samtale734
Odelsretten har vore omstridd gjennom den norske historia, og har hatt både bondevenner og uvenner. Foto: Ruralis

Odelsrettens tid er forbi

Kva er det som gjer at odelsretten – ein rett der blodsband, jord og makt var grunnprinsipp i ein samfunnsorden som for lengst er kvorven bort – framleis er viktig?

Ein barbarisk rett. Ein pilar i Grunnlova. Småbondens venn, den største ulukka for det norske landbruket. Odelsretten har vore omstridd gjennom den norske historia, og har hatt både bondevenner og uvenner. Det er som om odelsretten kastar oss tilbake til gamle tider. Kva rolle spelar eigarskap til jorda i det postindustrielle demokratiet?

På 1700-, 1800- og mykje av 1900-talet vart odelsretten stadig debattert. Rolegare vart det etter debatten i 1974 som førte til at jenter og gutar vart likestilte i odelsrekkefølgja. Sidan 2000 har debatten om odelsretten blussa opp att. Lars Sponheim, dåverande landbruksminister, sette i 2003 ned eit offentleg utval som skulle greia ut konsekvensane av å fjerna odelsretten. Sjølv var Sponheim for ei oppheving, men utvalet var delt i saka. Odelsretten bestod.[1] Sidan 2013 har landbruksministeren vore frå eit parti som har programfesta oppheving av odelsretten, og i 2016 kom det opp to forslag til Stortinget om oppheving av odelsretten. Forslaga vart debatterte på nytt våren 2018. Båe gongene fall forslaga, og framleis står odelsretten og det som vart skrive inn i Grunnlova i 1814, at «odels- og åsetesretten må ikke oppheves».[2]

I HISTORISK LYS

Den moderne bondevennen Per Olav Lundteigen (Sp) let aldri eit høve gå frå seg til å påpeika at jordbruk er bruk av jord. Dette nemnde han også i dei siste stortingsdebattane om opphevinga av odelsretten i 2016 og 2018.[3] Lundteigen har sjølvsagt rett: Jordeigedommen er det fundamentale grunnlaget for alt jordbruk – jorda er sjølve den sivilisatoriske ur-ressursen, og difor har eigarskap til og forvaltning av jorda stått sentralt i den politiske tenkinga i alle fall tilbake til antikken.

Filosofen Hanna Arendt skriv at ein mann i dei greske bystatane kunne vera ein fri mann berre om han åtte ein eigedom som han kunne kalla heimen sin, og med denne ankra makta si over andre.[4] For både Platon og Aristoteles var fordeling av jordeigedommen viktige tema, og for romarane som kom etter grekarane, vart jordreformer ofte ståande i sentrum av politikken. Romarane byrja operera med ein juridisk skilnad mellom dominum (privat eigedom) og imperium (det offentlege), noko som var avgjerande for at den romerske republikken i røynda vart styrt av eit agrararistokrati med store private jordeigedommar.[5] Også i det tidlege norrøne samfunnet vart det eigedom til jord som gjorde menn frie og gav dei rett til å delta på tinget. Det var i denne konteksten at odelsretten oppstod som ein slektsrett til jordeigedom.[6]

Gjennom mellomalderen fekk jordeigedom ei endå større rolle i store delar av Europa, då han vart den einaste stabile maktfaktoren i dei kaotiske åra etter at Romarriket fall. Såleis var det også ved inngangen til den moderne tida frå 1700-talet og framover. I dei fleste av dei tidlege nasjonale demokratia vart jordeigedom ein viktig føresetnad for å kunna røysta, også i Noreg i 1814. Like før hadde filosofen Rousseau understreka kor viktig det var med ei jamn fordeling av jordeigedom; han meinte at dette var sjølve grunnlaget for ein rettferdig og demokratisk stat.[7]

Går ein til det som på den tida var den dansk-norske heilstaten, finn ein politisk teoretiske betraktningar kring eigedomsretten alt tidleg på 1700-talet, til dømes hjå den mangslungne historikaren og forfattaren Ludvig Holberg. Dette var klart inspirert av naturrettsleg tenking der eigedomsretten vart sett på som ein universell rett forankra i naturen.[8]

