Blir bygda ein betre stad etter koronaen?
Skrevet av
Publisert: 08 juni 2020
Oppdatert: 23 juni 2020
Fagområder
Del artikkel:
Dette er tida til å tenke i lange linjer. Korleis blir tida etter koronaen, for oss alle, for landbruket og for bygdene? Dette er viktige problemstillingar som det ikkje er lette å svare på. [Denne kronikken er skrevet av seniorforsker Reidar Almås, og stod på trykk i Nationen den 30.05.2020.]
På kort sikt har vi som samfunn klart denne pandemien utruleg bra: Smitten vart oppdaga tidleg, dei med ansvar for smittevern greip raskt inn og dei politiske styresmaktene tok ansvar. Mangel på smittevernutstyr og få intensivplassar på sjukehusa var grunnen til at styresmaktene gjekk frå strategien med å «flate ut» smittekurven, slik Sverige har gjort, til å «slå ned», slik vi og resten av dei nordiske landa har gjort. Samanliknar ein talet på døde av covid-19 i Norden, ser ein at dette linjeskiftet har redda fleire tusen liv. Over 4.000 personar som til no har døydd av covid-19 i Sverige står ikkje opp att.
I det korte bildet vart landbruk og distrikta mildare råka. Det var byane og ikkje minst Oslo som tok dei største tapa av menneskeliv og pengar. Noen lokalsamfunn som fekk inn smitte tidleg: Frosta, Sel og Hol, eller bygder der hjørnsteinsbedrifta innstilte som Sykkylven, vart og hardt råka.
På mellomlang sikt vil pandemien truleg føre til redusert utflytting og tilbakeflytting til landsbygda, slik som under den økonomiske krisa i 1930-åra og under okkupasjonen 1940-45. Ei slik “re-ruralisering” er vanleg i krisetider, både fordi verdien av å bu billeg, og kunne produsere sin eigen mat, blir viktigare. Dei som er frå gard, har tilgang til jord eller har slekt i ei bygd, kan få mjølk, kjøtt, frukt og grønsaker billeg eller gratis. Unge som har vorte arbeidslause, eller må vera heime frå innstilt utdanning, vil i stor grad flytte heim.
Historisk har det vore mindre utflytting frå landsbygda, ikkje berre i krisetider, men og i lågkonjunkturar. Når økonomien tar seg opp, eller når det blir press, aukar utflyttinga. Dessutan har norsk landbruks- og matøkonomi vore lite råka så langt, ikkje minst fordi grensehandelen har tørka inn. Her ligg svaret i dagen: Sentraliseringa vil minke så lenge den økonomiske krisa varer. Noen tar seg sesongarbeid i jord- og skogbruk, men i Norge er vi ikkje der lenger, at småbruk kan fungere som buffer i krisetider.
Derimot trur eg fleire alternativ på bygda og i distrikta kan bli meir attraktive på sikt. For eksempel vil det kunne bli relativt meir attraktiv å ta over gardsbruk, fiskarbåt eller ei lita bedrift. I mellomkrigstida fekk vi bureising, veg- og jernbanebygging. I dag kan det bli forsert oppstart med veg- og jernbanebygging, offentlege bygg og “grøn” industri for å førebu overgang til mindre fossilt næringsliv.
I tillegg vil beredskap koma høgare på dagsorden. Alt no ser vi at fleire etterspør lokal mat. Krav om lager av korn, fôr og andre samfunnskritiske varer kjem med styrke. I denne diskusjonen er styrkeforholdet mellom nasjonalt ansvar og tilliten til globale marknader endra. Det var nasjonale styresmakter vi måtte lite på da pandemien braut ut.
På kort og mellomlang sikt vil krisa styrke bygder og distrikt i balansen mellom sentrum og periferi. Det var storbyane som tok dei hardaste slaga da pandemien braut ut, eg der vil den største risikoen for å bli smitta framleis vera. Offentleg transport, barar og restaurantar, store skolar og eldreinstitusjonar har vist seg å vera noen av dei viktigaste risikosonene. Distansearbeid vil bli meir vanleg, og videokonferansar vil avløyse fysiske møte. Globalt reiseliv, som storbyferie og sydenreiser, er hardt råka og det vil ta mange år før internasjonal flytrafikken tar seg oppatt. Fleire vil får augene opp for Norge som ferieland og videokonferansar og heimekontor blir meir vanlege. Koronapandemien vil sette enda meir fart på digitaliseringa av Norge.
Kva som vil skje med “menneskets hjerter”, det vil seie kva som blir kult i framtida, er ikkje lett å spå. «I byer blir man smittet, av og til av virus, men alltid av nye ideer og impulser»… Vi foretrekker kafélivet og nyskapningen og spenningen i byen fremfor det vakre, men kjente og forutsigbare på landet», skreiv Victor Normann i Dagens Næringsliv 1.mai. Seigliva myter dette, med tynt fagleg belegg. Eg har sett stygge, nedslitte byar utan nyskaping, men med høg kriminalitet og mye vald. Og eg har sett og ser nyskapande bygder med spennande kaféliv der folk er full av idear og pågangsmot. Alt vil ikkje vende tilbake til det gamle, og kanskje får vi ei ny, grøn bølgje. Vindauget for ei ny tid har opna seg.
Skrevet av
Publisert: 08 juni 2020
Oppdatert: 23 juni 2020