Gammelt sauefjøs
Gammelt sauefjøs Foto: Odd Roger K. Langørgen

Kvifor ikkje lage småbruk når det er småbruk folk vil ha?

«Småbruk» har i mange år toppa Finn.no si liste over dei mest søkte eigedomane. Bør ikkje landbruket og bygdene produsere «småbruk», når det er småbruk folk vil ha?

Småbruk er ingen juridisk kategori og det er eit kaotisk omgrep. Tradisjonelt var eit småbruk eit gardsbruk som ikkje ga full sysselsetting. Attåtinntekter frå skogsarbeid, fiske og gardsarbeid for lønn måtte til for å skaffe levebrød til familien som budde der.

Som regel var det mannen som var ute i lønsarbeid, i dag er dette forandra. På det moderne småbruket er det helst kvinna i eit parforhold, eller helst begge to, som er ute i lønna arbeid, på heil- eller deltid. Småbruket har i stigande grad vorte i ein buplass etter kvart som jordbruksdrifta har vorte nedtrappa.

Dyr som gris, sauer og høner er erstatta med hest, katt og hund. Mens bustadhuset blir pussa opp eller bygd nytt, står uthus til forfalls eller har fått nye funksjonar.

Regjeringa Støre/Vedum har starta ein reform der kommunane kan søke om å bli frikommunar med fritak for lovverk og statlege forskrifter på avgrensa område.

På Lokalsamfunnskonferansen 2023 spurte eg statssekretær Gunn Karin Gjul (Ap) i Kommunal- og distriktsdepartementet om det kan vera «innafor» målskiva om ein kommune søkte om fritak frå lover og forskrifter for å dele ifrå eit bruksnummer med bustad med stor tomt og dyrkajord. Dyrkajord og skog kunne leggast til eit nabobruk.

«Æ tør itj å svar på det spørsmålet, og det trur æ at du veit, Almås», var svaret. Argumentet her, som eg sjølvsagt veit, er at lovene ligg til Landbruks- og matdepartementet. Så da er vi like langt. Men det må gå an å snakke saman mellom statsrådar, sjølv om det ikkje synest å skje for tida.

Etter spørsmålet fekk eg fleire motførestillingar: Kva med dei som driv jorda i dag? Bør ikkje dei få forkjøpsrett? Sjølvsagt, det bør inngå i frikommuneforsøket. Da oppnår ein ei anna målsetting; om betre arrondering og at meir av dyrkajorda skal eigast av dei som driv den. Sist eg sjekka var det berre 55 prosent.

Ein ordførar ville vita kor stort det frådelte småbruket burde vera. Eg tenker meg frå 5 til 35 dekar, medrekna skogholt, bekkefar og steinrøyser. Lars Sponheim fekk i si tid flytta grensa for bu- og driveplikt i konsesjonslova til 35 dekar dyrka og/eller dyrkbar jord eller 100 dekar skog. ,

Ein aktiv deltakar på Facebook-sida Venner av norsk landbruk peikar på at frådeling av småbruk vil synleggjera verdiar som i dag er kraftig undervurderte. Noen vil meine at det er bra med slik verdiskaping, andre vil derimot hevde at det gjer det vanskelegare å hald prisen på landbrukseigedomar nede, slik at nye brukarar kan reise nok pengar til å ta over. Eg er ikkje så sikker på det.

Kanskje frådeling av eit «småbruk» nettopp kan reise kapital til bruksutbygging eller utløysing av søsken i eit arveoppgjer. Ingen er tente med å halde marknadsverdiar skjult. Ja, men «småbruka» vil oppnå høgast pris i bynære strok, vil andre innvende. Og kva så? Oppnår ikkje tomtegrunn, grustak og veggrunn også høgast pris i sentrale strok?

Ein bondeleiar innvenda at vi ikkje må sjå oss blinde på at jordvegen på eit småbruk kastar lite av seg i dag. Det kan koma tider da slike bruk trengst for å produsere nok mat. Jau, slike tide ikkje berre kan, men vil koma. Min tanke er at da vil dyrkajord og andre landbruksressursar vera i best hevd om dei bli drivne av ein aktiv levebrødsbonde.

Ja, småbruk er så etterspurde i dag, at når slike eigedomar kjem på sal, så er det ein liten hær av særleg unge folk som møter opp på visning. Kva er dei ute etter, i tillegg til ein heim med stort real rundt seg? Inntrykket mitt etter å ha snakka med ein god del av dei, er at dei først og fremst vil ha god plass rundt seg. Dernest er det mange som leitar etter ein heim der dei kan få utfalde seg i naturen.

Mange har bulyst der dei kan omforme naturen, bygge seg hus og heim, dyrke litt jord, skape hagar og vakre minilandskap. Å halde plasskrevjande dyr, alt frå mindre dyr som kanin og høner til større dyr som hund og hest, er òg eit ønske hos dei som ønsker seg til bygda. Mange har behov for halde på med noko meiningsfylt på fritida, etter arbeidstid eller etter avslutta yrkesliv.

Eit småbruk gjev rom for å utfalde seg med ein hobby eller stadig å bygge på og om hus av varierande alder. Med tiltakande gjengroing, er vedlikehald av kulturlandskap ei samfunnsnyttig oppgåve som synest meiningsfull for mange av dei nye bygdefolka.

“Det er på tide å slakte ei heilag ku, at det som tradisjonelt skulle vera eit levebrødsbruk framleis skal vera det.”

Det er på tide å slakte ei heilag ku, at det som tradisjonelt skulle vera eit levebrødsbruk framleis skal vera det. Busettinga av Norge dei siste hundreåra vart til gjennom deling av eigedomar, eller eigedomsutvikling med eit moderne ord.

Til og med i regjeringsapparatet er det ikkje berre stolte ættegardsnamn som Støre, Slagsvold, Vedum, Mehl, Bartnes, Bjelland, Syrstad, Vangen, Laugsand, Eide, Moe og Borten, men namn på rydnings- og husmannsbruk som Nygård, Trettebergstuen, Brenna, Aanerud, Aunan, Haugsbakken, Bjørnflaten, Endrerud, Narud, Porsanger, Sætran, Aasen og Krat Bjørkholt.

Etternamna våre viser korleis Norge vart bygd. Slik vart det rydda og slik kan vi utvikle landet vidare gjennom eigedomsutvikling på bygda. Ein meir inngåande diskusjon av dette og andre tema rundt bygdeutvikling vil ein finne i boka «Kva skjer i Bygde-Norge», som kjem ut på Dreyers forlag i februar.

Denne kronikken vert publisert i Nationen den 20.1.2023.