Eigedomsretten, og særleg eigedom til jord, fekk òg ein viktig plass i teori og filosofi om sjølve staten. Denne teorien vart ofte forankra historisk, og på denne måten byrja ein å skriva om odelsretten i dei nordiske landa. Den danske filosofen og landbruksreformatoren Tyge Rothe (1731–1795) var ein av dei første som skreiv akademisk om odelsretten. Han meinte at retten var med på å danna grunnlaget for at dei nordiske landa i tidleg mellomalder var frie og lukkelege statar. Grunnen til dette, meinte Rothe, var at odelsretten hadde sikra brorparten av bøndene retten til jorda og slik gjort dei myndige.[9] Holberg hadde forresten også ein liknande merknad til odelsretten; han meinte retten gjorde den norske bonden til ein adelsmann i miniatyr. Dette var positivt meint; ein adelsmann var ein fri mann, ein mann med råderett over eigen eigedom.[10]

Slike tankar vart vidareførte og vidareutvikla av 1814-generasjonen, og det høyrer inn under det som har vorte heitande klassisk republikanisme. Dette var tankestraumar som oppstod i ein anglosaksisk kultursfære på 1600- og 1700-talet, og med røter attende til renessanse-bystatane i Italia. I verdsbiletet til republikanismen fanst eit verdsbilete og eit ideal der frie ansvarlege borgarar utgjorde republikken. Fridom og ansvar fekk borgarane mellom anna ved eigedom til jord.[11]

Gjennom odelsretten var desse tankane kledde i norsk bunad.

ODELSRETTEN VAR LIKEVEL KONTROVERSIELL

Odelsretten var i ferd med å verta viska ut berre få år før Grunnlova kom på plass. I 1811 var det sendt ut ei forordning som drastisk reduserte verkeområdet for odelsretten. Men Napoleonskrigane gav på underleg vis høve til omkamp – og det viste seg at det var sterke krefter i Noreg som ville behalda og styrka odelsretten. Dermed vart odelsretten, med eit pennestrøk, planta solid i den nye norske staten ved grunnlovsvernet i dåverande § 107, noverande § 117.

Dei som forsvarte dette, meinte at odelsretten var ein «grundvold for norges constitution», ja beint ut «det sikkreste vern for norges frihed». Store ord; dei er skrivne ned av mannen som ofte verta kalla far til Grunnlova – Christian Magnus Falsen. Året etter at Grunnlova vart gjeven på Eidsvoll, gav Falsen ut eit verk som i sin heilskap er vigd odelsretten, og rolla han meiner den har for eit fritt og sjølvstendig Noreg. Falsen skreiv:

Saa lenge jordgodserne er smaa, fordelede mellem flere, see vi overalt at sæderne agtes, lovene overholdes, kort sagt, at staterne ere, om ikke mæktige, saa dog lykkelige.[12]

Denne utsegna og andre liknande må sjåast på bakgrunn av det agrarsamfunnet utsegna vart skriven i. I det norske samfunnet av 1814 kunne ein framleis kjenna att vikingane sitt agrarsamfunn, som odelsretten oppstod i. Blodsband, jord og makt var framleis sameinte for eidsvollsmennene.

Det budde 800 000 menneske i Noreg på denne tida – berre 10 prosent av dei budde i byar og tettstader. Brorparten av folkesetnaden var knytt til jordbruket, og mange i jordbruket var sjølveigarar. I enkelte område av landet var så mykje som 80 prosent av bøndene sjølveigarar, og på landsbasis var sjølveigargraden i snitt 57 prosent.[13] Industri, handel og byyrke var ekstremt marginale. Det er difor ikkje rart at Falsen og andre eidsvollsmenn såg føre seg det nye og framtidige Noreg som eit agrarsamfunn – ja, som ein agrarrepublikk av sjølveigande bønder (vel, eigentleg eit agrarkonstitusjonelt monarki).

Det agrare Noreg sette rammer for førestillingsverda til eidsvollsmennene. Samstundes gjorde den særeigne norske eigedomsstrukturen med relativt mange sjølveigande odelsbønder til at ideen om eit egalitært småbrukardemokrati hadde ei viss rot i røynda. Odelsretten kunne med ein viss rett seiast å vera ein demokratisk rett, fordi han gjorde at mange bønder kunne få innpass i demokratiet, samstundes som han hindra at eigedommen deira vart seld til rike borgarar eller adelege. Han gav høve for eit breiare folkedemokrati (sjølvsagt framleis smalt etter moderne målestokk). Den norske eigedomsstrukturen kunne verka som legitimerande for odelsretten, og retten vart boren fram av jordeigarklassen saman med embetsmennene.

