Kan 2026 bli eit godt år for norsk jordbruk?
Skrevet av
Publisert: 03 mai 2026
Oppdatert: 05 mai 2026
Fagområder
Del artikkel:
Så er vårens nest vakraste eventyr – først etter fotosyntesen – i gang. Jordbrukets krav på 4,2 milliardar kroner kom på bordet utan støy og Støre og Sandtrøen er bundne til masta av eit stortingsvedtak om jamstilling innan 2027.
Dette er et debattinnlegg, skrevet av professor emeritus Reidar Almås. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Staten har lite å gå på, men kan ikkje innfri heile kravet, sjølv om landbruksminister Nils Kristen Sandtrøen har ein prutingsmon i bakhanda. Så kva er det å forhandle om, mellom golv og tak i inntektsmålsettinga?
Matforsyning og beredskap er jordbrukets viktigaste forhandlingskort under vårens forhandlingar. Som kjent har Stortinget vedtatt eit mål om 50 prosent sjølvforsyning korrigert for import av fôrvarer innan 2030. Det er eit svært krevjande mål som forutset nye, kraftige og aktive verkemiddel. Så lenge dei krigande maktene i vår tid ikkje kjem fram til varige fredsløysingar, så vil rivaliseringa om energi, drivstoff, gjødsel og mat skjerpe seg. Prisane både her heime og i utlandet vil variere mykje, men stige på sikt. Både på kort og mellomlang sikt er beredskap, eiga matforsyning og tilgang og pris på innsatsvarer stadig viktigare argument i jordbrukspolitikken.
Etter som organisasjonane i år er samde om å bruke mest av budsjettramma til sau og ammeku, vil nok det meste av krava som gjeld desse produksjonane bli innfridd. Ap tradisjonelt har vore opptatt av intern utjamning. Krava på auka målpris på matkorn, potet, frukt og grønt vil også bli innfridd av omsynet til auka sjølvberging. Ein treng ikkje å vera spåmann for å gjette at krangelen i år kjem til å dreie seg om kor mykje kostnadene på drivstoff, gjødsel og andre innsatsfaktorar vil stige. I dei fleste år, slik også i fjor, trur bøndene at kostnadene vil stige meir enn anslaget i statens tilbod. Faktum i fjor vart at prisane også steig meir enn det bøndene kravde. Som det ikkje var nok, viste oppdaterte tal frå SSB at investeringsvoluma var større, slik at estimert inntekt for aktive jordbruksbedrifter for 2026 før avtale er minus 63.300 kroner per familieårsverk. Dette må kompenserast.
Hovudavtalen har ein paragraf som seier at partane kan krevje tilleggsforhandlingar dersom prisane stig meir enn forventa. Truleg vil denne formuleringa bli gjentatt i årets avtale etter som alt er så usikkert. Statens tilbod om kompensasjon for auka kostnader vil nok ligge godt under jordbrukets krav på 2,6 mrd. kroner. Her vil det meste prutningsmonet i årets forhandlingar ligge.
Det er ny sheriff i finansdepartementet og Jens Stoltenberg har ordet på seg for å vera ein gjerrig finansminister, særleg mot jordbruket. Her får vi tru at strategen Jonas Gahr Støre vil stille seg bak Sandtrøen så han får noen hundre millionar i bakhanda. Stoltenberg har hatt ein tendens til å henge seg opp i runde tal. 4 milliardar kroner er eit slikt rundt tal. Får jordbruket det, vil det vera ein historisk liten forskjell på 200 millionar kroner mellom krav og framforhandla avtale.
Dei første fjorten dagane i mai er dei viktigaste dagane for norsk jordbruk. Kan vi feire 17. mai med ein framforhandla jordbruksavtale?
Ja, i år er sjansen for dette større enn på lenge. Det er husfred mellom organisasjonane. Solberg er varm i trøya og kan gå til forhandlingsbordet med LO i ryggen etter at han får tale på Yongstorget 1. mai. Han og Gimming kjenner kvarandre sine raude linjer no, og dei ser ut til å ville kvarandre vel. Begge to veit at det er ingen ting å hente ved at stortingsfleirtal skal overby statens tilbod etter eit eventuelt brot.
Sandtrøen og regjeringa har alt å vinne på ein framforhandla jordbruksavtale. Dei kan stå på Stortingets talarstol og ta æra for opptrappinga og hevde at dei held sine ord til bøndene, sikrar billeg mat til folket og trygg styring i urolege tider. Det blir ein bonus til forbrukaren at utslaget på konsumprisindeksen blir svært liten. Den kjem først seinare når vi får smake konsekvensane av at dei fleste målprisar er erstatta med planlagt gjennomsnittleg engrospris (PGE), der tilbod og etterspørsel vil styre meir av kva vi må betale i butikken.
Det kan bli eit godt jordbruksoppgjer i år ettersom både den taktiske og den strategiske situasjonen for næringa er god. På kort sikt har vi mindretalsregjering, som er avhengige av fire relativt jordbruksvenlege parti i Stortinget. Sandtrøen kan gå til Stoltenberg med Støre i ryggen og argumentere for at no må Vedum lokkast tilbake i regjeringsfalden med «tuttifrutti»-godteri. På lang sikt er ein ny verdsorden på veg. Av den grunn skal utgiftene til forsvar opp på fem prosent av BNP. Da er det ein liten forsikringspremie å betale ein prosent av BNP eller 33 milliardar over jordbruksoppgjeret for å sikre at det norske folk har norsk mat på bordet i framtida.
Skrevet av
Publisert: 03 mai 2026
Oppdatert: 05 mai 2026