Bondemakta blir i aukande grad samla i sentrale strøk i Trøndelag og rundt Oslo. Det er ikkje tilfeldig, ifølgje landbruksforskar, som ber distriktsbønder lære av trønderane.

Trøndelag og områda rundt Oslo har omtrent halvparten kvar av styreleiarane i dei største bondeorganisasjonane og landbrukssamvirka. Det viser ein gjennomgang Nationen har utført. Dei tre andre landsdelane er knapt representert.

Landbruksforskar og professor Reidar Almås, som har tilhald nokre mil frå trønderhovudstaden Trondheim, trur Trøndelag òg kjem godt ut om ein hadde set fordelinga av bondeverva over tid.

– Det går litt opp og ned. Akkurat nå er det forholdsvis mange frå Trøndelag, men i det lange løp trur eg òg at Trøndelag kjem godt ut av det, seier Almås.

Les hele saken på Nationen.no

Vil du vite mer?

Ta kontakt med oss så hjelper vi deg, enten det er å komme i direkte kontakt med ansatte eller finne annen relevant informasjon.

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.