Den norske sjølveigarklassen var veksande utover på 1800-talet, sjølv om også talet på leiglendingar og husmenn voks.[14] Odelsretten sin posisjon vart reflektert i denne eigedomsstrukturen som gav dei sjølveigande bøndene plass og røysterett i Stortinget. Likevel var det kontinuerleg debatt om odelsretten.

Debattane om odelsretten toppa seg under det som J.A. Seip har kalla «den klassiske liberalisme» i 1850-åra, med menn som Anton Martin Schweigaard (1808–1870) i front mot odelsretten. Retorikken mot odelsretten då hadde element i seg frå den rasjonalistiske kritikken av odelsretten frå tiåra før Grunnlova, men var ikkje minst økonomisk liberalistisk. Kreftene som ville odelsretten til livs, var likevel ikkje sterke nok, og som Brynjulv Gjerdåker har skrive, kom «bøndene og berga odelsretten».[15]

På 1930-talet vart odelsretten demokratisert og allmenngjord. Jordlova som kom i 1928, gjorde det mogleg for rydningsfolk og småbrukarar å sikra seg jord utan fare for at ein eigar seinare kunne ta jorda tilbake på odel. I 1936 vart denne retten endå betre festa for bureisarar, samstundes fekk også bureisarane rett til å opparbeida odel.[16] Odelsretten var i denne perioden del av den nye sosialdemokratiske orden som gradvis festa seg. Det vart fred om odelsretten, og han kunne, som i 1814, på nytt inkorporerast i den rådande ideologien, denne gongen dei utjamnande og egalitære grunnhaldningane til sosialdemokratiet.

Det var ikkje sjølvsagt at odelsretten vart ståande i ein liberal venstretradisjon. At det vart slik, kan, i ein forstand, koplast opp til kriseforliket mellom Arbeidarpartiet og Bondepartiet i 1935. Frå 1814 stod odelsretten, som alt nemnt, i ein republikansk tradisjon. Og sjølv om den republikanske tradisjonen refererte til odelsretten som ein nasjonal skatt, ei kjelde til den norske folkefridommen, var han ikkje nasjonalistisk i etnisk forstand – den som ser slekta og blodet bunden til jorda, eller «Blut und Boden» som ein snakkar om på tysk. Tidleg på 1900-talet endrar denne tenkinga seg i landbruket. Landmandsforbundet – forløparen til Bondepartiet (i dag Senterpartiet) og Norges Bondelag – leia av dei såkalla «muldens mænd» – spreidde tankar om at odelsbonden vart knytt til jorda, folket og nasjonen på eit mest mytisk religiøst vis. Bonden kom av den norske jorda, dyrka henne, kultiverte både jorda, menneska og nasjonen. Odelsretten var bandet som batt bonden gjennom slekt og jord til nasjon og gard.[17] «Muldens mænd» deklamerte:

Du er runden av odel,

som fribaaren mand,

du er husbonden her,

du har rot i vaart land[18]

Slik vart odelsretten ideologisk dregen frå ein republikansk til ein etnisk nasjonalisme, med klare parallellar til den tyske Volkish-tradisjonen, og til nazismen, der ideane om blod og jord og bøndene som berarar av nordisk rase fekk blomstra.[19] Odelsrett og rase var likevel ikkje kopla saman slik i Noreg på noko breitt grunnlag, i staden vart altså bøndene og odelsretten tekne inn i den sosialdemokratiske orden i tida kring kriseforliket i 1935.

DAGENS DEBATT

I dag står odelsretten framleis sterkt innanfor ei sosialdemokratisk ramme, men i debatten som går, vert sjølve grunnlaget for retten problematisert og kritisert. Både i litteraturen og i den pågåande debatten vert det påpeika at odelsretten ikkje er ein eigedomsrett, men ein slektsrett. Juridisk sett gjev odelsretten eldste barnet av ein gardbrukar ein forkjøpsrett til gardsbruket (med ein løysingsfrist på 6 månader) dersom bruket er over ein minste størrelse (35 daa), og dersom eigaren har hatt full eigedomsrett til bruket i 20 år. Etter endring av lova i 2013 er det berre direkte etterkommarar av eigar som har odel.[20]

