Hopp til navigasjon Hopp til bunnområdeHopp til innhold
Foto: Eirik M. Fuglestad
Foto: Eirik M. Fuglestad

Kronikk: Maten, naturen og arbeidet blir konsekvent plassert på botnen

I ein debatt i Nationen før nyttår var Vegard Vigdenes, Leif Grutle og Grim Åsgard ikkje nøgde med at Klaus Mittenzwei føresleg at jordbruket bør få meir av inntektene frå statlege subsidiar.

DEBATTINNLEGG

Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Dei tre Småbrukarlagsrepresentantane lagar eit skilje mellom kva subsidiar skal vera til for, og kva marknadspris skal vera til for: marknadsprisen skal reflektera produksjonskostnadane i jordbruket, og sørga for produksjon i tråd med etterspurnaden, medan subsidiane skal sørga for at landbruket følger opp dei politiske målsetjingane som det har fått.

 

Når dei tre så insisterer på at marknadspris bør dekka produksjonskostnadane, så er det ein fin og fornuftig tanke. Problemet er berre at det ikkje er slik i røynda. Og det kan neppe bli slik i ei røynd som er styrt av marknadens logikk.

Slik eg les innlegget, meiner dei at me kan auka tollsatsane for å kompensera for dei høge produksjonskostnadane i Noreg, og slikt kan betalingsvilje for dei norske varene bli høgare fordi dei utanlandske varene blir dyrare. Men, å insistera på at bøndene skal kunna få dekka produksjonskostnadane sine ved prisar i marknaden er truleg fånyttes fordi prismekanismane verkar på den måten at dei utsletter eigenverdi som natur og arbeid måtte ha.

I marknadslogikken er verdi i hovudsak redusert til tom byteverdi som dei mektigaste aktørane i marknaden sett. Høgare tollsatsar vil truleg berre føra til at dei sterkaste marknadsaktørane her heime karar til seg endå meir.

Det var som mottiltak mot dette at bøndene forma samvirka i si tid. Men heller ikkje samvirka evnar å bøta på det faktum at slik marknadsmekanismane verkar i dag, har prisen som bonden får lite å gjera med produksjonskostnad. I stor grad blir prisen sett av kva kjøpar (butikkane) er villig til å betala. Dette blir også ein måte å verdsetja varene på. Og dei som rår marknaden er ikkje villige til å verdsetja maten høgt nok til at bonden får nok att for den: dei søker i staden å gjera maten så lite verdt som mogleg ovanfor bonden. Slik kan dei sjølv selja den med profitt til forbrukaren.

 

Mat har heilt sidan jordbruket vart integrert i den kapitalistiske marknaden hatt ein synkande bytteverdi for bonden, slik at «dei som beveger verda» kan pressa ned det dei må gi både bonde og arbeidar til eit absolutt minimum. I staden blir store verdiar akkumulert i gigantiske eigedommar, formuar og fond. Maten, naturen og arbeidet blir konsekvent plassert på botnen av kapitalens hierarki for å mogleggjera at kapital blir samla på toppen. Dette er ingen naturlov, men det er marknaden sin lov.

Dersom bøndene verkeleg vil ha betalt det som arbeidet, jorda og naturen er verd, så bør dei og må dei insistera på at det leggast til grunn eit heilt anna syn på kva mat, arbeid og natur er verdt. Dette kan berre gjerast gjennom samfunnskontrakten som bøndene har med staten. I denne samanhengen blir subsidiar heilt essensielt.

Gjennom subsidiane kan bøndene og samfunnet diskutera og koma fram til kva dei meiner maten skal vera verdt. Marknaden er som retten: blind. Og marknaden kan derfor heller ikkje ta omsyn til faktiske forskjellar i verdi og verdsetjing. Den demokratiske staten på den andre sida, kan det, og skal gjera det. Men, dersom bøndene i staden bind seg til marknaden, er kampen tapt før den startar.

Det ei kjensgjerning at eit marknadsbasert system som prøver å gi bøndene betalt for produsert volum har vore med på å gi oss eit jordbruk som ikkje fungerer optimalt: me har stadig overproduksjon og låge prisar til bøndene, me har låg sjølvforsyning og stor bruksnedlegging, og me har eit jordbruk som ikkje klarer å produsera varene sine innafor økologiske og klimatiske tolegrenser.

Med subsidiar kan me søka å få ein jordbruksproduksjon som både sett rett verdi på det som produserast, og me kan sørga for at maten blir produsert på måtar som er bra både for bonden og naturen. Det er sjølvsagt ein føresetnad her at subsidiane blir retta slik at dei stimulerer til produksjon av den maten samfunnet treng, og slik at maten blir produsert berekraftig og på norske ressursar.

Til sist vil eg peika på at auka tollvern også er ei form for støtte til næringa, men det er ei støtte mest utan retning. Subsidiar kan på den andre sida formast slik at dei direkte stimulerer til den produksjonen samfunnet vil at bøndene skal gi.