Reidar Almås
Reidar Almås Foto: Odd Roger K. Langørgen

Gryteklar jordbrukspolitikk?

Grytten-utvalet kom ikkje heilt i mål. NOU 2022:14, «Inntektsmåling i jordbruket», viser det noen visste frå før: at bøndene tener langt mindre enn andre på å produsere mat, men at dei gjer så mye anna, slik at dei i sum tener omtrent som folk flest.

Andre lever på kjerringa, eller tærer på kapitalen. Atter andre spenner inn livreima eller siktar imot pensjonsalder. Endeleg er det noen som investerer så mye at dei ikkje får til overskot på drifta. Det kan vera fordi dei drøymer om overskot i framtida, eller fordi dei har heilt andre mål enn inntekt. På denne måten held landet seg med fleire bønder og folket får meir og billegare mat enn dei betaler for.

I Hurdalsplattforma kan vi lesa at Ap/Sp-regjeringa skal «Leggje fram ein forpliktande og tidfesta plan for å tette inntektsgapet (…) Opptrappinga skal skje i samarbeid med partane i jordbruksavtalen og baserast på nytt talgrunnlag.» Har vi no fått det talgrunnlaget politikarane har bedt om? Både ja og nei.

Den politiske konsekvensen av Grytten-utvalets forslag til inntektsmål, er at det ikkje er inntekta til gjennomsnittsbonden, den «jamne» bonden, som skal ha same inntekt som andre grupper, men den tredjedelen, halvparten eller dei to-tredjedeler av bøndene som driv best.

Som bygdesosiolog veit eg at dette vil vera dei som har den største familiekapitalen og driv dei beste gardane i dei beste jordbruksdistrikta. Denne målemetoden står i skrikande kontrast til det prinsippet Sosialistisk Venstreparti fekk gjennomslag for i budsjettavtalen med Ap og Sp før jul i 2021 om at «regjeringen skal levere en forpliktende og tidfestet plan i løpet av 2022 for å tette inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet, uavhengig av bruksstørrelse, produksjon og landsdel».

Det er vanskeleg å sjå at dette «Brage-løftet» lar seg oppfylle med mindre bøndene skal over på statsløn.

“Det store slaget vil stå når tilrådingane frå Grytten-utvalet skal fasast inn i jordbruksoppgjeret i 2023.

Gryttenutvalet seier klokleg at «Valget av referansenivå avhenger av hvilke krav til effektivitet og forretningsmessighet det er rimelig å stille. Hvilket nivå (1/3, 1/2 eller 2/3, min merknad) man eventuelt vil velge i jordbruksforhandlingene, er et politisk og forhandlingsmessig spørsmål».

Legg ein inntekta til den beste tredjedelen til grunn, varierte vederlaget til arbeid og eigenkapital per årsverk mellom 644.200 i 2018 og 775.200 i 2020. Til samanlikning var årslønna til industriarbeidarar 506.600 og tilsette i kommunen 543.800. Og vipps, så var inntektsgapet tetta, i alle fall for dei flinkaste (og heldigaste) bøndene?

Dersom ein går utifrå at politisk skjønn tilseier at regjeringa legg til grunn inntektene til dei beste to tredjedelane av bøndene, varierte vederlaget til arbeid og eigenkapital mellom 430.500 i 2018 og 518.000 per årsverk i 2020. Som ein ser vil det ikkje bli ei uoverkommeleg oppgåve å oppfylle målet i Hurdalsplattforma.

Grytten-utvalet ga landbruket medhald i at utgifter til leigd arbeid, jordleige og leige av mjølkekvote skal reknast som ei utgift for bøndene, ikkje berre som inntekt for noen og utgift for andre som går i null, slik det er i dag.

Eit anna stort spørsmål som låg på bordet, var om bøndene skal kunne rekne godtgjering for eigenkapital før inntekta blir samanlikna med andre. På dette punktet har eit fleirtal i utvalet konkludert med at det ikkje let seg gjera å skilje mellom inntekt frå eigenkapital og eige arbeid, dersom ein skal følgje same prinsipp for rekneskap som elles i næringslivet.

Ola H. Grytten har heile tida hevda at utvalet har jobba strengt fagleg. Men da innstillinga vart lagt fram, kunne han ikkje dy seg. På spørsmål om dei hadde gjort jobben sin når dei ikkje svarte opp på spørsmålet om deling av bondens inntekt mellom arbeid og eigenkapital, svara han at dette ikkje let seg gjera.

Han la til at dei heller ikkje hadde trekt inn skattefrådraget til bøndene i inntektsmålet. I 2022 utgjorde dette jordbruksfrådraget i gjennomsnitt 26.800 kroner per årsverk. Med ei næringsinntekt på minst 354.200 kroner fekk bonden fullt jordbruksfrådrag, eller 69.800 kroner per foretak i 2020. Motposten kunne vera ei avkasting på eigenkapitalen på 3 prosent, som ifølgje utvalet utgjorde 1811 millionar kroner i 2021, eller om lag 45.000 kroner per årsverk det året.

Om eg skal sitere etter minnet frå pressekonferansen, la Grytten til at desse to faktorane på sett og vis går opp i opp. Det vil seie at bonden byr på eigenkapitalen sin, mens staten byr på jordbruksfrådraget.

Her kan Ola H. Grytten, kanskje utan å ville det, ved å hinte til ein bytehandel, ha gjeve Sandra Borch dei to årene ho treng for å ro seg i land. Grytten har sett gryta på kok. No er innstillinga ute på høyring, og det store slaget vil stå når tilrådingane frå Grytten-utvalet skal fasast inn i jordbruksoppgjeret i 2023.

Denne saken ble publisert i Nationen sin spalte Faglig snakka den 2.11.2022.