Foto: Eirik M. Fuglestad
Foto: Eirik M. Fuglestad

Anarkisten langs Nordvegen

Den som flyg over Noreg, den som reiser Nordvegen frå lufta, vil sjå ville fjell og fjordar og skog, men om ein ser etter, så ser ein også gardsbruka og dei småe bygdesentera spreidde mellom fjella og fjordane heile vegen frå nord til sør. Når ein ser dette, ser ein også den norske populismen frå lufta, anarkistisk fridom langs ei reiseleid. [Denne saken er skrevet av forsker Eirik Magnus Fuglestad, og er tidligere publisert i  RØYST nr 12.]

«Nå må du lære deg å bli ånntli populist, Trygve», sa Thomas Seltzer til Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum i ei spesialsending av Trygdekontoret før kommune- og fylkesvalet no i haust. Om Seltzer meinte at Senterpartiet ikkje var populistisk nok, så har det ikkje mangla på dei som har meint at det er meir enn nok. Det har jamt vore snakk om eit bygdeopprør her i landet dei siste par åra no. Alt frå lokale reaksjonar på ulv og ACER, til vindmøller, og til alskens reformer, både av regionar og av politi og post, har gjeve intrykk av eit slags opprør – og Senterpartiet er utpeika til det (sett frå Oslo) litt småskumle populistiske talerøyret til all misnøya.

Resultatet av valet i haust har fjerna all tvil om at Senterpartiet har støtte hjå eit breitt lag av folkesetnaden. Den gamle makta rotnar på rot – med eitt er dei såkalla styringspartia Høgre og Arbeidarpartiet vaklande og små. Samstundes køyrer den blåblågule staten på med ein stadig meir sentraliserande politikk på alle felt, lik ein sjølvgod Leviatan som samlar makta, og mest av alt ligg makta i Oslo, Leviatanen sitt hovud.

Dette er staten som eit Ibsensk troll, den er til for seg sjølv, og er seg sjølv nok. Statsvitar Jostein Vik har tala om ein «grådig stat» som veks, men som ikkje vil gi, som sparar og likevel veks, men veks bort frå distrikta.

Har den norske staten gløymd kva som er nøkkelen til makta i dette landet, har den gløymd at Noreg ikkje har eit sentrum, og at den norske nasjonen er ein anarkistisk, populistisk visjon som strøymer ut frå fjordar og fjell frå Lindesnes til Nordkapp?

Mange klassiske teoriar om statsdanning er idealiserte historiske abstraksjonar om lukkelege eller ulukkelege ur-samfunn, der menneska lever uvitande om staten. Av forskjellige grunnar innser menneska i desse historiene etter kvart at ein statsorganisasjon likevel vil vera naudsynt. Menneska går saman og former staten. Ein slik teori passar ikkje på nordbuarane. Dei kom ikkje saman for å forma noko stat, men var kongar på kvart sit nes. Aristokratiske anarkistar på skrinn jord, i stiv kuling ute ved havet. Der heve nordmannen fengje sin heim, laga tufter, og set sjølv sine hus oppå deim.

Den moderne norske staten er ein nasjonalstat, og i nasjonalstaten er det ingen tvil om at makta kjem frå folket, nedanfrå, ja teoretisk frå alle krikar og krokar av nasjonen. Ingen makt kan vera legitim som ikkje kjem frå heile folket. Likevel var dette ein stat som nordbuarane sjølv ikkje skipa, denne staten var i stor grad eit administrativt skal frå einevelde som vart fylla med nasjonal ande etter 1814. Berre i varierande grad har denne prosessen teke omsyn til det særeigne med Nordvegen.

I storverket Lovenes ånd frå 1748 seier Montesquieu ein stad at den som vil styra eit land må skjøna geografien, historia og kulturen for det området han eller ho søker å styra. For lovene og styresettet er forma av dette, og berre den som lager eit styresett og lover som passer til dette kan halda på makta i lengda. Kanskje ligg det noko i desse gamle innsiktene?

Noreg, er som me veit, namngjeve etter Nordvegen. Ikkje ein geografisk stad, men ei reiseleid. Denne innsikta må ein kvar som vil skjøna maktas løyndom og populismens kjerne i Noreg ha klart for seg. Av denne grunnen har det alltid vore brysamt for dei som ønskjer å sentralisera makta til éin stad. Ein slik politikk heng rett og slett ikkje på greip med den norske naturen, geografien og kulturen som er ein slags mental tilstand utan sentrum, ei evig reise frå sør mot nord. Det er i dette rommet den populistiske anarkismen utfaldar seg og dannar eit korrektiv til ei kvar sentral makt. Var det ikkje på sett og vis dette Stein Rokkan også peika på frå ein anna vinkel? Altså: den norske nasjonen som produkt av konflikten mellom sentrum og periferi.