Ut frå eit juridisk perspektiv er slekta sentral, men frå eit sosiologisk perspektiv gjev det meining å sjå odelsretten også som ein eigedomsrett. Det me kallar moderne eigedomsrett, er i botnen ein sosial relasjon som er politisk sanksjonert. Ein eigedomsrett regulerer forholdet mellom ting/ressursar og menneske. Skjematisk: A eig B og ekskluderer dermed C frå B. Odelsretten gjev ei slekt rettar til ein jordeigedom, og ekskluderer dermed andre frå denne. I så måte (ved å gjelda slekt) er odelsretten ei form for kollektiv eigedom, men like fullt ein eigedomsrett. Somme har spekulert i om ein i det heile hadde omgrep om individuell privat eigedom til jord i det norrøne samfunnet som odelsretten oppstod i.[21] Odelsretten kan difor sjåast som ei form for kollektiv, før-kapitalistisk eigedomsrett.

Dette samsvarer med tradisjonelle teoriar om jordeigedommen si utvikling. Både dei skotske opplysningsfilosofane som Adam Smith, og seinare kontinentale tenkjarar som Karl Marx, opererte med forskjellige typar eigedom (kollektiv, privat, individuell) som utvikla seg gjennom historiske epokar. Mest kjent er vel Marx sitt skilje mellom føydal eigedom og kapitalistisk, privat eigedom.[22]

Medan den føydale eigedomsretten ofte gjekk i arv via privilegium, samstundes som at fleire kunne ha bruksrettar og eigardelar i den same eigedommen, så er kapitalismens eigedom ein eksklusiv individuell rett, slik Marx såg det. Odelsretten har element i seg av begge: han ber før-kapitalistiske trekk ved å vera basert på slekt, men er moderne ved at han også gjev personen med odel eksklusive individuelle bruksrettar til ein jordeigedom.

Dette kløyvde idégrunnlaget for retten kjem fram også i dagens debatt. Per Olav Lundteigen (Sp) sa i stortingsdebatten i mai 2016 at «odelsretten var og er en gjenkjøpsrett som gir etterkommerne etter en odelsbonde rett til å kjøpe landbrukseiendommen fra fremmede etter nærmere regler». Høgre-representanten Erik Skutle meinte at odelsretten er eit urettferdig privilegium, og at «en særlig gruppe privilegerte personer som skal ha spesielle fortrinn i disse spørsmålene, strider mot de frihetsidealene som Grunnloven ellers representerer». Han peika vidare på dette: «Det er ikke noe likhetstegn mellom eiendomsrett og odelsrett. Eiendomsrett betyr at man har rett til å disponere sin egen eiendom noenlunde fritt, så dette står jo i motstrid til eiendomsretten.» Og Tom Holthe frå FrP understreka i den same debatten: «Odelsretten er en slektsrett, ingen eiendomsrett. Den bidrar således til å framheve betydningen av slekt, på bekostning av personlig frihet.»[23] Lundteigen på si side kritiserte opposisjonen for å vera inkonsekvent under debatten i 2011 (som er til forveksling lik den same debatten i 2016 og 2018 – og dessutan den i 1814). Lundteigen sa: «Representanten Tetzschner [snakker] om ‘privilegier’ i forbindelse med odelsloven, mens representanten Gundersen snakker om ‘inngrep’ i eiendomsretten. Det er jo et betydelig misforhold her. En må bestemme seg for om det er privilegier eller inngrep.»[24]

Eit viktig element som trer fram i dette, er ein normativ debatt om kven som bør eiga jorda, kven som har rett til å kjøpa og selja henne, og korleis det skal organiserast. I debatten i 2016 og 2018 hadde Ap, Sp og SV sine representantar alle lange innlegg som sette odelsretten i eit historisk lys – kopla opp mot demokrati og ein egalitær jordeigestruktur. Odelsrettsdebattane i dag ser ofte ut til å verta ein diskusjon om kven som skal eiga jorda. Og det blir sett på som eit viktig spørsmål.

