Traktor i innhøstingsklar kornåker
Traktor i innhøstingsklar kornåker Foto: Odd Roger K. Langørgen/Ruralis

Karl Marx på jordet

Bonden, naturen og klimaet lid under kapitalen sin stumme tvang. Vi treng eit nytt bondeopprør for ei betre driftsform i landbruket.

Lenge følte eg på det som eg no ser kan kallast kapitalen si stumme tvang. Heilt sidan eg var tidleg i tenåra, hugsar eg at eg gjekk og tenkte og grubla på kor fortvilt det var med denne gardsdrifta. Ikkje det at me lei noko naud, men det var dette med at mykje av bygg og maskinar på garden var gamle, og at lønsemda var ikkje god.

Far min lufta støtt og stadig tankar om at han berre skulle gi seg med den gardsdrifta. Han sa ofte på føresommaren, då kyrne skulle ha mjølkepause før ny kalving: «Nei, til hausten veit eg ikkje om eg gidd mjølka lenger». Men kvar haust kalva kyrne våre; det vart mjølking endå eit år i det gamle fjøset. Eg tenkte: Kunne me ikkje berre få driva denne garden i fred? Eg kjende på eit lågt usynleg tak som me stanga i, noko som hindra oss i å driva jorda og dyra her, noko alt-overhengande og uhandgripeleg som likevel greip inn i kvardagen i aller høgste grad. Det, har eg funne ut, var det Karl Marx kalla «kapitalen si stumme tvang».

No nyleg var det ikkje på grunn av, men trass i, den rådande stoda, at far og mor mi likevel i fjor, etter femten år med grubling og tvil, bygga eit nytt mjølkefjøs med robot. Men kva er det som held oss i kapitalen si stumme tvang?

Det byrjar med det absurde i at landbruket – denne i utgangspunktet fullstendig sirkulære, lokale og sjølvgåande prosessen – i dag drivast med tunge innslag av fossil energi, og med ressursar frå andre sida av verda. Eg tek meg i å tenkja på dette somme gonger når eg køyrer hevd (møkk) eller fraktar sauene til heia: Her brukar eg fossile, forureinande, ikkje-fornybare ressursar på å leggja til rette for biologiske, sirkulære prosessar. Og kyrne våre, dei som mjølkar 8–9 tusen liter i året, dei fòrast med kraftfôr som delvis kjem langvegs frå. Eg tenkjer på det når eg ser Stjerna, den nokså bestemte og fjøskjære kua vår, koma resolutt inn frå beite til fjøset, kor kraftfôret er. Berre slik kan dei mjølka det som marginane og marknaden krev.

Denne måten å driva på fører med seg fleire problematiske trendar. Det går knapt ein dag utan at ei nettavis viser til dei store klimagassutsleppa frå landbruket. Og, då er det ikkje eingong dei fossile utsleppa dei viser til, men dei biologiske metanutsleppa frå dyra. 8 prosent av dei norske utsleppa, 24 prosent av dei globale. Metan med 28 gonger høgare varmeeffekt enn CO2, men trass alt med ei halveringstid på ti år, då.

Også på ressursnivået er det problem som lenge har vore kjende. Det går ein straum av ressursar og næringsstoff mellom kontinent og verdsdelar som ikkje er bra: i Nord- og Sør-Amerika blir jorda tappa for nitrogen og fosfor, og dette tapet vert erstatta med auka bruk av mineralgjødsel. Asia og Europa på den andre sida, får ei opphoping av nitrogen og fosfor gjennom importerte kraftfôrråvarer til husdyrfôr.

Siste ti-tolv åra har meir enn 7000 gardar vorte nedlagde i Noreg. Samstundes har talet på mjølkekyr per bruk auka frå 20 til 30 kyr i snitt. Bruken av kraftfôr i mjølkeproduksjonen auka frå 35 prosent på energibasis sidan tidleg på 2000-talet, til mest 45 prosent i dag. Me slit konstant med overproduksjon, samstundes med at sjølvforsyningsgraden går nedover.

I økonomien står det heller ikkje bra til med norsk landbruk. Gjelda er høg, innteninga låg. Bondeopprøret har vist klart at næringa har store strukturelle, økonomiske utfordringar.

Kort sagt: landbruket i dag står ovanfor tre overordna og overhengande problem: eit klimaproblem, eit ressursproblem og eit økonomisk problem. Kva er så løysinga på dette? Mange vil seia ny teknologi. Teknologien skal gjera oss klimavenlege, teknologien skal gjera oss endå meir ressurseffektive, teknologien skal effektivisera drifta og økonomien. Men, teknologien er også ein del av problemet.

Teknologiane er representantar for den rørlege, globale kapitalen. Kapital er eigentleg ikkje anna enn verdi i sirkulasjon, og den søker alltid å auka seg. Stikkordet her, det som alt kokar ned til, er: billig. Kapitalen søker å gjera at den må av med minst mogleg for å auka mest mogleg. Dimed vil den av med minst mogleg til arbeidet (altså menneska og naturen) som den jo i utgangspunktet skapar verdiane frå. Ved å stadig pressa ned det som blir att hjå den som arbeider, via effektiviserande teknologi, og ved å lata som om naturen er gratis, aukar kapitalen volumet og dimed verdien på det som totalt sett blir selde.