Noko av det som kjenneteikna Noreg, i følgje Rokkan, slik han er framstilt i Stat, Nasjon Klasse, var ein sterk periferi. Dette viser seg heilt attende til dei første forsøka på statsdanning her til lands. Dei tidlege vikingkongane visste at nøkkelen til maktas løyndom låg i konstant rørsle – dei var på stadig reise mellom kongsgardar langs kysten. Det handla om å ha dei lokale høvdingane og dei lokale bøndene som grunnlag for makta. Men dei norrøne sogene er også fulle av beretningar om menneske som flykta landet, drog i landnåm vestover for der å bli verande frie menn då Harald Hårfagre forsøkte å skapa ei sentral kongemakt. Her opptrer ein ny historisk arketype for første gong i norsk historie: bygde-anarkisten. Det er vikingen som har gard og grunn, som ikkje har andre herrar enn seg sjølv. Han reiser fritt på havet og dyrkar jorda mellom fjordane.

Seinare makthavarar har ikkje forstått dette: me er ein gjeng litt småsære bygdeanarkistar her på berget. Utan eit sentrum, men i ein lagnadsfelleskap likevel. Berre to ting kjenneteiknar ein nasjon i følgje den franske 1800-tals tenkjaren Ernest Renan: det eine er førestilling om ei sams fortid, det andre ei kjensle av ein sams lagnad.  Dette er nasjonen, slik Benedikt Anderson beskreiv han: Ikkje ei konkret form, men ein mental tilstand som førestilt fellesskap i sinnet til kvart eit individ. Den norske nasjonen er forma i førestillinga langs Nordvegen, og basert på dei konkrete ressursane som finst langsmed han

I kyststroka frå nord til sør har folket vore retta mot fridomen som ligg i havet og fisken, og den makta som kontakt og handel med fjerne himmelstrøk gir. I dalane mellom fjella har folk søkt fridomen i jorda som ligg spreidd som glitrande, grøne diamantar sett frå fjelltoppane og utmarksbeita, der makt er ein reinsdyrflokk eller ei god seters-ku om sommaren. I dette ligg det ein anarkistisk fridom, og eit populistisk grunnsyn som inneber personleg fridom basert på bruk av dei lokale ressursane. I botn ligg ein motstand mot sentralisering og teknokratisk styre.

Ein kjenner dette att i bonden som ligg nedi dalsida på 1700-talet og skyt mot den danske skattefuten som kjem over fjellet – han som slår i hel mjølkekua si ved fjøsdøra framfor futen åt danskekongen heller enn å la futen få vandra av stad med kua som skatt. Men det er ein viktig forskjell på denne 1700-tals bonden og nesa-kongen frå vikingtida. Historieskrivinga har framstilla dei heilt forskjellig.

klaga tidleg på 1900-talet på dei «umælende, dalbundne bønder» under dansketida, dei som i følgje han hadde mista heile den nasjonale kulturen og heile sjølvstendet. Historikaren Nils Rune Langeland har vore inne på noko liknande. Norsk historieskriving, , har ei tendens til å starta med vikingtida som ei potent tid av makt og store bragder, men så kjem dansketida, og i framstillinga av desse 400 åra druknar liksom djervskapen og makta i eit matt mørke av befolkningsstatistikk og ernæringstabellar. Ikkje før i 1814 får bøndene tilbake djervskapen og viljen til makt i den store forteljinga om Noreg.

Kva var det så med dansketida? Eit svar er at makta vart sentralisert og ført bort frå periferien, bort frå dei lokale og stadbundne ressursane. I staden for å vera bunden til jorda og fisken langs Nordvegen var makta samla, og strålte ut frå citadellet som var København, den imperiale hovudstaden til det oldenbrogske herskardynastiet. Under slike høve kan ikkje bygdeanarkisten trivast. For fridom kan ikkje finnast utan makt, og makt er i siste instans materielt fundert. Det er ikkje berre Marx som seier dette: at bakom makta ligg alltid materielle interesser manifestert i forskjellige former for eigedom. Også Hegel skriv ein stad at mennesket, for å ha ein veren i verda, treng å ha ei fysisk sfære – ein eigedomsrett, for å utfalda seg.

Kan ein seie at det som skjedde var at makta vart sogen ut frå alle stadene langs Nordvegen der makta før hadde lege? Sogen ut av skattefutar og lensherrar som førte ressursane til det kunstig konstruerte sentrum København. Me veit at Ludvig Holberg i samtida sa at Noreg var ei ressurselv som sørga for at den danske innsjøen ikkje tørka ut. Om det faktisk var slik, stridast historikarane om. Ein av dei som i alle fall , til dømes i boka Norsk Grålysing.

