Svak analyse av vår svake analyse
Skrevet av
Publisert: 27 januar 2026
Oppdatert: 30 januar 2026
Fagområder
Del artikkel:
Ei svak analyse, skriv Klaus Mittenzwei om vår kronikk der me viser til fleire problematiske sider ved privat leige av mjølkekvotar.
Dette er et debattinnlegg, skrevet av forsker Eirik Magnus Fuglestad, Ruralis, Torbjørn Tufte, Agri Analyse, Ola Flaten, Nibio. Innlegget gir uttrykk for skribentenes holdninger.
Mittenzwei meiner at me overdriv dei negative konsekvensane av kvoteleige. Etter vår vurdering er det motsett: Dei økonomiske utslaga av dagens leigesystem er langt større for den aktive mjølkebonde og vidare i verdikjeda for mjølk enn tala Mittenzwei viser til.
Mittenzwei viser mellom anna til Budsjettnemnda, der kostnadane ved kvoteleige i 2025 vert berekna til 39 millionar kroner, eit tal som verkar lågt. Men dette anslaget omfattar berre pengar som går ut av jordbrukssektoren til passive utleigarar utan næringsinntekt frå jordbruket. Leigeprisen som ligg til grunn er 65 øre per liter.
I til dømes 2021 kom derimot 75 prosent av alt leigevolum frå bruk i aktiv drift. Reknemåten som Mittenzwei visar til fangar dirfor berre opp ein fjerdedel av den faktiske leiga, medan kostnadane knytt til dei resterande 75 prosent av leigekvoten vert usynlege.
Gryttenutvalet gir et anna bilete. I denne rapporten kan me lesa at 333 millionar liter kvote vart leigd ut i 2021 (utanom samdrifter), og her vart leigepris estimert til 1 kr per liter. Dette inneber leigekostnader på over 330 millionar kroner – nesten ti gonger så mykje som talet Mittenzwei viser til. Desse tala speglar betre dei faktiske leigekostnadene for dei aktive mjølkebøndene, enn tala frå Budsjettnemnda for jordbruket.
Når Stortinget samstundes har eit mål om at inntektene i jordbruket skal jamstillast, er det problematisk at mange mjølkebønder må betala 1 kr, og somme gonger opp mot 1,50 kroner, per liter for store delar av mjølka dei leverer.
Tek ein vekk leigekostnaden til bonden som leiger 100.000 liter for 1 kr/l, so vil inntektspotensialet til mjølkebonden auke med 100.000 kr i året, utan at mjølkeprisen vert endra. Dette inneber rett nok eit inntektstap for kvoteeigaren; som kanskje driv med andre produksjonar som korn, sau eller ammekyr. Men dersom målet er å styrke inntektene i heile jordbruket , bør det setjast inn målretta tiltak innan kvar av produksjonane, heller enn at mjølkebonden skal finansiere inntekta til bønder som leiger ut mjølkekvote.
Dette leier oss videre til diskusjonen om planlagt gjennomsnittleg engrospris (PGA). Mittenzwei ser ut til å tolke oss som om me meiner at kvoteleige vert lagt til grunn for prisfastsetjinga til Norsk melkeråvare. Det har me aldri hevda. Poenget vårt er at kvoteleige undergrev den prisen den aktive mjølkebonden faktisk sit att med. Når ei krone eller meir av literprisen går vidare til ein person som ikkje driv mjølkeproduksjon, skapar dette eit prispress på kva den aktive mjølkebonden treng og forventar for å få ei anstendig inntekt. Og mjølkeprisen påverkar både tollvernet og konkurransekrafta for norske mjølkeråvare og matindustri, og har dermed ringverknadar vidare i heile verdikjeda.
Råvareprisen på mjølk påverkar slik konkurransekrafta til norske meieriprodukt i konkurranse med import. Til dømes er osteimporten no kring 18.000 tonn i året, og norsk RÅK-industri brukar rundt 25 prosent av norsk mjølkeråvare. Når ein del av mjølkeprisen går rett i lomma på folk utanfor mjølkeproduksjonen, må desse kostnadane dekkast inn vidare i verdikjeda, noko som svekkjer konkurransekrafta til norsk mjølk mot import.
Mittenzwei meiner òg at me skuldar han og andre lesarar eit svar på kva alternativ me ser til privat kvoteleige. Han løftar fram nokre alternativ, og han antydar at me ynskjer ein modell totalt underlagt statleg kontroll. Dette har me heller ikkje sagt noko om. Me har berre poengtert at me ikkje trur Grunnlova er til hinder for å endre dagens system. Heile poenget med kronikken vår var å peika på problematiske sider for dei aktive mjølkebøndene og konkurransesituasjonen for norsk mjølk slik det noverande systemet for leigekvoter er – ikkje å konkludere med ei ferdig løysing.
Me avslutta trass alt kronikken vår med ei oppfordring om å utvikle eit betre system. Korleis eit slikt system kan sjå ut må utgreiast og diskuterast opent. Rett før jul fekk me avslag på ein prosjektsøknad om å gjera nett dette, og difor skreiv me kronikken vår. Me inviterer gjerne Mittenzwei til å delta i nye forsøk på å få gjennomført ei slik utgreiing.
Skrevet av
Publisert: 27 januar 2026
Oppdatert: 30 januar 2026