«Far min lufta stadig tankar om at han berre skulle gi seg med gardsdrifta»

Gjennom at bonden blir avhengig av desse teknologane, og gjennom at dei endrar natur og dyr og arbeidsrutinar, så utgjer dette ei form for makt som skriv seg frå kapitalen sin sirkulasjon gjennom teknologien, naturen og menneska. Sirkulasjon av kapital er eigentleg ikkje anna enn eit mangfald av relasjonar mellom menneske, og mellom menneske og varer. Det er i forminga av desse relasjonane at kapitalen si stumme tvang ligg.

Etter kvart som produksjonen blir gjort meir effektiv med teknologi som bonden også blir meir avhengig av, i det kapitalen standardiserer og legg under seg alt frå kua sin laktasjonssyklus til ugrasmiddelet me brukar, og traktoren me køyrer, kan kapitalen på perverst vis stadig sørga for at det blir produsert stadig meir til ein lågare pris, og få auka seg stadig meir gjennom auka konsum i auka volum. Bonden sitt at med auka gjeld og auka produktivitet som gjer at ho må springa fortare inn i eit avhengigheitsforhold til kapitalen og teknologien. Den danske filosofen Søren Mau har beskrive dette som at kapitalen skriv seg inn den sosiale reproduksjonen si materielle verkelegheit.

Før var bonden og kua og jorda i ein verdiskapingsprosess som naturen og bonden styrte, og som kunne gi eit utkomme. Ikkje no lenger: for det første gjer kapitalen naturen og arbeidskrafta til dei billegaste og mest grunnleggjande inputs i vareproduksjonen; for det andre så forringar, tvingar og nedverdigar kapitalen naturen og arbeidet utan omsyn til bruksverdiar, eigenverdi eller naturgitte førehald.

Kapitalen si stumme tvang er med på å forsterka alle dei tre problema som landbruket står overfor i dag:

  • klimaproblematikk gjennom ei stadig auka produksjon av husdyr og bruk av fossile innsatsfaktorar;
  • ressursproblematikken gjennom ei stadig nedgradering av naturressursane i form av gjera dei billige og dimed oppfordra til utbytting over landegrenser og til monokulturar;
  • bonden si dårlege lønsemd ved å gi frå seg minst mogleg til arbeidet og naturen, og i staden binda verdiar opp i gjeld, og kapital.

Midt oppe i dette står eg og mor og far med det store nye fjøset vårt, med gjeld på mange millionar, med kyr som skal mjølka mykje på meir kraftfôr, med ein robot kor kapasiteten skal utnyttast, med ei stor arbeidsmengd ventande, og truleg med ei auke i produksjonen i vente. I dette, som er ganske representativt for norsk landbruk, i alle all for mjølkeproduksjonen, ligg potensialet til å bli endå djupare integrert i kapitalen si stumme tvang. Og kva med klimautfordringa? Også her held me fram som før, fleire dyr, nye bygg og maskinar med store utslepp. No vil Tine til og med senda mjølk til Asia, volumet og utsleppa aukar.

Det aller næraste vil alltid vera det sosiale, den fellesskapen me har saman som bønder, sambygdingar og familie. Då bondeopprøret 2021 starta, var det dette som vart mobilisert, dei tok fatt i noko som veldig mange hadde gått og kjent, og dei løfta det fram på den nasjonale scena. Dette opprøret har alt fått varige verknader. Men me kan ikkje stoppa her. Me treng eit endå breiare og større bondeopprør der me, for å seia det ganske pompøst, frir oss frå kapitalen sine lenker, frå kapitalen si stumme tvang. Ikkje berre for å berga oss sjølve, men også for å berga framtida og klimaet.

Korleis kan med driva på ein sirkulær måte att, som ikkje bidreg til klimakrisa, men som tvert om kan hjelpa, med ei driftsform der bonden sitt arbeid gir både levebrød og livskvalitet – ikkje gjeld og bekymringar. Det må handla om å få kontroll over kvardagen på ein måte som gjer at me ikkje stadig må produsera meir kjøt, meir mjølk, skaffa meir gjeld, nye maskinar og nye fjøs.

Er det ein ting som Karl Marx lærde oss, så er det at økonomiske relasjonar eigentleg er løynde sosiale relasjonar, og sosiale relasjonar kan endrast fordi dei er summen av menneskelege handlingar. Dersom kapitalen utsett oss for stum tvang, så må me gå utan om den: Reko-ringar, innkjøpslag og nye former for samvirke frå grasrota er ting me treng – dei konsernifiserte samvirka me i dag har, er diverre ofte ein del av problemet, heller enn løysinga.

Me treng å verdsetja naturen på heilt nye måtar – den er ikkje ein gratis produksjonsfaktor for kapitalen, men ein grunnressurs som bonden forvaltar. Ho bør få betalt deretter. Slik det er i dag, blir verdien frå jorda bortført, forkledd som profitt hjå daglegvarekjedene, industrien og teknologiselskapa.

Dersom bøndene reiser seg og peikar på kapitalen si stumme tvang som bind oss opp i forhold som er øydeleggjande for oss sjølve, men ikkje minst for ressursane og klimaet vårt, så kan me få ei skare av folk med oss. For det handlar om maten som alle et, og om jorda som alle skal arva. Kven er betre skikka til å start eit slikt opprør enn me som har mold under neglene? Me forvaltar jo nemleg verdi som kjem av naturen sine eigne prosessar, i utgangspunktet utan kapital og utan teknologi. Korleis kan me gjera dette til ein fordel?

Av jord er det kome, står det skrive i den store boka. Eg tykkjer me skal ta med oss Karl Marx på jordet, og sjå kva som kan koma av det.

Kronikken blei publisert i Klassekampen 4.10.2022.