bjerkreim-eirik

Ei framtidsretta opptrapping for jorda

Når Stortinget den 18. april skal drøfte planen for inntektsopptrapping og auka sjølvforsyning i jordbruket, bør tiltaka vere retta mot ei betre måloppnåing i jordbrukspolitikken.

Denne teksten gir uttrykk for skribentens personlige holdninger og ble publisert i spalten Faglig snakka i Nationen den 14.04.2024.

Dersom politikken ikkje klarar å legga grunn for eit landbruk som betre fyller opp måla om landbruk over heile landet, matsikkerheit og beredskap, auka verdiskaping og berekraftig landbruk, vil ein slik plan ha liten verdi. I verste fall vil den kunna føra til at jordbruket blir mindre berekraftig både i eit sosialt, økonomisk og økologisk perspektiv.

I den nyleg publiserte rapporten «Opptrapping i jordbruket – Ei ny retning for å betre svara opp dei landbrukspolitiske måla», viser me korleis inntektsopptrappinga kan nyttast til å gjere at utviklinga i jordbruket går i ei retning som samsvarar sterkare med dei landbrukspolitiske måla til Stortinget.

Jordbruket har ei utvikling med færre og større gardsbruk, fallande norsk andel i fôret, auka import av kraftfôrråvarer og tilhøyrande mindre beiting og nedlegging av marginale arealressursar. Ei slik utvikling står i strid med dei vedtekne landbrukspolitiske måla, og dersom me berre puttar meir pengar inn i dagens pris- og tilskotssystem, utan å gjere endringar, så vil truleg denne utviklinga halde fram.

Me har sett ei slik utvikling lenge, heilt sidan førre opptrapping for landbruket i 1975. Truleg er erfaringane frå 1975, med akselererande nedlegging av bruk og overproduksjon, i røynda langt meir trugande no. Mykje har nemleg endra seg sia då.

Med etableringa av WTO i 1995, fekk me tollbasert importvern og reglar for bruk av internstønad. Vidare kom EØS-avtala i 1994, og etter kvart eit mylder av frihandelsavtaler. Desse avtalane gjer at jordbruket og matindustrien er konkurranseutsett i eigen heimemarknad, der både norske prisar og avsetning av råvarene er under vedvarande press frå importerte varer. Dette betyr at det politiske handlingsrommet for å trappe opp inntektene, er mindre enn i 1975.

Ei inntektsopptrapping i jordbruket i dag bør gjere tilskota meir retta mot dei landbrukspolitiske måla. Då må fleire av midla rettast mot å halda i hevd den viktigaste ressursen i jordbruket – jordressursen. Riksrevisjonen påpeikte dette i fjor, og Jordlova har også ei klar formaning om å halda jorda i hevd.

Dersom politikken skal oppmode til å halda jorda i hevd bør den vektlegge det me kan kalla sjølvforsyningsevna, heller enn sjølvforsyningsgraden. Sjølvforsyningsgrad fortel i grunn berre kor høg andel av kaloriane folk og fe i Noreg et som er produsert i Noreg, medan sjølvforsyningsevne vektlegg den grunnleggjande produksjonsressursen – jorda. Viss politikken klarer å legge grunnlag for at norsk jordbruk brukar og forvaltar meir norsk jord på ein god måte, så er det dette som i realiteten gir høg matsikkerheit og beredskap. Då vil me no og i framtida ha fruktbar jord tilgjengeleg, der me kan dyrka mat til menneske og dyr ved eventuelle krisar.

I tilskotssystemet vil ei slik prioritering tilseie færre produksjonsdrivande tilskot, der utbetalinga aukar med produsert mengde – slik som når bøndene får betalt per kg levert vare, eller for talet på dyr. I staden bør politikken fremje meir tilskot retta mot sjølve arealet og korleis det vert drifta, inkludert fellesgodeleveransar frå jordbruket, som biologisk mangfald, økosystemtenester og kulturlandskap, ofte omtala som det multifunksjonelle landbruket.

Ei dreiing av tilskota er naudsynt også fordi det jordbruket er vorte bygga på ei aukande økologisk kløft. Kløfta består i at gardsbruka i større og større grad har fjerna seg frå sjølve produksjonsgrunnlaget på dei enkelte gardane. Koplinga mellom arealressursane og produksjonsmengda på garden er svakare, spesielt i drøvtyggjarproduksjonane. Matproduksjonen er i ei dreiing frå lokalt og nasjonalt kretsløp til eit globalt kretsløp. Ei slik utvikling undergrev dei landbrukspolitiske måla sakte, men sikkert.

For å få betre samsvar mellom mål og middel i landbrukspolitikken, tilrår me i den nemnde rapporten å differensiere tilskot slik at dei i større grad kompenserer driftsvanskane bønder ulike stader opplever. Dette kan auke treffsikkerheita og speglar det enkelte gardsbrukets utfordringar. Her er aktiv bruk av elektroniske kartsystem i tilskotsutforminga framtidsretta.

Dersom politikken skal oppmode til å halda jorda i hevd bør den vektlegge det me kan kalla sjølvforsyningsevna, heller enn sjølvforsyningsgraden.

Vidare foreslår me å utforme krav og tilskot retta mot å betre gras- og kornkvaliteten, og å betre jordhelsa. Det kan òg vera lurt å kople talet på husdyr sterkare til garden sine fôrressursar for mange av tilskota i husdyrproduksjonane.

Rapporten føreslår òg tilskot som stimulerer til meir ekstensive driftssystem som lønner høg grasandel i drøvtyggarhaldet, lite bruk av kunstgjødsel, ekstensiv oppfôring (som kastratproduksjon), og utstrekt bruk av utmark/seter i råvareproduksjonen. Kort sagt bør politikken setje arealet til det enkelte gardsbruket i sentrum i tilskotsutforminga.

Det trengst òg tilskot som legg til rette for mindre bruk av kunstgjødsel i planteproduksjonen. Kanaliseringspolitikken, som stimulerer til korn- og grønt i dei beste jordbruksområda og styrer drøvtyggarhaldet til grasområda, er ein berebjelke for matsikkerheit og landbruk i heile landet.

Samstundes er det miljøutfordringar med denne arbeidsdelinga, fordi ein får underskot av husdyrgjødsel i kornområda. Det å stimulere til etablering av gris og kylling i kornområda, samt meir vekstskifte og bruk av kompostering, vil vere målretta tiltak for å bøte på miljøutfordringar kanaliseringspolitikken medfører.

Me treng ein politikk som set fokuset på korleis bøndene produserer, framfor kor mykje dei produserer. Dersom jordbrukspolitikken gjennom tilskota premierer god bruk av jordressursen på gardane, vil dette kunne legge eit betre grunnlag for ei økonomisk, økologisk og sosial berekraftig utvikling i jordbruket.