ei mjølkeku. Det er snakk om ein sakte biologisk prosess. Kua har ei gong vore kalv, som ein veit. Slikt får konsekvensar også for marknaden og for samfunnet. Slaktar alle bøndene no, får ein overproduksjon av kjøtt i sommar og til hausten, og sjølv om det trulig vil bli billeg, så finst det grenser for kor mykje kjøtt eit menneske kan eta. Til våren att vil det så bli underskot på både mjølkeprodukt og kjøt.

Heile årsinntekta

Skal produksjonen haldast oppe, og masseslakt unngåast, må husdyrbøndene kjøpa inn ekstra fór langvegs frå. Chr Anton Smedshaug frå utreiingskontoret Agrianalyse har sagt at bønder kan koma til å måtta bruka 10 000 kr ekstra i fòrkostnader per mjølkeku. I praksis vil det bety at heile årsinntekta må brukast til kjøp av fòr. Reidar Almås frå Ruralis har peika på at erstatningsordningane ikkje er gode nok for det som no skjer.

Landbruksminister Dale har sagt at det ikkje er nokon fare for den norske matforsyninga. Ein gammal bonde på nabogarden der eg er frå (så gammal at han godt hugsar krigen og den førre store tørkesommaren i 1947) sa at «me overlever vel dette året også». Det gjer me nok. Det vert tøft for mange bønder, neppe for forbrukarane i bygd og by. Men kanskje bør dette ta oss ut av mat-bobla vår?

Bærekraft

Berre tre prosent av Noreg er dyrkbar mark. Den norske sjølvforsyningsgraden rekna i kaloriar ligg og svevar mellom 40 og 50 prosent frå år til år, og litt etter korleis ein reknar. I år endar den nok nede på 30-talet. Det er ikkje mykje. Det finst sjølvsagt grenser for kor sjølvforsynte ein kan verta i Noreg dersom ein skal bruka det lokale ressursgrunnlaget vårt. Likevel kan ein jobba for å halda sjølvforsyningsraden så høg som råd. Det handlar om samfunnstryggleik og bærekraft.

Jordbruket utgjer berre 2,4 prosent av det norske BNP, og knapt ein prosent av eksportinntektene våre på 840 milliardar kroner. Det er ein måte å måla verdi på. Men som kjent er det ikkje alt som kan målast i pengeverdi. Verdien av det norske jordbruket – den dyrka jorda og beitene – er ein slik ting. Forvalta rett er dette mest som oljefondet – eit pensjonsfond av mat og bioressursar som me skal leva av i framtida.

Nokon vil kanskje seie at det er ikkje så farleg – me kan jo importera mat. Det er mykje billigare.

Heile Nord-Europa ramma

Slikt kunne ein nok seie før. I dag trur eg at mange har fått augo opp for at det ikkje er slik: USA og Europa og Kina er i handelskrig. Handelsavtalar som WTO og TTIP er ikkje populære, og frihandelens mekka, EU, knakar i saumane. For ti år sidan var det matvarekrise i store delar av verda, det førte til både svolt og revolusjonar i den arabiske verda. Mange land innførte restriksjonar på eksport av mat. I 2018 er heile Nord-Europa ramma av tørke. Det er ikkje sikkert all verdas pengar er nok til å kjøpa fòr og mat frå dei som måtte ha. Nokre ting kan ikkje målast i pengar.

Det er ikkje sikkert all verdas pengar er nok til å kjøpa fòr og mat frå dei som måtte ha

Tørken som denne sommaren har ramma Rogaland og Sør-Noreg, vil først og fremst ramma økonomien til den enkelte bonden.

Det første som trengst vil difor vera direkte økonomisk hjelp til dei som vert ramma. Men i forlenginga av dette trengst ei oppvakning for sårbarheita i matproduksjon generelt. Både bønder og storsamfunn må i lag gjera matproduksjonen meir robust.