Food Information
Kjøtt eller ikkje kjøtt?

KJØTT eller IKKJE KJØTT, er det spørsmålet?

EAT-Lancet-rapporten vart lansert med brask og bram i januar 2019. Den argumenterte for at verda må legge om til eit meir vegetarisk kosthald og at inntaket av kjøtt må drastisk ned dersom vi skal kunne unngå negative klimaendringar i framtida. Ein del av argumenta i rapporten har liten relevans for Noreg, der kjøttproduksjonen basert på gras er klimavenleg og dessutan helsemessig gunstig.

Dette er ein omarbeidd og utvida versjon av ein kronikk som sto i
Aftenposten i juli 2019.2

Tekst: Reidar Almås

Vi har bak oss ein sommar med ein dokumentar om norsk svinehald og kjøttdebatt, men vi grillar som aldri før, i følgje kjøttindustriens omsetningstal. Når ein følgjer med i debatten om kjøtt og klima, som mellom andre EAT-rapporten, som vart til i samarbeid mellom Gunnhild Stordalen og det veganske miljøet, kan ein få inntrykk av at kjøtt eller ikkje kjøtt er det store klimaspørsmålet. Eksempelvis har kjendiskokk og kokebokforfattar
Hanne-Lene Dahlgren vorte vegetarentusiast med klimaangst på heiltid. I følgje
VG 26. august 2019 frykter ho at vi har dårlig tid: ”Det brenner skikkelig nå”.3

Det negative synet på kjøt gjer at vi nok bør stille oss spørsmålet om dagens
norske kjøttproduksjon og dertil forbruk er berekraftig. Er det etisk forsvarleg å
legge kjøtt av storfe og sau på grillen i lys av klimautfordringane? Bør ein heller
velje kylling, gris eller aller helst laks? Du visste kanskje ikkje at norsk, grasfôra
kjøtt er meir klimavenleg enn kjøtt produsert i dei aller fleste land i verda. Dette
blir slått fast i FAO-rapporten Tackling climate change through livestock frå FNs
organisasjon for ernæring og landbruk.4

Du visste kanskje heller ikkje at professor Johan Rockström, som står bak landbruksdelen
i EAT-rapporten, anbefaler kjøttproduksjonen med beitande grasetarar på areal der det ikkje kan dyrkast korn eller grønsaker. Han har fleire gonger uttalt at grasfôra kjøtt med den skandinaviske produksjonsmåten er berekraftig, der ein kan tenke seg nordisk eksport av kjøtt frå sau og storfe, og ikkje meir kjøttimport, slik det kan bli om Noreg
skriv under på den handelsavtalen som nettopp er forhandla fram med dei store
kjøtteksportørande MERCOSUR-landa i Sør-Amerika.5

For noen kan det vera gode grunner til å eta mindre kjøtt, men omsynet til klima er
definitivt ingen god grunn dersom vi held oss til kjøtt produsert i Noreg. Forklaringa
er at vi her har avla fram storfe som veks raskare og er friskare enn beitedyr på
den argentinske pampasen. Desse dyra treng to til tre gonger så lang tid på å nå
slaktevekt som norske storfe. Utsleppa av klimagassar minkar når effektiviteten
aukar, noe som betyr 2–3 færre år med raping og promping. Dei nye vegansektene
som går inn i matfeltet med tunellsyn og ikkje ser dette poenget, gjer stor skade på
klimasaka. I 1946 var det 800 000 kyr og 1 700 000 vinterfôra sauer i Norge, mens
det var 9 000 traktorar og 100 000 bilar.

I dag er det 317 000 kyr og 997 000 vinterfôra sauer, eller ei halvering av
drøvtyggande dyr. Til samanlikning var det i 2018 285 000 traktorar og 2 365
000 fossile bilar, flyreiser ikkje nemnt. Det er ikkje kyr, sauer og geiter som har
”spist opp fremtiden til våre barnebarn”, men den gallopperande auken i bruken av
fossilt brennstoff. I Noreg slår rapporten frå teknisk berekningsutval av jordbruksrelaterte
klimautslepp fast at husdyr og gjødsel frå desse husdyra står for 6,1 prosent, av klimagassutsleppa på i alt 8,4 prosent frå eit samla landbruk.6

På grunn av den norske produksjonsmåten er norsk grasfôra kjøtt berekraftig og
meir klimavenleg enn andre kjøttslag og importert kjøtt. Dette kjem av at det berre
er dei husdyra som beitar, som kan nyttiggjera seg gras og halm. Gris og kylling som blir hylla som dei husdyra som gir minst utslepp av klimagassar per kilo produsert kjøtt, beiter ikkje og er derfor mindre klimavenlege fordi dei konkurrerer med oss menneske i matfatet. I ei verd som på kort tid, sannsynlegvis innan 2050, vil få tre milliardar fleire menneske
og trenge 70 prosent meir mat, er kjøtt frå beitedyr ein nødvendig del av sunt og
berekraftig kosthald.

Vi menneske og særleg dei som veks, treng protein, enten frå kjøtt og/eller plantevekstar. Derfor er eit godt måltid med raudt kjøtt, norske poteter og grønsaker eit klimavenleg og berekraftig måltid. Den norske kua, Norsk Raudt Fe (NRF), er avla fram for å produsera både mjølk og kjøtt av god kvalitet. Kombinasjonskua er svært klimavenleg fordi klimagassane mjølkekyr slepper ut, kan fordelast både på mordyra som produserer mjølk, og på kalvane som produserer kjøtt. Sau som nesten ikkje får kraftfôr og beiter i norske skogar, heiar og fjell, er også klimavenleg fordi dei ikkje konkurrerer med oss i matfatet.
Historisk ville det ikkje vera mogleg å leva i mange norske lokalsamfunn i innlandet
utan beitande dyr. Ljåen og dyremulen har skapt livsgrunnlaget og det levande
kulturlandskapet vi er så glade i.