Det som uansett er klart, er at bøndene, etter 1814, får ei heilt anna stilling enn kva dei hadde før. Ikkje alle bøndene, berre dei som eigde eller leigde jord. Er det ikkje nett her at det ligg eit svar? Var det kanskje fordi at jorda til bøndene langs nordvegen, og makta, etter 1814, på nytt hang saman? Den viktigaste fullmakta som stortinget får i 1814, er som lovgivar. Ikkje som utøvande, men lovgivande makt – og noko av det mest sentrale den lovgivande makta gjer, er å bestemma nivået på skattane.

Etter 1814 er det altså dei same menneska som rår over ressursane langs Nordvegen som i stor grad kan bestemma kor mykje av desse som skal gå til skatt. Og, ikkje minst, i siste instans skal skattane tilbakeførast til bøndene i form av statlege ytingar. I samtida såg dei mest ihuga ideologane på dette som ei tilbakeføring til ein tilstand som skulle ha eksistert ein eller annan gong i vikingtida, då frie bønder langs nordvegen hadde makta hjå seg sjølv, der dei saman med kongen laga lovar, og der vikingbøndene utgjorde den reelle makta i landet ved som dei mønstra ut frå sine eigne ressursar langs kysten.

I røynda vart sjølvsagt makta i stor grad sentralisert til Christiania og Stockholm etter 1814. Med formannskapslovene av 1837 og seinare med parlamentarisme frå 1880 åra, og så med unionsoppløysinga i 1905, vart makta på forskjellige vis søkt ankra betre hjå det folket som faktisk budde i landet. Likevel vaks Christiania fram som eit mørkt maktas sentrum, ein garnisonsby i skuggen av ein festning,  der bondestudentar gjekk å svalt og fraus, og kor arbeidarklassen etter kvart makteslaust hamra i skitne smier langs Akerselva.

Men bondestudentane og bondetingmennene frå tidleg 1800-tal skjønte at dei kunne føra makta ut frå byen til dit den kom frå. Bøndene ville eigentleg ikkje anna enn å betala så lite skatt som mogleg, og bli pålagde så fåe plikter som let seg gjera. For dei var frie anarkistar med fiskarbåt og ei ku.

Den såkalla «Ola boka» – eigentleg En odelsmands tanker om Noregs nærverende forfattning etc –  publisert i 1830, der den fiktive bonden Ola er i snakk med ein bymann, ein klokkar, og ein statleg tenestemann, er starten på dette.  Bondeanarkisten Søren Jaabæk (med tilnamnet Neibæk fordi han sa nei til alle forslag i stortinget som økte utgiftene til bonden), er kulminasjonen. I samtida var det stor uro blant elitane for at dei populistiske kreftene i folkedjupet skulle få fritt spelerom, og då Johan Sverdrup og Venstre kom inn for full frå midten av 1880 åra av, representerte det ei meir tøymt versjon av den folkelege anarkismen, sjølv om dei konservative motkreftene langt frå såg det slik.

Men kanskje det er noko i det, som skribenten Hartvig Sætra har ymta om på 1970-talet, at Sverdrup var den konservative embetsstanden sitt radikale alibi? I alle fall vart den tøymeløyse anarkistiske populismen til Jaabæk . Etter kvart var det arbeidarklassen som overtok som drivar av denne utviklinga, men med populismen frå periferien i botn.

Det fanst ein stor arbeidarklasse i Oslo, men arbeidarane fanst også langsetter heile nordvegen frå Sauda og Odda, til Rjukan, og Sulitjelma. Det særeigne med den norske industrielle moderniseringa var at det var ei modernisering frå periferiane. Det var ei rural modernisering der folk kom inn til makta for å betra kåra til folket der dei budde. Og Arbeidarpartiet hadde også mange av sine medlemmar frå småbønder i innlandet og fiskarbønder i nord og vest. Nett av denne grunn var grunnlaget for den moderne norske politiske og økonomiske orden eit forlik mellom by og land med det som er kalla kriseforliket mellom Arbeidarpartiet og Bondepartiet i 1935.  I dette låg det ein lovnad om ei makt som gjekk ut frå heile landet, men i røynda vart makta likevel sentralisert i Oslo av arbeidarparti-teknokratiet, eksemplifisert av styringsøkonomar som Erik Brofoss og fullmaktslovene som arbeidarpartiregjeringa la fram alt under krigen i Lex Thagaard. Bonde og skribent Erik Steinvik har nyleg formulert det slik:

I 1945 var bonden og fiskeren ute av bilde … konsekvent industrialisering var det som skulle til for å øke nasjonalproduktet, og da måtte «arbeidskrafta frigjøres fra de lavproduktive næringer». Det var dette som lå bak da «by og land, hand i hand», i løpet av få år ble til «by og land, mann mot mann» ().

