Cow standing on a field near a barn
Norske fjøs bør svare til ressursgrunnlaget, skriv Nationens spaltist. Her et dansk fjøs. Foto: Colourbox

Ein fortørna danske på ei norsk fjøstomt

Kva skal avgjera storleiken på fjøset? Marknaden - eller ressursgrunnlaget?

“Vannvidd!” Den danske lastebilsjåføren med stor mage og grått, fyldig hår, slenger ordet hard ut, med nokre mjuke, nesten drukna lydar, på karakteristisk dansk vis – «Vannvidd!».

Han kjem med betongspalter, som er produserte i Tyskland, denne sjåføren. Dei skal til det nye fjøset som far min byggjer attmed elva, heilt sør på Vestlandet, nedanom høge fjell og skogkledde åsryggar.

Det er ein isande kald vind frå nord denne dagen. Dette er geografiske og klimatiske forhald som er heilt annleis enn kva den danske lastebilsjåføren er oppvaksen med. Men det er ikkje det å driva jordbruk på desse marginale areala den danske sjåføren ser som vanvit, nei, det er i heimlandet hans at vanvitet finn stad.

Naboen hans er nemleg ein gard med 2000 mjølkekyr. Det er dette som er vanvit, seier dansken til oss, medan me lastar av betongspaltene. Eg held med han i det.

Far min dreg på litt, og seier at me skal byggja til 140 dyr. Og det er sant nok, det. Men me har berre 24 mjølkekyr. Som mange av lesarane av denne avisa sikkert veit, ligg snittet for norske mjølkebruk i dag om lag på 25 mjølkekyr. I Danmark er snittet no 200 mjølkekyr. Far min skal altså byggja mjølkefjøs som framleis vil vera eit gjennomsnittsbruk i norsk målestokk, men svært lite i dansk målestokk.

Mange vil meina at det er dette som er galskap. For ein må jo auka produksjonen, skal det gå rundt økonomisk. Dette er omkvedet i norsk landbruk. Sjølv har far min vore inn på tanken mange gonger.

Men far min er i ein særs gunstig situasjon: Han har alt arealet og dyretalet som skal til for at det heile skal gå rundt økonomisk. Så seier i alle fall bank og rekneskapsførar.

Eigentleg er det særs fornuftig å byggja fjøs til 24 kyr, både økologisk og sosialt. Det blir ein produksjon som er i pakt med ressursgrunnlaget, og i pakt med folka på garden. Slik er det neppe for den danske garden på 2000 kyr. Den er truleg avhengig av importert fòr, og driv truleg homogent og monokulturelt (og kva om sjukdom skulle bryta ut i det fjøset? spør lastebilsjåføren.

Det blir ein produksjon som er i pakt med ressursgrunnlaget, og i pakt med folka på garden.

Den danske garden er eig av eit firma. Garden vår, som dei fleste norske gardar, er eit familiebruk med forskjellige vekstar og produksjonar, i stor grad basert på lokale ressursar. Bruket vårt er fleksibelt og robust, og del av eit lokalmiljø: Når me klargjer tomta er naboar og venner, odelsguten (meg) og gamle kårkallen med for å hjelpa. Det er eit arbeidsfellesskap som går opp i ei høgare eining og meining.

Skulle noko skje i produksjonen på garden, så tålar me det fordi den relative smådrifta gir slingringsmon, og dei forskjellige produksjonane fleire bein å stå på: Me har kulturbeite i alle kategoriar, sauer og kyr som beitar i lag, og mor mi poteter og gulerøter. Dette er å halda landskap i bruk, det er biologisk mangfald og naturleg bereevne.

Økonomen Partha Dasgupta har nyleg gjeve ut ein rapport om dette. Rapporten handlar om det biologiske mangfaldets økonomi, og den røde tråden gjennom rapporten er at me må bruka naturen som om me er ein del av den, ikkje som den er eit middel utanfor oss som er til for stadig vekst i produksjon og økonomi. Det er dette me har drive på med her på berget i tusenvis av år.

Men no er me i ferd med å bli Danmark, og det er politikken sin feil. Alt for lenge har politikken gått i kapitalismen si teneste, dette systemet som blindt og einfaldig jagar profitt og vekst, som konsekvent og med overlegg øydelegg jorda vår, i det den sel maten på billigsal og ofrar den på alteret i namnet åt forbruk, vekst og profitt.

Dette er ikkje ein kritikk av høgrepolitikk. Trenden går mykje lenger tilbake. I boka Ei verdshistorie gjennom sju billige ting syner forskarane Raj Patel og Jason Moore korleis kapitalismen heilt sidan 1500-talet har overskride alle naturen sine grenser for å gjera alt billig i jaget etter profitt.

Grunnlaget for dette er billig natur og billig arbeid. Slik legg kapitalismen både natur og samfunn øyde bag seg.

Matjorda vår er ein ressurs som forvaltast av i underkant av 40 000 aktive bønder i dag. Bøndene er forvaltarar for fellesskapet, og det er eit kollektivt ansvar å sørgja for at me brukar denne jorda på ansvarleg vis. Til dette trengst ei radikal omlegging av landbrukspolitikken, der fokuset er på bruken av dei lokale ressursane, ikkje på billig mat eller høgast mogleg produksjon. Dette må også inngå i ei større samfunnsendring der me lever og et annleis.

Ute ved fossen bak garden vår ser eg den danske lastebilen køyra over brua på veg til Danmark. Dit må ikkje koma, for der er det vanvit i jordbruket.

Denne saka er henta fra Nationens spalte Faglig snakka 10.03.2021.