-Dersom ein berre aukar prisen på varene bonden leverer kan det stimulera til auka produksjon og, på lang sikt, overproduksjon, forklarar forskar Eirik Magnus Fuglestad
-Dersom ein berre aukar prisen på varene bonden leverer kan det stimulera til auka produksjon og, på lang sikt, overproduksjon, forklarar forskar Eirik Magnus Fuglestad

Ein strategi for eit nytt jordbruk

Heime på garden vår var graset ikkje lenger grønt, men brunsvidd og uttørka i midten av juni. Me prøvde å nyta sola og varmen, og bada i elva med ein no uvanleg låg vasstand, men kjensla av uro slapp ikkje taket.

Mange bønder har kjent på denne kjensla dei siste vekene, men sjølv vart eg letta då eg var oppe i utmarka vår for å ta tistlar her ein kveld. I myrjorda der var graset grønt og godt, i lia under skuggen frå fjell og tre svaia gras i vinden. Eg høyrde knekk frå kratt og buskas og såg kalvane våre brøyta seg veg bakom bakken.

Godt at me ikkje har grøfta denne myra, tenkte eg då, godt at me ikkje bygga fjøs til endå fleire kyr då me bygga nytt for to år sidan. Ja, det var rett og slett godt å ha litt ekstra beite, annleis enn det oppdyrka og oppgjødsla kulturbeitet. Dette er robust, godt å ha i tørre år som det sikkert blir fleire av. Det er nok litt tilfeldig at me har det slik, og landbruket er ikkje lagt opp for slikt i dag, men det er gode høve og gode grunnar til å gjera det.

Det er til dømes no vore jobba mykje med utkast til nye kosthaldsråd. Nyleg vart dei presenterte, og mest alle dei som har noko dei skulle sagt i landbruket – frå landbruksminister og finansminister, til forskarar og bondelagstoppar – sette seg på bakbeina og fekk biffen og mjølka i vrangstrupen, så å seia.

Her blir det ropa om både reel og metaforisk død for både folk og det norske landbruket, dersom råda om å eta mindre kjøt og mjølkeprodukt blir følgde. Slik treng det ikkje vera, eg trur tvert om at dette er ein stor muliget for å skapa eit robust og berekraftig norsk jordbruk.

Ved å følgja kosthaldsråda kan me fri jordbruket frå tanken om at produktiviteten og gardsbruka stadig må veksa. I staden for at me pøsar på med kraftfôr til drøvtyggjarane våre, og i staden for at me fyller fjøs og beiter til randen, kan me nytta dette høve til å heller laga oss passe store dyreflokkar som et meir gras.

Volumet av mjølk og kjøt vil då gå ned, nett slik kosthaldsråda tilrår. Fôrimporten vil også gå ned, og sjølvforsyninga opp dersom me tek til å eta meir plantebasert av slikt me kan dyrka i Noreg – fleire forskingsrapportar har peika på at det er mulig. Bonden må sjølvsagt også få betalt, men det kan skje på andre måtar enn via konstant auka produksjon eller prisar.

 

 I verste fall brukar me i dag ti einingar energi på å få ut éin eining mat i jordbruket, i det gamle jordbruket var forhaldet motsett.

Eg trur dette er naudsynt. Samfunnsgranskaren Karl Marx peika allereie for 150 år sidan på at landbruket var i ferd med å laga ei katastrofal økologisk kløft via måten moderne produksjon skjer på. Den gong kunne han knapt ana det me no veit om klima og miljø. Erkjenninga vil etter kvart måtta pressa seg fram som løvetann or asfalt: den måten me driv jordbruk på no kan ikkje halda fram, den er mogleggjort berre av det historiske unntaket som den fossile vekstøkonomien dei siste 150 åra utgjer.

Eit slikt enormt forbruk av ressursar og energi kan ikkje halda fram. I verste fall brukar me i dag ti einingar energi på å få ut éin eining mat i jordbruket, i det gamle jordbruket var forhaldet motsett. Me må nytta færre ressursar, og meir lokale ressursar.

Det finnast ein stor forskingslitteratur som seier at ressurs og energibruk må ned. På engelsk heiter dette «de-growth». Det er ikkje noko etablert ord på norsk for dette perspektivet ennå, men me kan snakka om «motvekst» eller «nedvekst» eller om «ein vekstfri økonomi». Poenget er at det handlar om å skapa eit samfunn og ein økonomi som ikkje er avhengig av evig vekst, ved å redusera energi og ressursgjennomstrøyminga i økonomien.

Reduksjonen i bruk av energi og ressursar skal skje samstundes som livskvaliteten til folk aukast. Det er viktig å understreka at eit system basert på motvekst ikkje simpelt hen vil vera som det noverande systemet, berre utan vekst. Det er ikkje snakk om noko resesjon. Det er heller å kunna skapa gode liv innafor økologiske tolegrenser.

For jordbruket kan dette bety at bonden endeleg kan gå av den berykta tredemølla som ho no må springa fortare og fortare på.

Eg trur at eit jordbruk som baserer seg på prinsipp om motvekst vil kunne bli både robust og berekraftig. Me kan då dyrka og driva jorda meir skånsamt. Bøndene kan fokusera på andre ting enn å pina mest mulig ut av jorda og dyra, men heller på god agronomi og langsiktig bruk og berekraft for ressursane sine.

Innafor slike rammer kan eg halda fram med å bruka det litt lågproduktive utmarksbeitet oppe i marka. Men, om folk skal eta like mykje eller meir kjøt og mjølk framover, då må eg kanskje grøfta området, gjødsla det opp og ha fleire dyr i marka. Spørst korleis det går ved neste tørkesommar.

Denne saken ble publisert i Nationens spalte Faglig snakka den 28.06.2023.