Bonden og døden – om kva samfunnet vårt er
Skrevet av
Publisert: 29 april 2019
Oppdatert: 29 april 2019
Fagområder
Del artikkel:
GJESTEKOMMENTAR: Dersom 1500 industri- eller service-arbeidsplassar hadde vorte lagde ned kvart år, hadde det vorte furore. Men når så mange gardsbruk forsvinn kvart år, kva då? Kan ein fransk, misantropisk forfattar og ein 100 år gamal tysk filosof seie oss noko om dette?
Er det tilfeldig at misantropen, sivilisasjonskritikaren og enfant terrible Michel Houellebecq si siste bok i stor grad handlar om mjølkebøndene i Normandie sin undergang? Den førre boka til Houellebecq, «Soumission» (underkasting), skapte stor merksemd i 2015 for å skildra ein nær nihilistisk forelesar i fransk og hans opplevingar av at det sekulære Frankrike går under for eit muslimsk diktatur. Denne gongen, i romanen «Serotonin», er det altså mjølkebøndene som må gje tapt, og no for frihandelen.
Som små dosar av gift over tid
Hovudpersonen i årets bok er ein depressiv agronom med sjølvmordstankar. Han endar opp på garden til ein emosjonell og kroppslig ruin av ein mjølkebonde – kona har drege frå bonden til fordel for storbyen saman med døtrene, og økonomien på gardsbruket går stadig dårlegare. Agronomen, som heiter Florent, er dessutan også impotent og ute av stand til å ha kjærleiksforhold til ei kvinne han likevel ofte beundrar.
Kort sagt, den deprimerte, impotente agronomen, og mjølkebøndene som går under, blir symbol på den klassiske europeiske kulturen som sjølvforskyldt går under. Florent går på stadig sterkare dosar av eit antidepressivet med stoffet serotonin – det einaste som held han frå galskapen, men som også gjer han både impotent og utan lyst. Det er Friedrich Nietzsche sin klassiske diagnose av det vestlege, moderne mennesket som tomt og utan kraft, som ikkje har vilje til anna enn til sakte å døy: «Ein liten dose gift no og då gir dei søte draumar, og til slutt ein stor dose gift for ein søt død», som Nietzsche skriv.
Ein stille død
For oss som driv med slikt, altså landbruk, er det ei velkjent sak at jordbruket er i ei konstant krise. Omgrep som «bondekannibalisme», ein prosess der gardsbruk blir nøydde for å «eta opp» nabobruka, altså ta over jorda og kvotane for å overleva, er vel etablerte. Det same med «bondens tredemølle», som betyr at bøndene må bli stadig meir og meir effektive, men utan at dei eigentleg kjem nokon veg.
Gardsbruk blir lagde ned i rasande fart, mest tusenvis kvart år. Eg har nemnt dette før, i andre tekstar, og tala ligg klare og oppe i dagen, lett tilgjengelege hos Statistisk sentralbyrå. Men likevel er dette ein stille død, svært få ropar varsku. Dersom 1500 industri- eller service-arbeidsplassar hadde vorte lagde ned kvart år, då hadde det vorte furore, men når så mange gardsbruk som forsvinn kvart år? Ingen ting. Sjølv innan landbrukets eigen sfære er det eit slags stillteiande samtykkje om at slik må det vera ut frå ein udefinert floskel om å vera konkurransedyktige, og all misnøye vert i staden bruk på å rope «ulv, ulv!». Gardbrukarane forsvinn einsamt ein og ein, som skrømt for dagslyset, – ein ser ikkje det store bilete før det plutseleg er lyst. Og då er det for seint, først då viser statistikken kva som skjedde.
Bonden i kulturen vår
Jordbruket har ei særeiga rolle i vestleg og norsk kultur. Framleis liker me å kalla oss ein nasjon av bønder. «Er me ikkje alle av bondeslekt?» høyrde eg ein framtreden maktperson uttala frå ei scene i Oslo ein gong. Det er sjølvsagt ikkje sant, og aller minst i ei slik forsamling. Men me liker i alle fall å tenkja at dette er sant.
Jordbruket er sjølve fundamentet i kulturen, tenkjer vi kanskje? Noregs Bondelag er ikkje mindre freidige i songen sin enn at dei kan deklamera at «all kultur er dyrken, først og fremst av jord». Jordbruket foreiner sivilisasjon og religiøs mystikk i ein høgare einskap; det er ikkje for ingenting at odelsbonden er det fremste nasjonale symbolet. Alt dette har sjølvsagt også rot i røynda: Jordbruket er stadbunde og opphav til dei fleste statsdanningar, jordbruket er framleis essensielt for matforsyninga til eit kvart folk.
Trass i dette lét me, som samfunn, stort sett landbruket segla sin eigen sjø på dei internasjonale marknadane, i sterk kuling frå den frie handelen. Jau då, bøndene har sugerøyr i statskassa, der er ikkje tvil om det. Men eit svært tynt sugerørøyr, får ein vel seie. Og dersom målet er å halda gardsbruk over heile landet i drift, så viser statistikken altså at dette har liten effekt, slik midla nyttast i dag.
Ikkje-målbare verdiar
Men ikkje for det. Me skal ikkje ta vare på desse litt sære bøndene som putlar i jorda berre fordi me plent skal insistera på å pina litt grøde ut or den skrinne jorda på berget her, heller ikkje fordi me skal ha levande bygder og kulturlandskap. Nei, me skal ta vare på dei kanskje først og fremst av den grunnen at dei representerer noko fundamentalt om tilværet vårt. Det å dyrka og så og forvalta sårbare ting; å sjå gull i molda, og stordom i marken som kryp der, og i kløveren som veks.
Eg tenkjer at den aller beste grunnen til å ta vare på jordbruket ligg i desse svevande verdiane. Dei er ikkje handfaste og rasjonelle, og kan ikkje målast, men nettopp derfor kan heller ingen rasjonalisera dei bort. For å koma attende til Nietzsche: Han seier ein stad at treet ikkje eigentleg er interessert i frukta, men i frøa. Dette er ein fin verdi for ein kvar kultur, og den ligg innebygd i jordbruket.
Nei, eg trur ikkje det er tilfeldig at Houellebecq har bøndene sitt endelikt som sentralt emne i siste boka si. Det kan sjåast som ein metafor for at me fjernar oss frå grunnleggjande forståingar om og sentrale trekk for kva som gjer eit samfunn leveleg og berekraftig.
Denne gjestekommentaren ble publisert i Stavanger Aftenblad 25.04.2019
Skrevet av
Publisert: 29 april 2019
Oppdatert: 29 april 2019