Norsk landsbygd
- Er det sikkert at ein tusen år gamal slektsrett passar i dag? spør odelsgut og forskar Eirik Magnus Fuglestad Foto: Colourbox

Grunnspørsmål

Snakkar me nok om kven som skal eige grunnressursane våre?

Erna Solberg erklærte i starten av regjeringstida si at kunnskap er den nye olja.

Det er ikkje tvil om at kunnskap og idear vil verta viktige i framtida, men gløymer me å snakka om det materielle grunnlaget for samfunnet vårt? Snakkar me nok om kven som skal eige grunnressursane våre?

Karl Marx minner oss på kor viktig eit eigedomsperspektiv er i politikken. Han tok eit kraftig oppgjer med Hegel sin idealistiske filosofi for 200 år sidan. Marx sette eigarskap til faktiske ressursar i sentrum, i staden for svevande idear og ideal.

I denne tradisjonen vart økonomen Thomas Piketty verdskjent då han viste korleis fast eigedom og kapital ville kunna bli den viktigaste inntektskjelda i det tjueførste hundreåret. Som eit supplement til dette har Raj Patel og Jason W. Moore i boka «A history of the world in seven cheap things» (2017) vist korleis kapitalismen si utfalding har vore avhengig av lett tilgang på billeggjorte naturressursar. Kapitalismen forserer stadig nye grenser. I denne prosessen tek den kontroll over eigedom og ressursar. Slike krefter krev regulering og forvaltning.

I Noreg har grunnressursane, for det meste, vorte forgylla av privat eigedomsrett. Jorda eigast til dømes av bønder som får eigedommen trygga i familien gjennom odels- og åsetesrett. Slik har det vore sidan odelsretten vart rissa i grunnlova i 1814. Men privat eigedom betyr ikkje alltid fri rett til bruk. Bøndene har restriksjonar og krav som må fyllast for at dei skal få produsera på jordressursane. Endå klarare trer dette fram i konsesjonslovene som gjaldt fossefall frå tidleg 1900-tal. Her kjem også prinsippet om grunnrenteskatt inn – skatt som eigarar og rettshavarar av visse naturressursar betalar for å ha eigarskap eller bruksrettar. Grunnrenteprinsippet var sentralt også for korleis oljeressursane våre vart forvalta.

Er det sikkert at ein tusen år gamal slektsrett passar i dag?

No er olja på veg ut, og nye grunnressursar er i ferd med å bli sentrale i det som har vorte heitande bioøkonomien. Den første Solberg-regjeringa la fram ein bioøkonomistrategi i 2016. Interessant nok er den på berre 76 sider, og nemner ikkje eigedom til ressursar med eit ord. Til gjengjeld fekk regjeringa same året ein NOU på 200 sider – «frå ressursøkonomi til kunnskapsøkonomi» – som tek føre eg den «nye olja». Kanskje burde ein vigd like mykje plass på å diskutera korleis ein skal forvalta den nye bioøkonomien som er bygd på gamle ressursar som jord og hav. Krev det nye tenkjemåtar? Finst gamle svar på dei nye spørsmåla?

Eit gamalt svar er grunnrenteskatt. Det var tenkaren Henry George som på byrjinga av 1900-talet føreslo skatt på grunnrente av jord. I Norge vart dette teke opp av folk som Arne Garborg («Jordi er som vatn, som luft, eit livsvilkår, alle hev rett til jord, som hev rett til liv»), og Johan Castberg. Seinare fann dette vegen til olja. Kanskje trengst liknande tiltak for bioressursane våre?

Skatt og grunnrente frå bioressursen oppdrettslaks har alt vore oppe til debatt i Stortinget – utan klar løysing. Men ein har bestemt seg for å laga ein NOU der moglegheit for grunnrenteskatt skal greiast ut.

Gjennom odelsrettsdebattar, seinast no i mai, vert eigarskap til bioressursen jord stadig diskutert. Er det sikkert at ein tusen år gamal slektsrett passar som regulering i eit bioøkonomisk jordbruk som utgjer ein stadig mindre del av folkesetnaden? Ein må i alle fall finne eigedomsformer som gjer at verdien av ressursane kjem folkesetnaden til gode.

Grunnressursar vil utgjera grunnlaget for liva våre også i framtida. Då må me ha klare tankar om kven som skal eiga dei, og korleis dei skal forvaltast. La oss ikkje gløyme Marx si innsikt.

Denne kommentaren stod på trykk i Klassekampens spalte FOKUS den 22.06.2018.