Bambi eller statsmann?
Skrevet av
Publisert: 14 januar 2021
Oppdatert: 28 januar 2021
Fagområder
Del artikkel:
Trygve Slagsvold Vedum kan nok le heilt fram til vallokala. Men når han vaknar opp 14. september, trengjer spørsmåla seg på: Kven skal bli statsminister?
Kvifor gjer Senterpartiet det så bra på meiningsmålingane om dagen? Er det gammal vin på nye, sosialdemokratiske flasker eller er det Trygve i Baronens seng. Han ser knapt ut til å forstå kva som har skjedd sjølv, og det gjer slett ikkje Oslo-eliten, så la oss prøve å hjelpe til her ifrå periferien.
Som mange har fått med seg, er vi midt inne i eit politisk distriktsopprør der kløyvinga mellom sentrum og periferi i norsk politikk ligg til grunn. I bygdene og småbyane sit mange med ei kjensle av at deira lokalsamfunn blir svekka. Dei siste tiåra har dei sett at offentlege etatar for post, helse, politi, og kommune har vorte sentraliserte. Dei ser at avkastinga av ressursane, frå fisk og kraft, frå vatn og vind, frå tømmer og kjøtt bli eksporterte ut av bygda til framande selskap. Folket i distrikta opplever at mange politikarar har lagt frå seg dei verktøya dei ein gong hadde for å regulere marknadskreftene.
«Kommentariatet» som dominerer det offentlege ordskiftet, ser ut til å vera samde om at distrikta treng omstilling og at bygdefolk må flytte på seg. Ressursane må utnyttast slik det svarar seg best i ein marknad: Vinden må fangast, krafta må eksporterast, landskap må seljast. Med unntak av ein hektisk anleggsfase, blir det få arbeidsplassar og lite lokal verdiskaping. Mange i distrikta sit att med «ei kjensle av ran», slik bygdeforskaren Bjørn Egil Flø uttykkjer det i boka Distriktsopprør. Når bygdefolk kjenner det slik, så er det ein realitet og blir eit politisk kompass som veljarfolket orienterer seg med. Og det gjeld ikkje berre bygdefolk, men folk i småbyar og drabantbyar landet over, som og opplever at staten har forlatt dei. Når statsetatane reformerer, blir tenestene sentraliserte, både i nord og sør, aust og vest.
I dei tre siste vala har veljarfolket i stigande grad gått til partiet med mest truverde i distriktspolitikken: Senterpartiet. Mange av desse kjem frå deira fremste allierte: Arbeidarpartiet. Særleg har dette skjedd i Innlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg, og det er dei yngre veljarane som i størst grad går denne vegen. Det hjelper ikkje at Ap har skaffa seg ein nestleiar frå Nord-Noreg og sluttar seg til protestane imot sentralisering. Veljarane synest å meine at originalen er best. Dessutan synest mange eg møter på bygda at Ap opphaveleg var for mange av dei sentraliserande reformene.
Først løfta distriktspolitikk og kamp mot sentralisering av offentleg sektor Senterpartiet opp på 12-15 prosent. Dei store overgangane til Sp ved årsskiftet, treng ei tilleggsforklaring. No er det ikkje lenger berre snakk om protest imot sentralisering og motstand imot Oslo-elitane, men ein massiv overgang av personar som er mest opptatt av velferdspolitikk og «drabantby»-saker. Ser ein på overgangsmatrisene som er presentert av nettstaden Poll of Polls, har det gått ein jamn straum av veljarar frå Ap, H og Frp til Sp i heile andre halvår av 2020.
Desse overgangane handlar ikkje berre om partileiar Slagsvold Vedums sjarm. Knapt noen har klart å forklare desse overgangane, langt mindre forutsett dei. Paradoksalt ligg noe av forklaringa i den politiske unntakstilstanden som pandemien har skapt. Trass i at dei fleste synest å meine at Regjeringa Solberg har takla utfordringane imot folkehelsa godt, har koronakrisa opna eit bakrom der Senterpartiet har vore tøffast i å krevje tiltak og kompensasjon for mindre næringsdrivande og permitterte. Salgsvold Vedums reisande «kaffekopp-strategi» har passa perfekt for å koma i tale med dei mange som har mista jobben eller har vorte permitterte innan hotell, restaurant, transport og reiseliv. Her har partiet hatt god hjelp av opposisjonen, men det er Sp som har fått mest uttelling for ekstra pengebruk og forlenga permisjonsordningar.
Den forsterka rolla som det mest tydelege mot-konjunkturpartiet passar godt med framgangen til Sp som skuldast faneflukta i Arbeidarpartiet. Ap lek i fleire endar, både økonomisk radikale til i SV og Raudt og unge miljøbevisste til MDG. Mest alvorleg talmessig er tapet av dei som er opptatt av å beskytte solidarisk velferdspolitikk. Her kan overgangen til den tradisjonelle sosialdemokraten Jan Bøhler ha utløyst eit dobbelt skred landet over, som både ga Sp større innpass i Oslo og andre storbyar. Skremsler med at det er eit parti for storbønder med ei tvilsam fortid i mellomkrigstida, ser ikkje ut til å verke lenger.
Ulikt mange europeiske land, der sosialdemokratiske parti kneler, har Norge fått to mellomstore sosialdemokratiske parti som kjemper om rundt halvparten av veljarane. Som kjent meinte Einar Førde at vi alle er sosialdemokratar, og det er rett i den forstand at det store fleirtalet er for ein skatte- og avgiftsfinansiert velferdsstat, for sosial utjamning og for ei balansert utvikling mellom regionar og by og land. Trygve Slagsvold Vedum kan nok le heilt fram til vallokala. Når han vaknar opp 14. september, trengjer spørsmåla seg på: Kven skal bli statsminister? Kva med Solberg-reformene? Kva med EØS? Skal SV med i regjering? Noen spørsmål vil bli avklart raskt, som å vidareføre EØS. Viken og Troms/Finnmark vil få lov å søkje om å bli oppløyste. Og Jonas Gahr Støre blir statsminister. Ei ny sentrums-venstreregjering treng ikkje ein leiarstrid i Ap som morgongåve. Om SV vil sjå seg tent med å vera med i regjering er tvilsamt. Bremsespora etter KrF, som har skrensa mellom venstre og høgre grøft i fire år, kan skremme.
Gahr Støre og Slagsvold Vedum kan og sjå seg tent med ei mindretalsregjering som kan vende seg mange vegar for å finne fleirtal i Stortinget. Prøvesteinen om Senterpartiet greier å halde på veljarane sine, kjem den dagen dei skal levere politiske reformer som kan løyse utfordringane med sentralisering, avmakt og ulikskap. Ei Ap/Sp-basert regjering må gjenopprette det norske klassekompromisset og balansen mellom by og land. Det vil avgjera om ettermælet til Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum blir som to Bambi på isen eller som statsmenn i parlaup.
Denne kronikken stod på trykk i Vårt Land 14.01.2021.
Skrevet av
Publisert: 14 januar 2021
Oppdatert: 28 januar 2021