Folk i gule vester demonstrerer
Det har vore eit temaskiftet i valkampen, frå distrikt til klima. Men om ikkje politikarane tek inn over seg distriktsopprøret, vil folk møte opp i gule vestar ved neste korsveg. Illustrasjon: Colourbox

Kor vart det av distriktsopprøret?

Det har vore eit temaskiftet i valkampen, frå distrikt til klima. Men om ikkje politikarane tek inn over seg distriktsopprøret, vil folk møte opp i gule vestar ved neste korsveg.

Etter dei mange protestaksjonar imot sentralisering og nedlegging av arbeidsplassar i distrikta dei siste åra, som toppa seg med bondeopprøret i vår, har mange venta at distriktspolitikk skulle bli ei viktig sak i valkampen. Så har ikkje skjedd. I staden har klima vorte den viktigaste saka i valkampen så lang. Kva har skjedd, og treng det vera ein motsetnad mellom klimaperspektivet og distrikta?

I boka Distriktsopprør, som vi gav ut i fjor, peika vi på at det er eit opplevd gap i den politiske makta mellom elitane i byane og folk i distrikta. Etter åtte år med Solberg-styre, var det fleire politiske grep som gjorde at mange i distrikta fekk nok. Vindkraftutbygging i urørt natur, høgare ferjeprisar, samanslåingar av kommunar og fylke, politireforma, og nedlegging av sjukehus og studiestader, var nokre av sakene som skapte sinne blant folk. Det siste dømet er bondeopprøret, der bønder over heile landet organiserte eit grasrotopprør mot landbrukspolitikken.

Kvifor har det vore så lite debatt om distriktspolitikk under valkampen til no? Ei forklaring kan vera at det kan ha festa seg eit inntrykk av fleire av distriktsopprøra har vunne fram. Regjeringa oppnemnte to utval som skulle sjå på næring og busetting i distrikta og desse kom med ei rekkje forslag. Dei fleste partia har løfta fram distriktspolitikken i arbeidet med programma sine. Ikkje minst dei raudgrøne har lova ei kraftig fornying av den distriktspolitiske verktøykassa. Bøndenes krav om rettferdig utrekning og opptrapping av inntektene har fått brei oppslutning. Dette kan ha flytta merksemda til dei veljarane som er opptatt av distrikta over til andre politikkområde.

Det fører oss over til den andre forklaringa på kvifor distriktsopprøra ikkje har fått gjennomslag. Rapporten frå FN sitt klimapanel gjorde at debatten om klimapolitikk fekk ein pangstart. Dei partia som har stort eigarskap til klimapolitikken i augo til veljarane, fekk stor merksemd for sine løysingar. Både andre miljøsaker, som berekraft, og omsynet til ein sosialt og geografisk rettferdig miljøpolitikk vart trengt ut av dagsorden.

Dette temaskiftet i valkampen frå distrikt til klima, skapte ein dynamikk som drog Sp ned på målingane og løfta miljøpartia opp. Vendinga i fokus frå distrikt til klima, drog på seks månader Sp ned på snittet av målingane med 5,7 prosent, frå 19,5 til 13,8 og løfta dei fire miljøpartia SV, MDG, Venstre og Rødt opp på målingane med 5,3 prosent, frå 18,4 til 23,7 prosent. Dette er det valforskarane kallar ein «bandwagon effect», eller ein snøballeffekt, som betyr at når ein opp- eller nedtur først er i gang, vil mange hive seg på.

Utfordringane i distrikta går likevel ikkje bort, like lite som at klimakrisa gjer det. Difor treng vi eit dobbelt fokus på klima og distrikt. Gapet mellom sentrum og distrikta har vorte større i takt med ei globalisert verd. Den britiske journalisten David Goodhart har delt folk i to grove grupperingar, «somewheres», som har identiteten knytt til ein stad og ein kultur, og «anywheres», dei språkmektige av oss som har høg utdanning og har flytta mye rundt. Vi har omsett desse omgrepa med dei rotfaste og dei fotfaste.

Dei rotfaste er folk som bur der dei har vakse opp og gjerne arbeider i primærnæringane eller industrien. Dei fotfaste har tatt utdanning og har vandra ut og høyrer til i den klassen som kan ta seg jobb kor som helst. Mange av dei rotfaste er ramma av globaliseringa, mens dei fotfaste har hatt fordelar av den. Djupast sett handlar distriktsopprøra om kløfta mellom dei som har sterk tilhøyrsel ein plass og dei som har ein privilegert status fordi dei med si etterspurte utdanning lett kan flytte på seg. Primær- og sekundærnæringane i distrikta har gått tilbake, mens det har vore vekst i privat og offentleg tenesteyting i storbyane der utdanningsgruppene søkjer arbeid. Det har bidrege både til ei kulturkløft og ei økonomisk kløft.

Distrikts- og landbrukspolitikken er meint bygge bru over og jamne ut desse kløftene. Når klimakrisa no slår sterkare inn, blir det ekstra viktig at denne politikken også i framtida skapar bru over desse kløftene. Dei norske distrikta kan vera ein nøkkel i ei grøn omstilling, men dei kan også vera nokre av de som blir hardast råka både av sjølve klimaendringane og av klimapolitikken. Det er difor viktig at klimapolitikk også er distriktspolitikk.

Brytninga mellom by og land, sentrum og periferi, har alltid eksistert i Norge og kjem alltid til å eksistere, ikkje minst fordi naturlege, geografiske skilnader alltid vil vera der. Den avmakta som folk i distrikta føler, er ei sosio-kulturell og politisk avmakt som kan bøtast på.

Når politikarane snakkar om Den norske modellen, meiner dei gjerne samarbeid mellom partane i arbeidslivet. Eit anna særtrekk ved det norske samfunnet, er dei store ressursane som har vore nytta på å halde ved like balansen mellom by og land.

Ei eventuell ny regjering må koma med kompenserande tiltak for sentraliseringa og avfolkinga. Ikkje minst når det gjeld klimapolitikk, må den vera sosialt og geografisk rettferdig. I Distriktsopprør fremja vi forslag om eit grunnrentefond til fordeling i distrikta som eit slikt tiltak der verdiar frå fornybare naturressursar kan koma både distrikta og klimaet til gode. Utan slike tiltak vil folk i distrikta møte opp i gule vestar ved neste korsveg.

Denne kronikken stod på trykk i Adresseavisen og adressa.no den 9.9.2021.