Eirik Magnus Fuglestad
Eirik Magnus Fuglestad. Foto: Fredrik Kampevoll

Eit forsvar for odelsretten

Er me i ferd med å verta ein nasjon av umyndige bønder att her på berget?

Spørsmålet er relevant i ein kontekst der rikdom og eigedom hopar seg opp på stadig færre hender. Dette undergrev sjølve det demokratiske fundamentet. Kva kan odelsretten og historia om nasjonsbygginga lære oss?

Som ein dim draum i vintermørkret svann visjonen om eit egalitært småbrukardemokrati frå 1814 bort i ei ny natt, like djup som den danske 400-års natta før var lang. Men odelsretten minner oss framleis på denne mytiske visjonen om makt og fridom, den dreg oss attende til historia og sameinar blodsband, slekt og makt.

Eigedomsretten til jord som odelen er kopla til, og til andre grunnressursar, er sentralt for eit levande demokrati. Forskinga eg presenterer i boka «Private Property and the origins of nationalism in the United States and Norway» viser dette, men også korleis eigedomsretten og demokratiet kan skli ifrå kvarandre. Dette forstod mange av Eidsvoll-mennene i 1814.

I 1815 skreiv Christian Magnus Falsen at odelsretten var ein «Grundvold for Norges Constitution», ja beint ut «det Sikkreste Vern for Norges Frihed». Grunnen til dette, meinte Falsen, var at odelsretten var med på å skapa eit breitt eigarskap til jord, og dette var heilt essensielt: «Saa lenge Jordgodserne er smaa, fordelede mellem flere, see vi overalt at Sæderne agtes, Lovene overholdes, kort sagt, at Staterne ere, om ikke mæktige, saa dog lykkelige». Nordens sønner, skreiv Falsen, var praktisk talt dei einaste som var «i Besiddelse av Menneskerætter og borgerlig Frihed».

Er fridomen vår gått tapt om me avskaffar odelsretten? Spørsmålet bør sjåast både direkte og i overført tyding. Odelsretten som ein slektsrett til jordbruksjord, slik han er omtala i grunnlova, og vidare i det generelle lovverket, ber i seg ein grunntanke om demokratisk fordeling av jordressursen, som er ei arv frå 1814. Slik slår den fast at jord er ein grunnressurs, heilt sentral for både individets og nasjonen si overleving.

Grunntanken var at jorda gav både individet og nasjonen grunnlag for uavhengig og fritt å leva å eksistera. Overført går det ei linje frå denne tradisjonen til den sosialistiske og den sosialdemokratiske tradisjonen frå 1900-talet. Desse kan på overflata synast motstridande, idet sosialismen skyr den private, arvelege eigedommen. Men i grunn er tanken lik – den handlar om å spreie makt og eigedom, om å skapa eit materielt grunnlag for sjølvbestemming, for sjølvråderett for individ og stat.

Her vil eg visa til Per Olaf Lundteigen i debatt om odelsretten i Stortinget i 2016. Han sa: «Det som særpreger det norske landbrukssamfunnet, er sjølstendige, sjøleiende, frie bønder […]. Gjennom en spredning av eiendomsretten til landarealene til de mange får vi en spredning av makt, noe som kjennetegner den norske samfunnsmodellen».

Å høyre Lundteigen seie at spreidd jord fører til spreidd makt, er som å høyra eit ekko frå Falsen 200 år tidlegare. No er det sjølvsagt openbart at Noreg ikkje lenger er eit jordbrukssamfunn, men spørsmålet er relevant både for jordbruksjorda og for andre ressursar generelt. 1814 handla på mange vis om at dei på bakken tok kontroll frå ein eineveldig konge. Dette gjorde ein ved å laga eit representativt eigedomsdemokrati der ein også knytte eigedomsretten til jord saman med forvaltning både av jorda og av demokratiet.

Dette var det muleg å gjera fordi samfunna hadde materielt fundament nok for store grupper. Det skal ikkje på nokon måte idealiserast – ulikskapen var stor – men det eksisterande demokratiet var altså fundert på ein brei klasse av sjølveigande bønder.

Etter som 1800- og 1900-talet skreid fram, fortsatte den private eigedomsretten å festa seg, medan stadig færre totalt sett hadde reell eigedom å snakka om. Samstundes utvida ein også demokratiet frå dei som hadde eigedom, til alle. Men det som vart vunne i demokratisk kontroll, vart mista i makt over faktisk eigedom.

I dag står ein der at eigedomsrettselementet som vart festa i 1814 i stor grad – spesielt på den politiske høgresida – har gjeve seg utslag i ein slags eigedomsrettsekstremisme. Det handlar meir om akkumulering av kapital enn om spreiing av makt. Høgres Erik Skutle sa følgande om odelsretten i Stortinget 2016: «Eigedomsrett betyr at man har rett til å disponere sin egen eiendom noenlunde fritt, så dette står jo i motstrid til eigedomsretten.» Han seier vidare at odelsretten «strider mot de frihetsidealene som Grunnloven ellers representerer». Dette er symptomatisk for ei utvikling der individuell eigedomsrett til både jord og andre ressursar er i ferd med å trumfa andre viktige føremål som lokal og demokratisk kontroll.

Det er ikkje noko likskapsteikn mellom individuelt eigarskap og fridom og demokrati, slik høgresida ofte hevdar. Dei nasjonale og globale aktørane som hopar opp eigedom i dag med heimel i privat eigedomsrett er ikkje så forskjellige frå dei eineveldige kongane frå tida kring 1814. Begge er dei langt borte frå folk flest, og begge unndreg dei seg demokratisk makt.

Denne kronikken ble publisert i Klassekampen 5. november 2018.

eirik.m.fuglestad@ ruralis.com