Farm house
Eigedom: Odelsretten er berre ein av eit mangfald av faktorar som har hatt innverknad på utviklinga av eigedomsstrukturen i det norske landbruket. Foto: Colourbox

Har odelsretten ført til jamnare fordeling av jordeigedom i Norge?

Stemmer det at odelsretten har vore sentral for det norskaste av alt, nemlig det egalitære?

Odelsretten er ein av desse heilt spesielle institusjonane i norsk historie. Ikkje berre kan den sporast meir enn tusen år tilbake i tid, den har også vorte ein av dei tinga som for mange representerer sjølve den norske nasjonalsjela. Ja, odelsretten er til og med beskytta av grunnloven.

Senterpartiets Per Olaf Lundteigen sa i debattane om oppheving av odelsretten sitt grunnlovsvern i 2016, at dersom grunnlovsvernet vart oppheva, så ville det «forandre noen av grunnverdiene som det norske jambyrdige velferdssamfunnet er tuftet på. Dette vil forandre det Norge som mange er glad i, nemlig samhold og fellesskap».

Også SV-politikar Bård Vegar Solhjell tala i forsvar for odelsretten: «det er heilt openbert», sa Solhjell: «at det [odelen] har ført til ei langt jamnare fordeling av jord og dermed makta som ligg i det». Odelsretten har rett og slett «gjort Noreg til eit meir egalitært land enn det elles ville ha vore», slik Solhjell ser det.

Desse sitata er representative for det som stort sett har vore det rådande synet gjennom meir enn 200 år: at odelsretten har vore sentral for det norskaste av alt, nemlig det egalitære. Rett nok var vi aldri rike og mektige her på berget, seier vi gjerne, men egalitære, det har vi vore i massevis! For vi var nemleg ein nasjon av sjølveigande odelsbønder, sitjande på kvar vår skrinne haug og nes.

Det er sjølvsagt ikkje så enkelt som dette. Odelsretten er berre ein av eit mangfald av faktorar som har hatt innverknad på utviklinga av eigedomsstrukturen i det norske landbruket. Dersom vi ser på historia frå vi fekk grunnlova og fram til i dag, så trer det fram eit enormt mangfald av faktorar og trendar som har hatt innverknad på den fordelinga av landbrukseigedomar i Noreg.

Korleis kan vi eigentleg vite nett kor mykje odelsretten har hatt å seie for utviklinga av eigedomsstrukturen? Er det så «openbert», som Solhjell sa, at odelsretten har sikra likare fordeling?

Ein måte finne ut av dette på er å laga ein såkalla systemmodell, der vi representerer historisk utvikling grafisk. Då kan vi få koke ned dei historiske prosessane til å vise oss meir eller mindre klare samanhengar.

Det finst ein ganske stor litteratur innan den historiske forskinga som på forskjellige vis har beskrive det ein ser på som den særeigne norske samfunnsutviklinga. Odelsretten eller odelsbonden vert ofte nemnd her. Denne litteraturen får godt fram historiske og sosiale prosessar, men viser ikkje så klart kva systematisk rolle odelsretten eventuelt måtte ha i denne utviklinga. Ei tilnærming der ein bruker systemmodellar kan på den andre sida gi oss klarare bilete av trendar som stig fram.

Korleis kan vi eigentleg vite nett kor mykje odelsretten har hatt å seie for utviklinga av eigedomsstrukturen?

I modellen som vi har laga fann vi nokre sentrale historiske mekanismar som trer klart fram. Kort sagt viser dei historiske mekanismane i modellen at odelsretten har vore med på å sørgja for likare fordeling av jordeigedom, samstundes som den har vore eit hinder for likare fordeling, men til forskjellige tider.

Det kjem mykje an på den vidare historiske konteksten. Til dømes har det skiftande tilhøvet mellom tilgang på jord, husmenn, leiglendingar og andre potensielle kjøparar av jord på 1800-talet vore i dynamisk endring over tid, og dermed har odelsretten spelt inn forskjellig.

Folketalet dobla seg gjennom 1800-talet, og jordbuk var heile vegen den dominerande næringsvegen. Talet på sjølveigar-gardsbruk auka i denne perioden, noko grunna sal av kyrkjegods og såkalla benefisert gods etter 1821. Men det vart også etablert nye gardar, og gardar vart delte.

Odelsretten var (og er), som me veit, med på å halda ein gard i familien, medan til dømes sal av kyrkjegods og nydyrking gav andre grupper som leiglendingar, husmenn og andre høve til å koma inn på jordmarknaden og bli eigarar.

Når så nye grupper kom inn, kunne dei også opparbeida seg odel slik at også desse gardane lettare blei innan familien, og vanskelegare for andre å kjøpa. Men dette kunne altså ikkje skje utan at til dømes jord vart frigjort for sal, eller at ny jord vart dyrka.

Når nye småbrukarar så fekk odel, var den med på å trygga jorda for komande generasjonar. Systemmodellen vi har laga viser grafisk og enkelt korleis desse trendane ser ut i eit langt historisk tidsløp, og viser korleis dynamikken mellom odelsretten og andre faktorar har endra seg på forskjellige tidspunkt.

Dersom ein ser systematisk på dette over eit lang tidsrom, så trer odelsretten si rolle på fordeling av jordeigedommen fram som meir nyansert enn kva den ofte vert framstilt som.

Kva verknad odelsretten får, kjem an på den samfunnsmessige konteksten den til ei kvar tid står i.