Opent brev til landbruks- og matminister Borch
Skrevet av
Publisert: 23 februar 2022
Oppdatert: 23 februar 2022
Fagområder
Del artikkel:
Kjære Sandra Borch! Eg skriv dette opne brevet til deg som landbruks- og matminister.
Du har fått store utfordringar på bordet. Du skal oppfylle Hurdalplattforma, du skal koma overeins med organisasjonane i næringa og du skal få Bondeopprøret til å stilne.
I Hurdalplattforma står det mellom anna at «Regjeringa vil leggje fram ein forpliktande og tidfesta plan for å tette inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet…» og at opptrappinga skal bygge på «riktig talgrunnlag for jordbruksoppgjeret, irekna å måle inntektsnivået og ikkje berre inntektsutviklinga.»
Dette er den mest krevjande marsjordren ein landbruksminister har fått sidan 1975. Som ikkje det er nok, har prisane på ei rekkje innsatsvarer auka formidabelt.
Når eg høyrer bondeopprørarar, små og litt større bondeleiarar i dagens debatt, minnest eg orda som er tillagt den greske strateg og historikar Thukydid (460-400 f.Kr.): «Eit folk som ikkje kjenner historia si, er dømt til å gjenta tidlegare feilgrep».
Historisk høge krav på pris og tilskot og ein raus stat, kan føre til overproduksjon, slik opptrappinga gjorde på slutten av 1970-talet. Optimismen i næringa kan bli for stor. Noen har leikt med tanken på 10 friske milliardar, eller vel 250.000 kroner for kvart årsverk alt i år. Vil det bli oppfatta som rimeleg i opinionen, og kor vil desse pengane havne?
Ein utilsikta konsekvens etter 1975 var at mye av pengane berre var innom bonden som snarast, før dei enda opp i andre næringar. Korleis kan ein unngå det no? Her må prisar og politiske verkemidla finstemmast imot kvarandre.
Viktigast for å hindre overproduksjon, blir å trø varleg på gassen for prisauke, slik at veksten skjer der det er rom i den norske marknaden. Det kan produserast meir storfekjøtt, korn, frukt og grønsaker utan overproduksjon, fortusett at lekkasjane i tollvernet blir tetta.
Det har Hurdalskameratane sagt at dei skal gjera, og da må Regjeringa levere prosenttoll der dette kan skjerme norsk produksjon. I tillegg må det utviklast fleire verktøy til å finregulere marknaden. Her må Omsetningsrådet få ein marsjordre.
Norske forbrukarar må bu seg på høgare matprisar i 2022, men slik FN sin matvareorganisasjon FAO har vist, forsvinn omtrent all prisauka på mat i lommene til mellomledda. Auka pris går med andre ord med til å betale for dyrare olje og diesel, dyrare gass, dyrare strøm, dyrare fôrvarer, dyrare bygningsvarer, dyrare transport.
Så korleis unngå at dei som startar verdikjeda i landbruket sit att med smular? Korleis skal vi her i landet bruke avtaleprisar og budsjettstøtte på ein klok måte?
Her kjem eg med eit “kinderegg”. Det er grenser for kor mye du kan auke overføringane til dei tunge verkemidla som husdyr- og arealtilskot før det slår ut i uhandterleg produksjonsauke. Dessutan kan den norske støtta som vi har bunde oss til i WTO lett gå i taket.
Da er det berre ein utveg som monnar: å ta bort dei avtaleprisane som er att på korn og mjølk. Det vil ikkje den norske modellen med partsavtalar overleva.
Men du har ein annan veg ut av floken: Bruk budsjettstøtte til å gjera norsk matproduksjon til den mest klimavenlege i verda. Vi er på god veg, med den klimasmarte kombinasjonskua og verdas lågaste bruk av antibiotika.
Det neste steget blir å fullfianisiere den klimaavtalen som næringa har inngått med staten, tiltak for tiltak, gard for gard. Betal for biogass og biodiesel, solcelletak og biokol, meir og betre gras og korn, fôr frå havet og fôr frå skogen, lausdrift og kulturlandskap.
La kvar bonde inngå ein klimaavtale mot betaling med staten for ekstra-arbeidet for å gjera drifta på bruket klimanøytral og berekraftig innan ein viss dato. Denne datoen må tilpassast kvar gard, kvar produksjon og kvart distrikt. Her bør det ikkje stå på pengane i eit land som har bruka 100 milliardar på støtte til elbilistane.
Du kan bli den første landbruks- og matministeren i verda som skreiv under ein oppgradert og fullfinansiert klimaavtale med bøndene om eit mål for berekraftig og klimanøytralt landbruk innan 2030. Verdas mest klimatilpassa matproduksjon kan bli din gave til etterslekta. Mot betaling til bonden, og ikkje på dugnad som så mange gonger før.
Du har ikkje fire, men vel tre år på deg. I mai 2025, når den siste jordbruksavtalen for denne stortingsperioden vonleg er på plass, er valkampen i gang. Du kan bli historisk, som den ministeren som reformerte det norske landbrukspolitiske regimet. Det blir ein reform som står seg.
2025 kan bli eit ærerikt år i norsk historie, ved sida av 1935 og 1975. Eller 2022 kan bli året for dei tapte sjansar. Lad, sikt og skyt på målet, der klimanøytral matproduksjon er innartiar. Dagens politiske vindu kjem neppe igjen.
Beste helsing
Reidar Almås
Denne saken ble publisert i spalten Faglig snakka på nationen.no den 23. februar 2022.
Skrevet av
Publisert: 23 februar 2022
Oppdatert: 23 februar 2022