NY TID: Bjørn Eidem frå forskingsinstituttet Ruralis meiner Noreg bør reetablere kornberedskap. Her er han ved dei tidlegare kornsiloane, no studentbustadene, ved Akerselva i Oslo.
NY TID: Bjørn Eidem frå forskingsinstituttet Ruralis meiner Noreg bør reetablere kornberedskap. Her er han ved dei tidlegare kornsiloane, no studentbustadene, ved Akerselva i Oslo. Foto: Hanne Marie Lenth Solbø/Klassekampen.

Kornsilo kan bli bustadar

STOPP: I Stavanger kan den tidlegare beredskapssiloen for korn bli leilegheiter. Lokalpolitikarar er positive, men ekspert på mattryggleik meiner siloen er godt eigna til lager.

Publisert med tillatelse fra Klassekampen.

– Beskjeden til Stavanger er at dei må tenka seg om, seier Bjørn Eidem, utgreiar ved Ruralis, Institutt for rural- og regionalforsking.

Eidem har jobba med mattryggleik og internasjonale marknadar i lang tid, og han meiner dei høge energi- og gjødselprisane i verda er urovekkande.

Som Klassekampen nyleg skreiv, droppar Hedmark-bonde Hans Jørgen Boye kveiteproduksjonen i år på grunn av dårlege utsikter for inntening. Det er Russland som er den største kveiteeksportøren i verda. Landet har nyleg innført høgare avgifter på eksport og redusert eksportkvotane, ifølge Eidem.

– Me er halvvegs til ei krise. Men situasjonen er alvorleg no. Fattige får meir problem med å kjøpa mat, seier Eidem, som understrekar at Noreg også har eit ansvar for den globale matsituasjonen.

Vil ha silo

Med dette bakteppet blir spørsmålet om den nasjonale beredskapen for kornlagring brennaktuelt igjen, meiner han.

I Hurdalsplattforma står det klart: Regjeringa vil «etablere beredskapslagring for korn». Men snart hundre dagar inn i regjeringsperioden er ingen planar om å etablera beredskapslagring lagt fram.

Samstundes blir det i Stavanger jobba for at siloen som var det siste beredskapslageret i drift, skal omregulerast til bustadar. Felleskjøpet Agri, som eig hamnesiloen, vil heller bygga opp kapasitet andre stadar i landet, nærare norske kornbønder. Eidem meiner derimot at siloen i Stavanger er godt eigna fordi han ligg ved ei hamn.

– Beredskap handlar ikkje berre om å lagra norsk korn. Det handlar også om å lagra importert korn. Siloen må ligga ved ei hamn, seier han.

– Så dei bør ikkje forhasta seg med omregulering?

– Dette er den siste siloane av dei verkeleg store som er att, og som monnar litt. Det er all grunn til å gjera ei grundig samfunnsanalyse før ei endring, seier han.

Det tidlegare statlege beredskapslageret for korn i Stavanger var det største kornlageret i Nord-Europa. Forslaget om ei omregulering til nye formål var oppe i utval for byutvikling i Stavanger i fjor, og det skal no på høyring. Leiar for utval for by og samfunnsutvikling Frode Myrhol i Stavanger er begeistra for planane om bustadar på silotomta, gitt at det kan byggast lagringskapasitet for korn andre stadar.

– Ja, eg synest dette er eit godt byutviklingsprosjekt.

Fleire lærdommar

Også koronapandemien, og stenginga av Suez-kanalen då eit lasteskip la seg på tvers i slutten av mars i fjor, er lærdommar som bør få fart på ein ny, norsk kornsilo for beredskap, meiner Eidem.

«Det er feil av Noreg som eit rikt land å unndra seg jobben med å halda beredskapslager for korn»

— BJØRN EIDEM, RURALIS

– I tillegg er det militær uro i Europa, som føregår midt i Europas kornkammer. Me har fått fleire lærepengar no.

Etter Russland, USA og Canada er Ukraina den største kveiteeksportøren, ifølge Eidem.

Sjølv om andre kornslag kan produserast med mindre bruk av kunstgjødsel, og at det kan vera bra for landbruket i verda å begrensa kunstgjødselbruken, har kveite den funksjon at den kan brukast i gjærbakst og hevar. I brød, bollar og pizza er kveite viktig.

– Mange meiner det var høge prisar og mangel på kveite som var ein av dei viktigaste utløysarane til Den arabiske våren, seier Eidem.

Det er særleg som eit solidarisk bidrag til å halda lagra oppe på den internasjonale kornmarknaden, at Noreg bør ta kostnaden med å ha eit lager, meiner Eidem.

– Eg meiner det er feil av Noreg som eit rikt land å unndra seg jobben med å halda beredskapslager for korn. Det er ein måte å ta internasjonalt ansvar, seier han.

– Me kan alltid kjøpa oss ut av ei knipe?

– Ja, det er solidaritetsdimensjonen ved den strategien som er eit problem, meiner eg.

Klassekampen 18.01.2022