Skjermbilde fra Jordbruksoppgjøret i Landbruks og matdepartementet
Skjermbilde fra Jordbruksoppgjøret i Landbruks og matdepartementet

Alvorleg snakka: Kor står vi, kor går vi?

Det skulle ikkje forundre meg om faglaga i år greier å presse ramma opp imot 3000 mill. kr i forhandlingane.

Eg må innrømme at torsdag 18. april vart ein nedtur for meg. Det starta så fint med Oslo-tur, møte med demonstrantar både kvelden før og på sjølve dagen og invitasjon til å overhøyre debatten frå Stortings-galleriet. Dette som skulle bli historisk både for bøndene, landbruksministeren og meg: Det andre opptrappingsvedtaket i livet mitt, vart ei hard buklanding, både for Geir Pollestad, Tor Jacob Solberg, Bjørn Gimming, Torgeir Knag Fylkesnes, Per Olav Tyldum– og meg som har trudd så på eit nytt opptrappingsvedtak. Trass i at det er eit solid stortingsfleirtal for å fullføre opptrappinga, makta ikkje fleirtalet å samle seg om ein måte å rekne ut inntektene på. Plana var å reise attende til Hølonda med hornmusikk i brystet, etter å ha opplevd mitt andre opptrappingsvedtak for det jordbruket eg har bruka 50 år av livet mitt for å forstå, forklare og forsvare. Slik vart det ikkje.

Så skjer det eit lite under. Det er vaksne folk heime både departementet, i Bondelaget og i Småbrukarlaget, som skjønar seg på kva eit negativt fleirtal på Stortinget betyr. Dei er no i ferd med å gjennomfører eit jordbruksoppgjer som normalt. I norsk statsskikk er det slik at så lenge det ikkje er gjort eit positivt vedtak imot eit forslag frå regjeringa til Stortinget, så gjeld det som står i ei melding. Så det er rett slik Geir Pollestad tolkar Stortinget: Regjeringa kan styre på forslaget om å tette inntektsgapet innan 2027, med den metoden for å måle inntekt som vart foreslått. Den einaste endringa som vart gjort, var timetalet for eit årsverk, som vil bli senka frå 1845 til 1750 timar over fire år. Pollestad kan, både i år og neste år om han blir sittande, gjennomføre jordbruksoppgjeret som om innstillinga vart vedtatt. Dette grepet frå statsråden, som faglaga har akseptert, har bidratt til å styrke både jordbruksavtaleinstituttet og forståinga av norsk statsskikk.

Vi vart vitne til eit «Chicken Race» i Stortinget torsdag 18 april. Dette fenomenet oppsto blant ungdom i USA på 50-tallet. Det er ei utfordring mellom to sjåførar som køyrer i stor fart mot kvarandre. Den som styrer unna er kylling. Ingen blunka i Stortinget, men det vart ingen kollisjon, så metaforen haltar. Jau, forresten det var eitt offer, som no ligg i stabilt sideleie: ein framtidsretta jordbrukspolitikk for tiår framover som tar oss ditt eit stort fleirtal i det norske folk vil: med bønder som tener som andre, som produserer meir klimasmart mat på norske ressursar over heile landet og som tar oss opp imot 50 prosent sjølvforsyning.

I staden vil partane måtte traske vidare og håpe på det beste frå jordbruksoppgjer til jordbruksoppgjer, som vil bli gode både i 2024 og 2025, og langt betre enn dei aller beste i 16 år under Stoltenberg og Solberg. Men det store fleirtalet i det norske folk og i Stortinget for ein ny jordbrukspolitikk kjem ikkje til uttrykk i eit breitt stortingsvedtak. Mangel på positivt fleirtal vil vera ei oppskrift på politikarforakt og veljarflukt frå regjeringspartia. På amerikansk heiter situasjonen «Deadlock». Det norske ordet vranglås er betre og meir talande. Næringskomiteen har gått i vranglås, ein tilstand av passivitet rundt bordet, der kompromisslause personar og fraksjonar ikkje klarer å koma seg vidare til eit heilt nødvendig og viktig kompromiss.

Bondelaget og Småbrukarlaget har tatt konsekvensen av det som skjedde i Stortinget 18. april med Pollestads tolking og fremja eit felles krav på 3 930 mill kr. Etter dekning av auka kostnader og summen som svarar til lønsvekst i andre grupper, blir det att 1 811 mill eller 75 900 kroner pr famlieårsverk til å tette inntektsgapet. Dette i følgje Bondelaget som aksepterer talgrunnlaget i melding nr. 11. Småbrukarlaget godtar ikkje talgrunnlaget, så dei meiner at kravet tilsvarar ei tettinga av inntektsgapet på kr 57 300. Så her har dei to faglaga vorte einige om å vera ueinige. Dermed slepp dei å bryte Hovudavtalen, som forutset at dei skal fremje eit felles krav, noe dei gjorde.

I følgje overslaget frå Budsjettnemnda vil inntektsgapet til andre grupper vera kr 135 900 i 2024. Slik eg les kravdokumentet, stoler dei to faglaga ikkje på at Stortingets fleirtalet vil støtte ei opptrapping etter valet hausten 2025. Dei vil derfor ha meir av pengane ut så lenge det noverande jordbruksvenlege Stortinget sit saman.

Måndag kom statens tilbod, der staten ved landbruks og matminister Pollestad følgjer opp lovnaden om ei løype for å tette inntektsgapet. Han legg 2 620 mill på bordet, noe som svarar til kr 70 000 pr familieårsverk, eller 45 000 meir enn andre grupper. Med unntak av 2022 er dette den minste avstanden mellom krav og tilbod i mi levetid. Det skulle ikkje forundre meg om faglaga i år greier å presse ramma opp imot 3 000 mill kr i forhandlingane.

I år trur eg Bondelaget vil strekke seg langt for å få til ein avtale. Småbrukarlaget har skaffa seg stor fallhøgde frå krava på Eidsvolls plass, men statens tilbod tok nok litt av lufta ut av Solberg og co. Så skulle det ikkje forundre meg om at det blir omkamp i Stortinget i juni om ei tidfesting av inntektsmålet. Eg har ikkje gitt opp å få oppleva eit opptrappingsvedtak i mi levetid. Det er på tide at Torgeir Knag Fylkesnes set seg i den tomme stolen til Berge Furre og snekrar eit kompromiss som uttrykker stortingsfleirtalets vilje med ei tidfesting av jamstillingsmålet. Dersom det ikkje skjer i denne perioden, er dette målet heilt i det blå. Det er nok politisk spel no!

Forfattaren har ingen økonomiske bindingar til andre enn NAV og er ikkje rådgjevar for noen imot betaling.