Også i tiåra etter 1945 vart dette observert. Då Hartvig Sætra beskreiv Arbeidarpartiet  sin sentraliseringspolitikk for mest 50 år sidan, er det som om han såg rett inn i framtida til dagens regionreformer og nedlegging av distrikta. Sætra meinte at agendaen til Oslomakta og dei styrande kreftene i Arbeidarpartiet då var å styre folkeveksten i landet ved:

å bygge såkalla «demningar i distrikta» … Strengt talt er dette berre ei ny utgåve av dei middelalderske kjøpstads-privilegia: Desse stadene skal langt bort imot få monopol på offentlege investeringar, sosiale gode, handel og kulturell verksemd (, 1973, s 33).

Dette kunne like gjerne vore skrive i dag.

Med denne sentrumsregionalismen er det også slik at det er mange kringom i landet som føler at dei kjenner seg att i Ludvig Holberg sin gamle metafor om elva som held innsjøen med vatn. Berre at no er det dei norske distrikta som er elva, og Oslo som er innsjøen. Slik kjennast det nok i alle fall for mange. Med eit slik perspektiv kan me eigentleg seie at det går  ei linje frå danskekongane sin koloni-administrasjon av landet frå det imperiale København og frå provinsbyen Christiania, til Arbeidarpartiets 1960-tals teknokrati, og til dagens nyliberale sentrumsregionalisme. Alle har dei bygga på styringsmakt som går ut frå eit citadell-aktig sentrum til eit omland.

Ottar Brox peika på noko av det same i si vidgjetne bok «Hva skjer i Nord-Norge» frå 1966. Her, og i andre arbeid har han peika på korleis det er ressursane som ligg langs Nordvegen lokalt som er grunnlaget for makta – grunnrenta frå desse høyrer lokalsamfunnet til, og er i siste instans grunnlaget for makta, og folket må bu der ressursane er, i distrikta. I staden er det slik at ressursane og makta vert forvalta via administrasjonsveldet i ein hovudstad. Det er kanskje dette som er forbanninga til alle moderne statar, og ei åtvaring som den moderne politiske tenkinga har hatt i seg heilt sidan Rousseau. Rousseau peika på at den einaste staten der menneska er frie, er staten som er ein liten republikk der alle medlemmene sjølv eig fruktene frå ressursane sine, og med basis i dette utgjer det styrande demokratiet. I ein slik republikk kunne allmennviljen, som han kalla det, vera lutra og fri.

Det er ein slik fridom den norske bygde-anarkisten har kjempa for også i moderne tid: både i EF-strid i 1972, i EU-kamp i 1994, og no mot dei nyliberale reformene frå regjeringa i dag. «Ei kjensle av ran» har sosiologen Bjørn Egil Flø kalla det, og spora ein realitet der menneska som bur langsmed Nordvegen gradvis har fått uthula lokalsamfunna sine i det lovnaden om «By og land, hand i hand» sakte og gradvis har svunne bort. Det var nemleg i denne draumen om by og land at Nordvegen som nasjonalt prinsipp vart anerkjent. Og ut frå denne visjonen strålte det dryss som søka å skapa vidareføringa av den anarkistiske tilstanden i sosialdemokratisk form. Det var den sanne arva etter 1800-talets bondestorting og Jaabæk sin anarkisme. Men dette vart berre unntaksvis meir enn draumane om å skapa fridom og liv der folk budde.

Om ein skal forsøka seg på ein syntese av denne ideen, så kunne ein kalla det for offentleg støtta anarkisme. Var dette kjernen i draumen om den sosialdemokratiske orden som no er kverva bort? Sikkert er det i alle fall at denne visjonen dei siste 40 åra har vorte pressa, ikkje berre frå den teknokratiske og byråkratiske sentrumsmakta, men like mykje frå nyliberalismens heilage ande som har feia over landet med individuelt ansvar og marknadsmakt sidan Willoch si tid.  Den norske bygdeanarkisten blir ståande meir og meir åleine ved havgapet og mellom dalane. Men det bygdeanarkistiske tilværet er avhengig av ein tilstadeverande offentleg sektor som mogleggjer den frie livsstilen.

For å koma tilbake til starten. Når Thomas Seltzer seier at Vedum må vera skikkelig populist, så ligg det kanskje noko djupare historisk under. Ei innsikt om maktas natur og staten sin logikk. Populismen som no viser seg, er eit ur-gamalt trykk for Nordvegen si røyst. Den har ikkje eit sentrum men står for den evige fridommen som ligg i jorda og fisken og reisene på havet. Makta og staten må gå ut frå dette kraftfeltet, ikkje frå sentrum-citadellet.