KVEN SKAL EIGA JORDA?[25]

I 1909 skreiv Arne Garborg, som mellom anna var ein av grunnleggjarane av Syn og Segn, at «Jord kan ikkje vera handelsvare. Jordi er som vatn, som luft, eit livsvilkår, alle hev rett til jord, som hev rett til liv».[26] Dette var inspirert av Henry George – ein vidgjeten tenkjar på slutten av 1800-talet – som hadde formulert tankar om korleis grunnrenta frå jorda skulle fordelast likt utover samfunnet via skattlegging. Garborg legg her stor vekt på at retten til jord må fordelast breitt, ikkje ulikt det forsvararane av odelsretten har gjort historisk og gjer i dag. Komitéleiar Lundteigen sa i mai 2016 at «Det som særpreger det norske landbrukssamfunnet, er sjølstendige, sjøleiende, frie bønder […]. Gjennom en spredning av eiendomsretten til landarealene til de mange får vi en spredning av makt, noe som kjennetegner den norske samfunnsmodellen».[27]

Lundteigen meiner at spreidd jord fører til spreidd makt. Det er som å høyra eit ekko frå Falsen 200 år tidlegare. Men den norske jordbruksstrukturen har naturleg nok endra seg mykje på dei 200 åra det er mellom Lundteigen og Falsen.

Populærhistorisk heiter det seg at den norske bonden har vore fri sidan tidenes morgon; ein rakrygga sjølveigar som ikkje har late seg kua av aristokratar og kongar. I staden for aristokrati hadde me i Noreg eit bondedemokrati. Sjølvsagt er dette ei sanning med modifikasjonar, men utsegna har rot i røynda. Frå midten av 1700-talet av og fram til 1814 auka talet på sjølveigarar jamt i Noreg til mest 60 prosent i 1814. I 1835 var sjølveigargraden på 70 prosent, medan han hadde stige til 85 prosent i 1865. På byrjinga av 1900-talet var berre 2 prosent av alle registrerte brukarar leiglendingar.[28]

Dette var i stor kontrast til mange andre stader i Europa, der størstedelen av jorda var eigd av nokre fåe store jordeigarar, og der dei som faktisk dreiv jorda, var ufrie leiglendingar, festebønder som i Danmark eller liveigne bønder i Russland. Christian Magnus Falsen hadde peika på dette alt i 1814, og sjølv om han nok overdreiv, så var han inne på noko når han skreiv:

Europas nationer under hierarkiets og lensaristokratiets svøbe sukkende beslæbede deres lænker og tabte alt nationalverd, medens de, som dyret, gjordes til bestanddele af den jord, de med deres sved … måtte gjøde, med hvilken de følgtes og kjøbtes som løsøre, see vi nordens sønner så godt som ene i besiddelse af menneskeretter og borgerlig frihed.[29]

Mot slutten av 1800-talet og på 1900-talet vart bøndene også i andre land gradvis frie sjølveigarar, men ein treng ikkje sjå lenger enn til Skottland for å finna ein struktur der dei fleste bøndene framleis ikkje eig jorda dei driv.[30] Ulikt andre vestlege land utvikla også Noreg ein utprega småbruksstruktur på første del av 1900-talet – i den grad at auken i småbruk truleg var like høg som auken i industriell sysselsetting.[31]

Samstundes med denne utviklinga auka talet på bruk i Noreg generelt jamt fram mot 1950. Og sjølv om talet på menneske som var sysselsette i jordbruket, gjekk ned, var det likevel ikkje før i slutten av 1940-åra at talet på sysselsette i industrien passerte jordbruk og skogbruk. Då stod jordbruk og skogbruk for 20 prosent av sysselsettinga.[32]

Etter 1950 byrja dette å endra seg drastisk. Sjølveigarprosenten heldt seg høg, men auken i bruk toppa seg omkring 1950 med 200 000 bruk, og har gått ned med rasande fart fram til i dag då me har 40 000 bruk att. Dei seinare 20 åra har me også sett at mange bønder leiger – ikkje eig – store delar av areala som dei driv. Den strukturelle eigedomssituasjonen har altså endra seg radikalt: frå eit agrarsamfunn der talet på gardar og prosenten av sjølveigarar voks utover på 1800- og første del av 1900-talet, til eit post-industrielt samfunn med stor nedgang i gardsbruk, som vert større og større, og som ofte leiger store delar av jorda dei driv. Berre 2 prosent av arbeidsstyrken er i dag sysselsett i jordbruket.

Likevel blussar debattar opp om kven som har rett til å eiga jorda, og korleis ho skal fordelast. Kanskje er det som Nils Rune Langeland skriv:

Den private eigedomsretten som er grunnsteinen i det liberale demokratiet er også ei form for arkaisk makt … du kan overføre makt gjennom blodsbanda i familien. Eig du, så eig du. Du kan sikre eit liv på solsida for generasjonar etter deg. Det kan ingen folkevald eller byråkrat.[33]

JORDA – RESSURS FOR HEILE SAMFUNNET

Fast eigedom er essensielt for makt, overleving og velstand. Det er i grunnen dette også Thomas Piketty viste: Fast eigedom vil framleis vera den viktigaste kjelda til makt og rikdom i det tjueførste hundreåret.[34] Nettopp av denne grunnen blir odelsretten og diskusjonen om kven som skal eiga jorda, så prekær.

