MatMakt: Korleis maktforholda i det norske matsystemet påverkar berekraftsutviklinga på tvers av mat, miljø, klima og folkehelse

Å endra matsystemet i berekraftig retning krev meir enn naturvitskapleg forsking på kva som er berekraftig – å endra matsystemet er like mykje ei sosial og politisk oppgåve som den er teknologisk og vitskapsbasert.

Foto: Colourbox/Ruralis
Foto: Colourbox/Ruralis

Dermed er det slik at korleis matsystemet blir styrt, kven som styrer det og korleis dei gjer det, vil ha stor påverknad på korleis samanhengane mellom mat, miljø, klima og folkehelse blir forma, og på i kva grad og korleis desse samanhengane kan endrast og gjerast berekraftige. Eit viktig spørsmål i denne samanhengen er korleis makt og styrkeforhold mellom aktørane i matsystemet kan fremma eller bremsa utviklinga mot ei berekraftig utvikling på tvers av mat, miljø, klima og folkehelse. Dette er det sentrale spørsmålet i MatMakt prosjektet.

I Norge er moglegheitene til å skapa endring i matsystemet mot ei berekraftig utvikling avhengig av relativt få aktørar, som saman avgjer korleis, kva og kor mat produserast, berabeidast og seglast. Stat og storting har ei viktig rolle her og kan koma med forslag til store endringar som aktørane i systemet må forhalda seg til, men berekraftsprioriteringene og initiativa til supermarknadane, samvirkelaga og faglaga er også viktige her. Eksterne aktørar og rammer vil også påverka dette, som EU og handelspolitikken. Det er også slik at forbrukarane kan ha stor indirekte påverknad på utviklinga i verdikjedane og i matsystemet som heilskap.

Aktørane i matsystemet kan ha ulike interesser, ulik makt og ulik kapasitet til å gjennomføra endringar og til å påverka dei andre aktørane. Aktørane kan også ha ulike syn på kva og korleis ei berekraftig utvikling bør sjå ut. Utviklinga mot eit norsk berekraftig matsystem blir dimed til gjennom samarbeid, konkurranse og konflikt mellom dei forskjellige aktørane, og maktforholda og dynamikken i denne samhandlinga påverkar retninga, hastigheten og innhaldet den berekraftig utviklinga.

Prosjektdetaljer

Prosjektperiode

01/03/2026 - 30/03/2029

Eksternt Prosjektnr.

357842

Prosjektnr.

6714

Samarbeidspartnere

Ruralis – Institute for Rural and Regional Research, Universitetet i Bergen, Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Universitet NTNU , Wageningen University & Research, Institut National De Recherche Pour L’agriculture, L’alimentation Et L’environnement (INRAE), Nortura SA, Tine SA, Bama Gruppen AS, Norgesgruppen Retail AS, Coop Norge SA, Norsk Kylling AS, Norsk Bonde- Og Småbrukarlag, Norges Bondelag, Økologisk Norge, Norsk Landbrukssamvirke, Trøndelag Fylkeskommune, Rethink Food AS, Landbruksalliansen 

Finansiering

Norges Forskningsrådet 

Kontakt oss

Ønsker du å komme i kontakt med oss?
Fyll ut skjemaet under så vil vi svare deg så fort som mulig.