Jordbrukspolitikk i ei krigstid
Skrevet av
Publisert: 27 april 2026
Oppdatert: 27 april 2026
Fagområder
Del artikkel:
Målet om 50 prosent norsk sjølvforsyning innan 2030 føreset nye, kraftige og aktive verkemiddel.
Etter at Russland gjekk til full krig imot Ukraina for fire år sidan, har matberedskap fått langt større innverknad på norsk jordbrukspolitikk. Israel og USA sin krig imot Iran, gav dette momentet enda større vekt. Skjøre våpenkviler endrar ikkje på dette, berre varige fredsavtalar kan stabilisere forsyningskjedene for energi og mat.
Kva får dette å seie for årets jordbruksforhandlingar på kort sikt og for norsk matberedskap på lang sikt? Som kjent har Stortinget vedtatt eit mål om 50 prosent sjølvforsyning korrigert for import av fôrvarer innan 2030. Det er eit svært krevjande mål som føreset nye, kraftige og aktive verkemiddel.
Så lenge dei krigande maktene i vår tid ikkje kjem fram til varige fredsløysingar, så vil rivaliseringa om energi, drivstoff, gjødsel og mat skjerpe seg, prisane variere mykje og stige på sikt. Beredskap, eiga matforsyning og tilgang og pris på innsatsvarer i jordbruksproduksjonen blir derfor ein stadig viktigare komponent i jordbrukspolitikken.
Alle utfordringar kan ikkje løysast nasjonalt. Norge kan lære av Finland, som har erfaring med ein farleg og uføreseieleg nabo langs ei lang grense. Norden kunne bli eit integrert, regionalt matvaresystem. Kortare reiseveg vil føre til mindre transport og enklare logistikk. Eit regionalt matsystem vil også bli meir klimavenleg og meir robust for kriser og sjokk mot fri vareflyt.
Danmark har store fortrinn og eksportkapasitet når det gjeld korn, sukker og proteinvarer som erter og bønner. Norge har ein stor beitereserve og store fortrinn med omsyn til produksjon av fisk, energi, olje og gass. Sverige har sine fortrinn når det gjeld tømmer, korn og andre proteinvarer, saman med ein betydeleg landbruksrelatert maskinindustri. Sverige er i tillegg langt framme innan medisinsk forsking og medisinindustri. Finland har lang erfaring med beredskapslagring og har sin styrke innan korn og proteinvarer og dessutan ein betydeleg skogs- og maskinindustri, inkludert Nordens einaste traktorfabrikk.
Eit nordisk samarbeid om beredskap kunne omfatte varer som drivstoff, traktorar og maskindelar, korn og andre proteinvarer, frukt og grønt, sukker, fisk, medisin til dyr og menneske og medisinsk utstyr.
I tråd med det eg har sagt ovanfor, vil matforsyning og beredskap bli jordbrukets viktigaste forhandlingskort under vårens jordbruksforhandlingar, som startar med jordbrukets krav 29. april. I tillegg vil klima og intern fordeling mellom bruk og produksjonar bli viktige tema. Her ligg det an til dragkamp mellom Bondelaget og Småbrukarlaget om kravet. Bondelaget meiner at inntektsgapet skal dekkast rekna som eit gjennomsnitt for heile jordbruket, mens Småbrukarlaget meiner at det skal dekkast for alle, uavhengig av produksjon, storleiken på bruket og landsdel.
For å koma nærare målet om 50 prosent sjølvforsyning på norske ressursar, må det flyttast pengar frå passive til aktive verkemiddel som fremjar det jordbruket produserer for lite av, som korn til mat og fôr, frukt og grønt. På produkt som det enno er målpris på (korn og grøntsektoren), må prisane opp for å stimulere det vi treng meir av.
«Norden kunne bli eit integrert, regionalt matvaresystem»
Reidar AlmåsDet må utviklast mekanismar og prisgarantiar som avlastar bondens risiko. Når haustkveite som er sådd for å bli matkorn feilar på grunn av vêret, må staten dele risikoen med bonden. Det vil også bidra til å sikre at ei forringa kornavling går til fôr, noko som reduserer importbehovet for proteinråvarer.
Miljødirektoratet foreslår at vi legg om det vi et og følgjer kosthaldsråda frå Helsedirektoratet. Dette er ikkje opp til bøndene, det må forbrukaren gjera, og det vil neppe skje. Dessutan er det dårleg beredskap å ta ein tredjedel av arealet ut av produksjon. Nokre hevdar at vi kan eta meir fisk, som vi eksporterer mykje av. Men oppdrettsfisk treng i dag mykje importert fôr og fôr frå landbruket. Sjølv under andre verdskrigen kom berre ein liten prosent av kaloriane frå fisk. Villfisk frå hav og ferskvatn gir oss eit fortrinn i matberedskapen, men kan ikkje erstatte dei store bidraga frå korn, sukker, mjølkeprodukt og kjøtt i dagens kosthald.
For å styrke matberedskapen må det utviklast landsdelsplanar for forsyning av mat, råvarer og drivstoff med tanke på at landet kan bli delt i ein krigssituasjon. Deltidsbruk og bruk med mindre produksjonar må sikrast ei viss garantert inntekt slik at dei får betaling for å oppretthalde produksjonsapparatet.
Klima og fordeling vil definere to konfliktlinjer i årets jordbruksoppgjer. Mange stemmer i næringa meiner at produksjonane med lågast inntekt, som sauehald og ammekyr, må få mest i år. I så fall må det koma som overføring ifrå staten, ettersom det er lite å hente i marknaden. Som kjent har jordbruket ein klimaavtale med staten om å kutte fem millionar tonn CO₂ innan 2030. Her fekk politikarane eit skot for baugen da forsøka med metanhemmarar i fôret fekk så dårleg mottaking, både blant produsentar og i opinionen. Etter at dette tiltaket måtte skrotast, blir det enda meir krevjande å nå målet om reduserte utslepp.
Avslutningsvis vil eg peike på ei lågthengande frukt som over natta kan flyttast frå gruppa av passive til aktive tiltak. Passive arealtilskot, som bonden får berre ved å oppretthalde ein viss produksjon, vil kunne gjera langt meir nytte om dei vart gitt til produksjonar som vi treng meir av for å auke sjølvforsyninga: Matkveite, forkveite, erter, bønner og alle typar frukt og grønt som kan produserast i Norge.
Det gav kanskje meining med slike passive tilskot på 1980- og 1990-talet da både EU og Norge sleit med overproduksjon. Det gir også meining dersom formålet er å halde jord i hevd for å oppretthalde eit produksjonspotensial ut over dagens forbruk. I dagens situasjon, der ein på mellomlang sikt både må redusere utslepp av klimagassar og bu seg på forsyningskriser, gir det ikkje meining å oppretthalde passive verkemiddel i milliardklassen.
No viser tala frå Budsjettnemnda at bøndene vil tene 653.000 kroner, som er 63.300 mindre enn gjennomsnittet for andre grupper. Landbruks- og matminister Sandtrøen kan dra Hurdals-kortet og vise til opptrappingsplana til Ap og Sp der først i 2027 at jordbruket skulle nå jamstilling. Tida vil vise om det er eit godt jordbruksoppgjer som må til for å få Sp tilbake i regjeringsfalden.
Denne kronikken ble publisert i Klassekampen den 25.04.2026.
Skrevet av
Publisert: 27 april 2026
Oppdatert: 27 april 2026