I Noreg har me ein lang tradisjon for å tenka fordeling av eigedom ved å dra ut skatt frå grunnrente. Slike tankar finn ein att i heimfallsrettane og konsesjonslovene til fossefall på byrjinga av 1900-talet, og frå forvaltninga av olja frå 1969 av.[35] Jordeigedom har fram til no vore underlagd eit anna regime der mellom anna odelsretten har skulla trygga eigedommen lokalt og nasjonalt. Kanskje er det fordi odelsretten blir kopla til slik tenking – der jorda blir sett på som ein grunnleggjande ressurs for heile samfunnet – at odelsretten framleis er mykje debattert, trass i at svært få har ein relasjon til jorda.

Eller er det på den andre sida nett fordi Noreg som agrarsamfunn har svunne bort dei siste femti åra – fordi at jordeigedom har mista den sentrale rolla han ein gong hadde – at odelsretten no blir sett under debatt?

Kan ein våga ein påstand om at det var nett dei ekspanderande, egalitære eigedomsforholda i Noreg fram mot 1800 som la grunnen for at odelsretten vart institusjonalisert i Grunnlova, og at dei endra eigedomsforholda sidan 1950 no bur grunnen for at retten i framtida kan verta avvikla? Teknologiske og økonomiske endringar har pressa fram ein eigedomsstruktur i det norske landbruket og det norske samfunnet som byrjar å bli ganske annleis enn det idealet odelsretten føreset.

Spørsmålet er ope om korleis dei norske jordressursane i framtida best kan forvaltast, om dei skal vera, som Garborg sa «som vatn, som luft, eit livsvilkår […] som alle hev rett til». Om odelsretten har trygga dette før, så er det ikkje sikkert at han tryggar dette i ein ny kontekst, under nye sosiale og økonomiske forhold. Som Lundteigen har sagt det: «Odelslovens største trussel er at den blir en rettighetslov uten forvalterplikter. Da kan den bli en eksklusiv særrett til å eie, i motsetning til dem som skal bruke arealene.»

Skrive av Eirik Magnus Fuglestad og publisert i Syn og Segn frå utgåve 3-18

Eirik Magnus Fuglestad (f. 1989) har ein doktorgrad i historisk sosiologi frå University of Edinburgh. Han jobbar no som ruralsosiolog ved Ruralis – Institutt for rural- og regionalforsking. Fuglestad har gjeve ut boka Private Property and the Origins of Nationalism in the United States and Norway (Palgrave Macmillan, 2018). Fuglestad har odel til eit gardsbruk i Bjerkreim kommune i Rogaland.

Referanser:

*

[1] NOU 2003:26, «Om odels- og åsetesretten», Landbruksdepartementet (2003).

[2] Noregs grunnlov grunnloven.lovdata.no/, henta 5.7.18.

[3] Per Olaf Lundteigen i Stortinget 24.5.16 www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Referater/Stortinget/2015-2016/160524/1/, henta 5.7.18.

[4] Parafrasert etter Reeve, Andrew, Property, Macmillan, London (1986), s. 81.

[5] Wood, Ellen Meiksins, Liberty and Property: A Social History of Western Political Thought from the Renaissance to Enlightenment, Verso (2012), s. 6–7.

[6] Mange har skrive om det rettslege opphavet til odelsretten, sjå mellom anna: Skeie, Jon, Odelsretten og åsetesretten, Gyldendal Norsk Forlag, Oslo (1950), og Gjerdåker, Brynjulv, Til odel og eige, NILF, Oslo (2001).

[7] Boucher, David, «Rousseau», i Boucher, David, and Paul Kelly, Political thinkers, Oxford University Press, Oxford, (2003). Sjå spesielt Rousseaus utkast til grunnlov for Corsica (1765): https://www.constitution.org/jjr/corsica.htm, henta 5.7.18.

[8] Jakobsen, Rolv Nøtvik, «Holberg etter Puffndorf, Guberus etter Darjes, Schlegel før 1814: Om autoritetar og fridom i dansk-norsk natur – og folkerett på 1700-talet», i Mestad, Frihetens forskole: Professor Schlegel og eidsvollsmennenes læretid i København, Pax forlag AS, Oslo (2013).

