Pløying av åker
Naturressursar: Alt du kan sjå rundt deg i distrikt etter distrikt i dette landet handlar om å foredle natur til livsgrunnlag for folk. Her pløying av åker. Foto: Harald A. Lein

Kronikk: Distriktsmelding i geopolitikkens tid

Framfor stortingsvalet i fjor var det rift om å ha den beste distriktspolitikken. Alle partia på den sida som vann valet, ville fornye og oppjustere distriktspolitikken. Så vart det stille.

På Stortinget og i Kommunal- og distriktsdepartementet arbeider dei med ei ny distriktsmelding. Regjeringa Støre synest å vera mest opptatt av økonomisk krise og krig. Ja, sjølv klima og det grøne skiftet har til ein viss grad måtta vike for energiforsyning og krigen i Europa.

Krigen må ta slutt ein gong, og kan det i det heile tenkjast eit grønt skifte utan ein fornya distriktspolitikk?

Til det grøne skiftet trengst både fred, opne handelsvegar og fossilfri energi – mykje energi. Sjølv om vi aksepterer premisset om at utvinning av olje og gass skal vera brua som tar oss over til det grøne skiftet, må det også andre ressursar til for å bringe oss til ein sirkulær økonomi.

Kor finn vi desse ressursane? Og kor finn vi folka som skal vinn dei ut, forme dei om og frakte dei til marknader heime og ute? I denne avisa treng eg ikkje svare: Alle veit at dei aller fleste naturressursane og folka som utvinn dei finst i distrikta.

Distriktsnæringane er ikkje noe evighetsmaskin. «Alt» er distriktspolitikk; frå utvinning av malm til produksjon av metall, frå temming av fossar og foredling av elektrisitet til batteri og hydrogen. Frå dyrking av jord til folkemat og fôr til planting av skog for å bygge hus og binde karbon. Frå tråling av hav til utsetting av merdar for laks og aure. Ja, alt du kan sjå rundt deg i distrikt etter distrikt i dette landet handlar om å foredle natur til livsgrunnlag for folk.

Skatt

«All ære til Slagsvold Vedum for at han snudde og fekk med seg sitt eige parti og Ap å innføre skatt på grunnrenta i oppdrett og vindkraft.»

«Utan distriktspolitikk er vi forsvarslause», skreiv Anne Ekornholmen her i avisa 5. oktober. Med nye geopolitiske realitetar har nordområda på nytt kome i brennpunktet. Det var i nord distriktspolitikken starta, med Utbyggingsprogrammet for Nord-Norge av 1951, midt under opptakten til den kalde krigen.

Denne såkalla Nord-Norge-planen, vart møtt både med- og motstemmer (jamfør Brox: Hva skjer i Nord Norge). Men etter tidleg 1960-tal har det ikkje vore muleg å regjere Norge utan distriktspolitikk.

For kva om det ikkje budde folk i distrikta der ressursane ligg: I berget, i vassdraga, i skogane, til fjells, på vidda, ved sjøen, på markene? Det er arbeidsfolket i små, mellomstore og store bedrifter i distrikta som både skal verne landet og ta oss over brua til det grøne skiftet.

All ære til Slagsvold Vedum for at han snudde og fekk med seg sitt eige parti og Ap å innføre skatt på grunnrenta i oppdrett og vindkraft. Det måtte ein krise til. Kreative politikarar kom opp med ei fordeling 50/50 mellom stat og vertskommune som er til å leva med.

Men eg håper at toget enno ikkje har gått for ei tredeling, der noe skal gå til dei kommunane som ikkje har vasskraft, vindkraft, havbruk eller ilandføring eller service for olje og gass. Eirik Magnus Fuglestad og eg har foreslått eit distriktspolitisk grunnrentefond til fordeling.

Den rike staten vår kunne avstå halvparten av sine 50 prosent til dette grunnrentefondet. Midlane kunne forvaltast av ei ny institusjon: Distriktenes Grunnrentefond. For å koma raskt i gang og for å styrke institusjonen med folk og kompetanse, kunne fondet tilførast vise oppgåver og verkemiddel frå Innovasjon Noreg.

Det er utruleg viktig, både geopolitisk og distriktspolitisk med eit desentralisert, postgymnasialt studietilbod over heile landet, slik det vart lagt opp til med distriktshøgskulane på 1970-talet. Dei desentraliserte høgskulane og dei nye universiteta har både rekruttert ungdom til studiar i distrikta og bidratt med kompetent arbeidskraft til næringslivet i omlandet, både i privat og offentleg sektor.

Men her har akademiseringa tatt overhand og mastersjuka hjelper ikkje distrikta med meir relevant arbeidskraft til dei praktiske yrka.

Her kunne fagskulane med 28.000 studentar gjort ein forskjell, men som ein fersk rapport frå «Kompetansebehovsutvalet» slår fast at « … den geografiske plasseringa av fagskular er ikkje meir desentral enn universitet og høgskular». Ei trøyst kan det vera at «ein mykje større del av studentane tek nettbasert undervisning, faktisk gjorde nær halvparten av alle fagskulestudentane det i 2020»

Fagskulane utdannar nettopp den typen fagfolk som trengst til det grøne skiftet. Ansvaret for denne utfordringa ligg hos minister for høgare utdanning Ola Borten Moe (Sp), men denne problemstillinga bør også løftast fram og drøftast i den nye distriktsmeldinga.

Dette er noen av dei problemstillingane som blir sett under debatt på Ruralis sin distriktskonferanse i Stjørdal 18. oktober. Der møtest fag og politikk, ikkje til mannjamning og dyst, men til dugnad for ein distriktspolitikk som er stor nok til å møte dei geopolitiske utfordringane og romme det grøne skiftet.

Denne kronikken stod på trykk i Nationen den 12.10.2022.