Eirik Magnus Fuglestad
Eirik Magnus Fuglestad

Bonden og futen

Me er ein gjeng litt småsære bygdeanarkister her i landet.

Landet vårt, Noreg, er som me veit, namngjeve etter Nordvegen. Ikkje ein geografisk stad, men ei reiseleid. Kanskje derfor har det alltid vore brysamt for dei som ønskjer å sentralisera makta til ein stad. Dei tidlege vikingkongane visste dette, dei forstod at nøkkelen til maktas løyndom låg i konstant rørsle – dei var på stadig reise mellom kongsgardar langs kysten.

Seinare makthavarar ikkje forstått dette: me er ein gjeng litt småsære bygdeanarkistar her i landet. I kyststroka frå nord til sør har folket vore retta mot fridomen som ligg i havet og fisken, og den makta som kontakt og handel med fjerne himmelstrøk gir. I dalane mellom fjella har folk søkt fridomen i jorda som ligg spreidd som glitrande, grøne diamantar sett frå fjelltoppane og utmarksbeita, der makt er ein reinsdyrflokk eller ei god seters-ku om sommaren.

Bonden som ligg nedi dalsida på 1700-talet og skyt mot den danske skattefuten som kjem over fjellet – han som slår i hel mjølkekua si ved fjøsdøra framfor futen åt danskekongen heller enn å la futen få vandra av stad med kua som skatt – er like mykje å sjå att i dagens Bjørnar Moxnes, som i ei Siv Jensen eller ein Slagsvold Vedum. Alle er dei representantar for folket langs Nordvegen, som ikkje har eit sentrum og er anarkistar på si.

Eigentleg går det ei linje frå danskekongane sin koloni-administrasjon av landet frå det imperiale København og frå provinsbyen Christiania, til Arbeidarpartiets 1960-tals teknokrati, og til dagens nyliberale sentrumsregionalisme. Alle har dei bygga på styringsmakt som går ut frå eit citadell-aktig sentrum til eit omland.

Det er mange i Noreg i dag som kjenner seg att i Ludvig Holberg sin metafor om at Noreg var ei elv som sørga for at den danske innsjøen ikkje tørka ut, men no er det dei norske distrikta som er elva, og Oslo som er sjøen. Slik kjennast det i alle fall for mange.

«Offentleg støtta anarkisme, det er den norske modellen det!»

Tanken bak den norske velferdsstaten handla aldri om å skapa ein altoppslukande stat. Stamtavla til velferdsstaten går attende til bøndene som eigentleg ikkje ville anna enn å sleppa å betala skatt. Men så oppdaga dei maktas logikk i stortinget. Dei kunne bruka den til å skapa fridom. Bondestortinga, bondevennene og venstrerørsla la grunnlag for at arbeidarrørsla kunne ta makta på 1930-talet. I botn for velferdsstaten låg eit skjørt samarbeid mellom by og land.

Noreg vart modernisert frå utkantane, det var ei rural modernisering der folk kom inn til makta for å betra kåra til folket der dei budde. I oppgangstida mellom 1945 og 1973 klarte ein å halda liv i tanken om at makta har utspring frå periferien, men dette varte berre ei kort, heilag morgonstund. Det som no skjer, er det same so har skjedd sidan slutten på 1970-talet. Då Hartvig Sætra beskreiv denne politikken for over førti år sidan, er det som om han såg inn i framtida til dagens reformer og nedlegging. Han skriv at Oslomakta søker å styre folkeveksten ved: «å bygge såkalla ‘demningar i distrikta’ … Strengt talt er dette berre ei ny utgåve av dei middelalderske kjøpstads-privilegia: Desse stadene skal langt bort imot få monopol på offentlege investeringar, sosiale gode, handel og kulturell verksemd»

Den norske bygdeanarkisten blir ståande meir og meir åleine ved havgapet og mellom dalane. Men det bygdeanarkistiske tilværet er avhengig av ein tilstadeværande offentleg sektor som muliggjer den frie livsstilen. Offentleg støtta anarkisme, det er den norske modellen det! Lenge har den vore på veg ut, men no reiser folka seg i protest att mot skattefuten som vil ta frå dei levekåra.

Dette innlegget stod på trykk i Klassekampen 19.09.2019.