[9] Storsveen, Odd Arild, Norsk patriotisme før 1814, KULTs skriftserie nr. 88, Oslo (1997), s. 25–28.

[10] Hommerstad, Marthe, «Allodial rights and the Norwegian constitution. Christian Magnus Falsen and the idea of the Norwegian Farmer», in Nordic Historical Review, no. 10 pp. 83–94 (2010), s. 85.

[11] Skinner, Quinten, Republicanism: a shared European Heritage, Cambridge University Press, Cambridge (2002).

[12] Falsen, Christian Magnus, Norges Odelsret, med Hensyn paa Rigets Constitution, Bergen (1815), s. 33.

[13] Pryser, Tore, Norsk historie, 1814–1860: frå standssamfunn til klassesamfunn, Det Norske Samlaget, Oslo (1999), s. 30–36.

[14] Sevatdal, Hans (red. Per Kåre Sky og Erling Berge), Eigedomshistorie: hovudliner i norsk eigedomshistorie frå 1600-talet fram mot nåtida, Universitetsforlaget, Oslo, (2017) har god oversikt over denne utviklinga.

[15] Gjerdåker, 2001, s. 30.

[16] Almås, Reidar, Norsk landbrukshistorie 1920–2000: frå bondesamfunn til bioøkonomi, Samlaget, Oslo (2002), s. 60. Gjerdåker, 2001, s. 34.

[17] Nielsen, May-Brith Ohman, Jord og ord: En studie av forholdet mellom ideologi, politikk, strategi og mobilisering hos den tredje pol i det norske partisystemet. Bondepartiet 1915–1940, doktorgradsavhandling, Bergen (1997).

[18] Nielsen, 1997, s. 217.

[19] Gerhard, Gesine, «Breeding Pigs and People for the Third Reich: Richard Walther Darré’s Agrarian Ideology», i Franz-Josef Bruggemeier et al. (red.), How green were the Nazis?: Nature Environment and Nation in the Third Reich, Ohio University Press, Athens (2005).

[20] Odelslova https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1974-06-28-58#KAPITTEL_2 henta 5.7.2018.

[21] Myhre, Bjørn, og Ingvild Øye, Norsk landbrukshistorie. Jorda blir levevei: 4000 f.Kr.–1350 e.Kr., Samlaget, Oslo, (2002), s. 224–228.

[22] Reeve, 1987.

[23] Alle sitata ovanfor er frå stortingsdebatten 24.5.2016 https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Referater/Stortinget/2015-2016/160524/1/ henta 5.7.2018

[24] Lundteigen, Per Olaf, i stortingsdebatt 11.01.2011 https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Referater/Stortinget/2010-2011/110111/2/ henta 5.7.2018

[25] Boka Kven skal eige jorda? vart publisert i 2017 som ei samling av artiklar avisa Nationen hadde hatt året før. Havro, H., and Dybvik, A., 2017. Kven skal eige jorda? Ei bok om mat og makt. Res Publica: Oslo.

[26] Sitert etter Thue, Lars, For egen kraft: Kraftkommunene og det norske kraftregimet 1887–2003, Abstrakt forlag, Oslo (2003), s. 51.

[27] Lundteigen, Per Olaf, i Stortinget 24.5.2016 https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Referater/Stortinget/2015-2016/160524/1/ henta 5.7.2018

[28] Sevatdal, 2017, s. 64.

[29] Falsen, 1815: s. 7.

[30] Glass, J., Bryce, R., Combe, M., Hutchison, N.E., Price, M.F., Schulz, L. and Valero, D., «Research on interventions to manage land markets and limit the concentration of land ownership elsewhere in the world». Scottish Land Commission, Commissioned Report No 001, (2018).

[31] Brox, Ottar, «En særnorsk vei til velstand» i Nytt Norsk Tidsskrift, nr. 3 (2016).

[32] Almås, 2002, s. 120.

[33] Langeland, Nils Rune, Kveldseta: historiske essay, N.W. Damm og Søn, Oslo (2003), s. 21.

[34] Piketty, Thomas, Capital in the Twenty-First Century, The Belknap Press, Cambridge, Massachusetts and London, England (2014).

[35] Thue, Fredrik, For egen kraft: Kraftkommunene og det norske kraftregime 1887–2003, Abstrakt forlag, Oslo (2003).