Jorda som forsvinn
Skrevet av
Publisert: 09 mars 2026
Oppdatert: 09 mars 2026
Fagområder
Del artikkel:
I ei tid med krig og uro skal den norske jordbruksproduksjonen auka og landet skal bli meir sjølvforsynt på jordbruksvarer.
Dette er et debattinnlegg, skrevet av forskere ved Ruralis. Innlegget gir uttrykk for skribentenes holdninger.
Jordbruk i heile landet står framleis som eit heilt sentralt middel for å oppnå dette som ein del av beredskapen vår. For å få til dette trengst nettopp ei varetaking av jorda, som er grunnressursen i all jordbruk. Det som skjer er likevel at jordbruksjord over heile landet går ut av drift.
Beredskap er å være forberedt på det uføreseielege. Jordbruksareal er ein knapp, ikkje-fornybar ressurs. Om vi ein dag må flytte hovudtyngda av matproduksjonen til andre deler av landet, eller plutseleg er nøydd til å auke nasjonal matproduksjon betrakteleg, er vi avhengig av å ha jordbruksareal, eller i alle fall potensielt jordbruksareal. I eit land med allereie avgrensa jordbruksareal må det være eit mål å hindre at meir areal går ut av drift.
Alle som har køyrt gjennom Noreg har sett at det framleis ligg gardsbruk og dyrka jord spreidde innimellom bakkar og berg over det meste av landet. Men den observante reisande vil også legga merke til store regionale skilnader på korleis jordbruksarealet ser ut kringom i landet. Nokre stader, som langs Trondheimsfjorden eller på Jæren, ligg åkrar og beite så tett og velbrukte at knapt ein løvetann får smetta inn ei gong.
Andre stader, som i store delar av Nord-Noreg, kan ein sjå areal som før var beite eller dyrka jord bli sakte tekne tilbake av krattet, skogen og naturen. Dette siste er døme på jordbruksareal som går ut av drift. Om det i dag er mest synleg i Nord-Norge, er dette noko som skjer i kvar einaste del av landet, men i ulikt omfang og av ulike årsaka. Ein ting er dei store utbyggingane der tusenvis av mål med dyrka jord blir lagt under asfalt og betong. Noko anna er det med åkrar og beite som av andre grunnar sluttar å bli brukt som jordbruksareal. Her finst det eit mangfald av grunnar på individ- og eigedomsnivå som gjer at nett denne jordlappen har falle ut av drift.
Her kan vi kanskje snakka om ei utvikling i skuggane, der eit jordstykke blir liggande ubrukt høgt oppe i ein skrinn dal, der eit anna areal ligg og gror att til skog ein stad i det yttre distrikt. Dette kan også handla om areal i sentrale strøk, som av ulike årsaker ikkje egner seg eller er effektiv nok å nytte seg av. Litt etter litt, utan at me merkar det, blir arealet endra frå jordbruksjord til meir eller mindre ubrukt natur.
Men kva er så problemet med dette? Vi får stadig meir ut av den jorda som faktisk er i drift. Matproduksjonen her til lands har vore stabil i fleire år. Bonden er meir effektiv en nokon gong. Dette skjer trass i at både bønder og areal har gått ut av drift. Så for kven er det eit problem at jordbruksareal går ut av drift? Er det berre eit problem for bøndene og kommunane, som ikkje greier å fylgje opp forvaltningsansvaret sitt etter jordlova? For dei som eig fritidsbustader og stadig må etterleva driveplikta? For reiselivsnæringa som må vise frem eit meir nedlagd og gjengrodd Bygde-Noreg? Eller er det noko som faktisk angår deg og meg?
Er det noko dei seinaste åra med covid-19, krig i Europa og omvelting av den internasjonale verdsordenen har vist oss, er det kor fort virkeligheten endrar seg. I tillegg til desse uføreseielege geopolitiske endringane, bidreg klimatiske endringar til ytterlegare usikkerheit. Desse kjente og ukjente framtidige faktorane vil kunne slå ulikt innover de matproduserande områda i det langstrakte landet vårt. Landet som skal ha matproduksjon over heile seg, må i det minste være førebudd på slike utfordringar.
Dette handlar ikkje berre om svekka beredskap i form av mattryggleik, men også ringverknadane forlatt jordbruksareal har. Det inneber tap av jordkvalitet og framtidig handlingsrom, då gjengroing aukar risiko for både nedbygging og irreversibelt tap av matjord. Det er eit tap av biologisk mangfald, natur- og kulturverdiar. Det er eit tap for klimaet å ikkje utnytte beiteressursar og det globale ansvaret ein har for å ha eit robust nasjonalt matkammer. Det er eit tap for lokalsamfunna med eit svekka landbruksmiljø med dei tenestene og infrastrukturen som følger med, som ein dei seinaste åra har sett er avgjerande i både ekstremvêr og krig.
I forskingsprosjektet Agriland + skal vi på Ruralis, samen med Nibio, seks kommunar, tre statsforvaltarar, Norsk landbruksrådgiving og Sveriges Landbruksuniversitet, i løpet av dei neste tre åra utforske kvifor jordbruksareal i Norge går ut av drift, kva for problem dette inneber, og kva som kan hindre at ytterlegare areal går ut av drift. Jorda som forsvinn kan bli svært kostbar eller umogleg å ta i bruk igjen. Å få ein oversikt over årsakene, barrierane og moglege løysningar for korleis me kan sørga for at mest mogleg jordbruksareal blir halde i bruk, aukar potensialet for framtidig matproduksjon og vår evne til å være forberedt på det uføreseielege. Å ikkje søke kunnskap om dette no, er å skyve kostnaden over på framtidige generasjonar.
Skrevet av
Publisert: 09 mars 2026
Oppdatert: 09 mars 2026