hands holding growing on coins
Illustrasjon: Colourbox

Kronikk: Vekstens evangelium

«Økonomisk vekst er en forutsetning for velferd, verdiskaping og arbeidsplasser. Fremover må vekst baseres på utslippsfrie teknologier og løsninger, og mer bærekraftige forretningsmodeller,» messar Anniken Hauglie på autopilot i Klassekampen 15. juni, som om dette var ei gudgitt sanning, eller ei naturlov.

Utsegna til Hauglie er langt frå unik, den seg inn i ei lang rekke nesten heilt like utsegn som stadig blir gjenteke av maktmenneske. Heilt sidan eg for eit par år sidan byrja å engasjera meg i alternativ til vekst, har dei mange postulata om nødvendigheita og den ibuande godheita av økonomisk vekst ført til ei aukande motløyse i meg.

Det er ein tragedie i sanntid me ser; alle med makt, alle som har noko dei skulle sagt i politikken og i det såkalla næringslivet, trur genuint på at økonomisk vekst ikkje berre er automatisk kopla til velstand, verdiskaping og arbeidsplassar, dei trur jaggu også at økonomisk vekst skal berga kloden frå dei problema som den same økonomiske veksten har skapt!

Koplinga mellom økonomisk vekst, velstand og verdiskaping er ikkje universell, og den ikkje er utan forbehald. Aksiomet om at økonomien må vera i stadig vekst er historisk svært nytt, truleg knapt 100 år. Berre dei villaste kapitalistane ville for 200 år sidan kome på noko så absurd som at vekst er mål for samfunnet. Koplinga mellom vekst, velstand og det me breitt forstått ser som «framskritt» er verken nødvendig eller sikker.

Den utan samanlikning største vekstperioden i historia har funne stad etter 1945, parallelt med den utan samanlikning største naturøydelegginga i menneska si historie. Det er også sant at veksten har ført med seg velstand og teknologiske nyvinningar. Men å meina at det er veksten i seg sølv som er gode, er likevel høgst tvilsamt. Hadde det ikkje vore for mellom anna den krafta og makta som arbeidarrørsla hadde i starten på denne historiske perioden, ville me truleg i dag alt levd i det groteske ulikskapssamfunnet me no kan skimta i horisonten – i eit samfunn med økonomisk ulikskap som kanskje ville likna Manchester under den industrielle revolusjonen.

Me kjenner ikkje i dag vekstens ulikskapslogikk, for den er tilslørt av eit historisk lukketreff, men dei økologiske konsekvensane er klare nok for oss.

«Vekstens ulikskapslogikk er tilslørt av eit historisk lukketreff, men dei økologiske konsekvensane er klare nok»

Eirik Magnus Fuglestad

Den einaste grunnen til at det med ei viss fornuft i behald går an å tru på at økonomisk vekst skal redda oss frå økologisk krise, er vår tids messianske evangelium: «utslippsfrie teknologier og løsninger, og mer bærekraftige forretningsmodeller», som Hauglie så fint har formulert det. Den som trur på dette skal ikkje gå fortapt, men ha evig vekst til evig tid. Dette er like høgtsvevande, innhaldslaust og håpefullt som ei truvedkjenning.

La oss tenkja oss ein tenåring i 2080, som står der oppi ein økologisk og sosial katastrofe, omgitt av teknologiar som me ikkje ei gong kan førestilla oss; kraftige teknologiar som har gjort at me kan gjera alt så mykje meir effektivt, ta meir natur, skapa, byggja meir og produsera mykje meir energi mykje raskare og gjera dei som tener mykje pengar endå meir uhorveleg rike. Når denne personen så spør kva me i 2024 gjorde for å stoppa dette, får hen til svar at det me gjorde var å satsa på «mer bærekraftige forretningsmodeller» og nye teknologiar.

Undringa ville nok vore stor, men ikkje større enn alle hola me då må ha laga i jorda for å få nok av alle dei minerala me treng, ikkje større enn solcelleparkane som kanskje då dekker heile kontinent, ikkje kraftigare enn dei mange atomkraftverka som står og røyker på kvart eit nes, og ikkje større enn avfallsdeponia som kanskje fyller heile nasjonalparkar, ikkje større enn formuane til dei som har tent pengar på økonomisk vekst medan dei har selt grøne teknologiar.

Ikkje i eit einaste augneblikk soppar vekstfolket opp og spør seg; kva treng me? Kor vil me? Kva kan me gjera annleis? Det er dette som gjer meg så fortvila, at nesten ingen av dei med økonomisk eller politisk makt evnar å gi oss nokre visjonar eller strategiar for kvar me vil som samfunn, om korleis me kan få gode liv, korleis me kan dela goda rettferdig og ikkje minst korleis me kan stoppa den økologiske katastrofen me er på veg mot. I staden går det på autopilot med «meir vekst raskare» for å parafrasera den famøse NOU-en om energiomstilling.

Det får meg til å tenkja på dei forstokka generalane i den første verdskrigen: dei fekk ikkje framgang på slagmarka trass i mange hundre tusen soldatar, og då meinte dei at svaret måtte vera å berre senda endå fleire hundre tusen menneske inn i kjøttkverna ved skyttargravene – i spedd stadig meir effektiv teknologi – og slik helt dei fram. Heilt til ein heil generasjon menn var utrydda, medan grensene ved skyttargravene vart dei same. På same vis gassar me på med vekst og teknologiar, det vil me nok halda fram med til heile kloden brenn.

Det me treng er ikkje økonomisk vekst, det me treng er eit samfunn som kan sjå verdiane i alt som i dag ikkje har noko økonomisk verdi. Korleis kan me skapa å dela verdi utan evig vekst? Det er ikkje ein uoppnåeleg utopi, men naudsynt realisme. Det er desse spørsmåla næringsliv og politikarar bør diskutera, i staden er dei som besette eller hypnotiserte til berre å diskutera vekst.

Men det er evig vekst som er den verkeleg umoglege utopien som berre kan føra gale av stad.

Denne kronikken ble publisert i Klassekampen den 20.06.2024.