Foto: Colourbox
Foto: Colourbox

La oss bli småbrukarar att!

Då eg for eit par år sidan reiste ut for å finna den norske bygdepopulismen, fann eg i staden ein ny jordbrukspraksis i emning kringom i landet vårt.

Dette er et debattinnlegg, skrevet av forskar Eirik Magnus Fuglestad. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger. Innlegget blei publisert i Nationen.

Eg såg bønder som tok gardane sine tilbake som stadeigne, biologiske produksjonseiningar. Dei nekta å gjera store investeringar i dyr teknologi. Ville ikkje høyra på dei som sa «meir kraftfôr, meir kunstgjødsel, meir mjølk». Eg såg bønder som la grunn for ein anna praksis å driva gardane på enn det som har vore vanleg dei siste femti åra. Og i dette såg eg ein motstand mot alt som er gale i dagens jordbruk.

I fleire tiår no har mange norske bønder vore med på staten og Innovasjon Noreg sin dans. Den dansen som i stadig høgare fart gir oss større og færre gardsbruk som produserer stadig meir mat. Dette skjer med stadig meir bruk av innkjøpte innsatsfaktorar, og med høge kapitalkostnader og gjeld.

Endå fleire bønder har trekt seg ut or dansen. Svunne stille og lydlaust bort i den mørke, milde natta utanfor. Som forløyste sjeler på veg til etterlivet med ordna arbeidstid, god løn og pensjon.

Dei bøndene eg såg, og etter kvart også høyrde om frå kollegaer, valde eit tredje alternativ: dei vart vidare med i dansen, men på sine eigne premiss. Bøndene fann måtar å driva gardane vidare på, der dei kunne unngå å kasta seg utpå vatnet med eit tosifra millionbeløp hengande ved dei som ein stein om foten.

Dei fann også måtar å driva garden på utan å måtta kjøpa kunstgjødsel eller kraftfôr i dyre dommar. Dei ville ikkje dette, desse bøndene. Dei ville vera bønder, men ikkje på dei premissa som politikken og marknaden la for dei, der gjeld og kapital er viktigare driftsmiddel enn mold og møkk.

Veldig ofte betydde dette å ha arbeid utanom gardsdrifta. Dei alle fleste bønder har det. Som oftast er dette arbeidet likevel noko bøndene har for å kunna betena den store gjelda dei har etter å ha bygd nye fjøs eller kjøpt andre dyre innsatsfaktorar. Bøndene eg snakka med hadde arbeid utanom for å sleppa å ta opp gjeld. Slik kunne dei driva gardane sine i litt mindre skala, og med bruk av si eiga arbeidskraft og jorda eller ressursane dei hadde på garden.

Ikkje var bøndene interesserte i å kjøpa eller å leiga naboens og naboens nabo si jord, heller. Dei ville vera passe store. Dei ville produsera så mykje kjøt eller mjølk eller grønsaker som dei rimeleg vis kunne ut frå dei ressursane dei hadde. Dei såg ikkje noko meining i å auka ytinga på mjølkekua med meir kraftfôr, når dei heller kunne nytta i hovudsak graset dei hadde – sjølv om det betydde mindre mjølk per ku.

Det er eigentleg ikkje noko nytt i dette, historisk sett. Særleg perioden mellom 1900 og 1950 var ein gullalder for ei slik drift i Noreg. I denne perioden steig talet på norske gardsbruk til 250.000, og dei aller fleste av desse bruka var svært små deltidsbruk.

Dei var småbruk der bøndene i all hovudsak produserte mat ut frå si eiga og familien si arbeidskraft ved bruk av naturressursane på garden. Typisk var dette eit bruk med tre-fire kyr og nokre sauer, der utmark og hei var heilt sentrale ressursar. Dette var gjerne «to-kyrs industriarbeidaren» til Andreas Hompland. Det var fiskarbonden og lærarbonden og tømrarbonden.

Kor mykje arbeid som vart lagt ned i gardsbruket var ikkje så viktig. Og ofte var det svært mykje, og tungt arbeid. Men det handla om å gjera det arbeidet som trongst. Og om å gjera dei investeringane som passa, for å nytta ressursgrunnlaget på garden i å skaffa seg eit leveleg utkome. Det var slik småbrukarane dreiv.

Denne «småbrukarmåten» å driva på kan også beskrivast ved å visa til dei tre grunnleggjande produksjonsfaktorane: 1) jord, 2) arbeid og 3) kapital. Å driva på småbrukarmåten handlar om å bruka mest av dei to første faktorane, og så lite som råd av den siste.

Eg trur mange kan kjenna seg att i denne type jordbruk. Det var slik dei dreiv på alle gardane her for to generasjonar sidan – den slitande jærbonden som rydda, og reiste steingardar.

Sjølv kan eg gå attende til oldefar min, til gamle bilete og historier om han og garden her, og sjå nett denne driftsmåten. Han sleit og jobba mellom svære kampestein og høge, kraftige eiketre i bratte bakkar, og langs lyngmoane ved elva. Så var han tømrar på si, men gardsdrifta var stadbunden til dalen her.

Det er tilløp til ein liknande måte å driva på eg har sett hjå ein del bønder kringom i landet dei siste åra. Eg må understreka at dette ikkje betyr å driva «gamaldags», utan teknologi eller å driva veldig smått. Først og fremst betyr det å driva på småbrukarmåten å motsetja seg dei dominerande trendane i jordbruket. Der, som ein bonde fortalde meg, «det å vera ein god bonde betyr å kjøpa mest mogleg kraftfôr og kunstgjødsel, å ta opp størst mogleg gjeld».

Det ligg ein kvardagsleg motstand i dette: Dei nye småbrukarane heng med bøndene, men i staden for å føya seg etter press om investeringar, utviding og «effektivisering», så tilpassar dei seg på sine eigne vis. Dei tilpassar seg etter eigne ressursar og eiga arbeidsevne.

Småbrukarmåten vil truleg også vera meir skånsam både for folk og natur. Småbrukarmåten kan bli sosialt berekraftig ved at bøndene får høve til leva utan å måtta springa fortare og fortare. Småbrukarmåten kan bli berekraftig for natur og miljø ved meir lokal bruk av lokale ressursar, og mindre bruk av energikrevjande innsatsfaktorar som kunstgjødsel.

Eg ser ei mogleg ny framtid for norsk jordbruk i dette. Dersom desse nye «småbrukarane» blir fleire, og dersom dei etter kvart får gjennomslag i faglag og i politikken, då kan det formast eit jordbruk som er tilpassa denne driftsmåten.

Denne teksten blei fyst publisert i Bondevennen nr. 12, 2025.