I Noreg er berre tre prosent av arealet dyrka mark. Utmark har vi derimot mykje av. Heile 95 prosent av landarealet vårt er utmark, der så mye som halvparten
er godt eigna som beite.

Menneske kan ikkje fordøya gras, slik som ku, sau og geit og ville hjortedyr.
Fordøyinga deira kan utnytta næringa i graset til å laga mjølk og kjøtt. I Noreg er
berre tre prosent av arealet dyrka mark. Utmark har vi derimot mykje av. Heile
95 prosent av landarealet vårt er utmark, der så mye som halvparten er godt eigna
som beite. Ved hjelp av lys frå sola og vatn produserer grøne planter energi ved
hjelp av fotosyntesen. I dag utnyttar vi berre halvparten av dei kaloriane som
fotosyntesen gir oss frå utmarka. Derfor er det sløseri og matsvinn å la utmarka
stå urørt.

Norske husdyr er blant dei friskaste i verda, og norsk husdyrhold er på botnen
i Europa i bruk av antibiotika, noe som også er bra for å redusera førekomsten av
resistente bakteriar som vi kan smittast av. Årleg døyr 750 000 menneske i verda
etter å ha vorte smitta av resistente bakteriar. Det betyr at du slepp å bekymra deg
for å bli sjuk av å eta norsk kjøtt. Norske dyr er friske, og god helse er eit mål i
avlen på lik linje med lynne og kvaliteten på kjøtt og mjølk. Alle norske kyr har til
dømes eit helsekort der informasjon om dyrets helsestatus blir dokumentert.

Samanliknar vi oss med andre land, har Noreg strenge lover om korleis dyra skal
ha det, korleis dei blir slakta og transporterte. Den norske kua har òg lovpålagt
uteliv: I minst 8 veker i året skal norske kyr og kalvar vera ute i friluft. Dei fleste
går ute mykje lenger, frå det er grønt om våren til det blir for kaldt og hustrig om
hausten. Dyr som blir slept på beite, er eitt av dei vakraste eventyra om våren.

Men er ikkje raudt kjøtt kreftframkallande, seier du? Sterkt omarbeidd kjøtt i
store mengder kan føra til kreft hos noen, særleg om det er svartbrent. Det gjennomsnittlege norske inntaket av raudt kjøtt er ikkje kreftframkallande, seier
professor i ernæringsfysiologi, Anna Haug ved NMBU til nettsida forsking.no. Med
tanke på kreft er røyking, alkohol, eksos frå diesel, asbest, luftforureining, radon
og overdreven UV-eksponering frå sol og solarium vel så viktig å unngå. ”Dessuten
trenger kvinner i fruktbar alder å få i seg nok B12, jern, sink og protein, som finnes
i melk, kjøtt og animalske produkter. Det er veldig lite B12 i grønnsaker, og vegetarianere må ta tilskudd for å unngå mangeltilstand”, seier professor Haug, som legger til: ”Det er lite jern og sink i vegetabilske matvarer, og det jernet som tas opp, absorberes mye dårligere enn det som tas opp fra animalske matvarer. Kroppen absorberer 35 prosent av jernet fra kjøtt. Når det gjelder grønnsaker, kan absorbsjonsnivået ligge helt nede i skarve
syv prosent”.7

Så grill utan skam: Legg norsk, grasfôra kjøtt frå storfe, sau eller geit på grillen.
Med gode grønsaker og potet er dette eit berekraftig og klimavenleg måltid.

Kjelder:

1 Willett W, Rockström J, Loken B mfl. Food in the
Antrhopocene: the EAT-Lancet Commission on healthy
diets from sustainable food systems. The Lancet
2019; 393: 447–92. https://www.ncbi.nlm.nih.gov/
pubmed/30660336
2 Almås R. Grasfora, norsk raudt kjøtt er klimavenleg og
berekraftig. Aftenposten 11.7.2019: 32.
3 Thronsen M. Suksesskokebokforfatter med
klimaangst: – Det brenner skikkelig nå. Godt.no
26.8.2019. https://www.godt.no/artikkel/24681929/
suksesskokebokforfatter-med-klimaangst-det-brennerskikkelig-
naa
4 Gerber PJ, Steinfeld H, Henderson B mfl. Tackling
climate change through livestock: A global assessment
of emissions and mitigation opportunities. Roma: Food
and Agriculture Organization of the United Nations
(FAO), 2013. https://www.fao.org/3/i3437e/i3437e00.
htm
5 EFTA og Mercosur er enige om en ny handelsavtale.
Regjeringen.no 24.8.2019. https://www.regjeringen.
no/no/aktuelt/efta-og-mercosur-er-enige-om-en-nyhandelsavtale/
id2666383/
6 Jordbruksrelaterte klimagassutslipp. Gjennomgang
av klimagassregnskapet og vurdering av forbedringer.
Rapport frå partssammensatt arbeidsgruppe 1.7.2019.
https://www.regjeringen.no/contentassets/0f1af0ca7e
fe493e8e48b46b6fba5ffd/rapport-tbu-jordbruk_siste.
pdf
7 Brodin JK. – Rødt kjøtt og melk er sunt. Forskning.no
13.6.2016. https://forskning.no/sykdommer-vitaminermat-
og-helse/rodt-kjott-og-melk-er-sunt/414108

Denne saken stod på trykk i Helsemagasinet nr. 6/2019.