
Lange linjer i det store bildet
Skrevet av
Publisert: 25 april 2025
Oppdatert: 29 april 2025
Fagområder
Del artikkel:
25. april i år er det 50 år sidan Hitra-aksjonen braut ut. Kva skjedde, kvifor skjedde det og kva vart resultatet av Hitra-aksjonen?
Dette er en kronikk, skrevet av Reidar Almås. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.
Det var på slutten av årsmøtet i Hitra Meieri at Sverre Hanssen reiste seg tok til orde for skattestreik. Dei frammøtte slutta opp, og Hanssen fekk fullmakt til å forme ut eit aksjonsbrev.
Med god hjelp av kona Hergunn, skreiv Hanssen brevet som avslutta med åtte krav, der kravet om høgare pris på kjøtt og mjølk sto først. Brevet samla 70 underskrifter frå så godt som alle som dreiv med mjølk på Hitra.
Aksjonen vart først omtala i lokalavisa Romsdalsposten, der Hergunn Hanssen var Hitra-korrespondent. Først da Hitra-aksjonen vart tema i det populære debattprogrammet «På sparket» på NRK TV 30. juli, vart skattestreiken løfta opp på eit nasjonalt nivå.
Aksjonen vart tolka både som ein protest imot den statlege jordbrukspolitikken og som eit opprør imot eigne organisasjonar.
Nationen, bøndenes avis, hadde opna spaltene og støtta aksjonen på leiarplass. Det kom til støtteaksjonar over heile landet. Støttemøte vart haldne, og det møtte opp mykje folk over alt der Hitra-aksjonen var tema.
Da aksjonen greip om seg og ei rekkje lokale bondelag vedtok støtte, planla Bondelaget sentralt å skaffe seg kontroll over situasjonen.
Krava låg nær opp til den jordbrukspolitiske linja til Bondelaget, men leiinga var bunden av fredsplikta i Jordbruksavtalen.
For leiinga i Norsk Bonde- og Småbrukarlag var Hitra-aksjonen enda vanskelegare å takle, etter som aksjonen var ein protest imot jordbrukspolitikken til Arbeidarpartiet, ein nær alliert av Småbrukarlaget på den tida.
Landbruksminister Torstein Treholt sto i eit delikat politisk dilemma. Uro på grasrøtene var ein stor risiko for regjeringspartiet framfor stortingsvalet den hausten.
Det enda med at Treholt drog til Hitra for å møte dei opprørske bøndene. Med i delegasjonen var statssekretær Per Harald Grue, som innrømte at bøndene var ei låginntektsgruppe.
Treholt meinte at krava måtte rettast til jordbruksforhandlingane, men lova å heve grensa for investeringstilskot for Hitra og Frøya frå 25 til 35 prosent.
Da valkampen kom i gang, vart inntekta til bøndene valkampsak. Dei fleste borgarlege partiavisene skreiv positivt om Hitra-aksjonen.
Da universitet og høgskular starta opp, kom det til store støttemøte. Ved Studentersamfundet i Oslo samla 2000 studentar seg.
Det vart reist forslag om å samle inn pengar til dei streikande bøndene på Hitra, slik det vart gjort til ulovlege streikar på den tida.
Leiarane på Hitra vart tatt på senga av denne sympatibølgja. Dei var ikkje førebudde på spørsmål om pengeinnsamling, støttemateriell og deltaking på arrangement. Internt var det usemje om krava og vegen vidare og fleire av leiarane vart etter kvart slitne av mediepågangen.
Aksjonsstyret valde da å kalle inn 66 representantar til eit samrådingsmøte på Hitra 11. og 12. oktober. I tillegg til lag og organisasjonar som hadde støtta aksjonen, vart det invitert representantar frå bondeorganisasjonane, landbruket sine utdanningsinstitusjonar og frå forskinga.
På dette Stormøtet på Hitra i oktober var det og stor usemje om krava frå Hitra-aksjonen.
Helge Bergo fyrte laus imot kravet om høgare pris på kjøtt og mjølk, som han kalla «bondelaglina». «De ber om det reipet de skal henge dykk sjølve med», sa han på møtet.
Professor Sigmund Borgan åtvara imot overproduksjon som ville koma med høgare prisar til produsent.
Leiaren i Småbrukarlaget Kjell G. Jacobsen åtvara om at det ville gå ut over Jordbruksforhandlingane neste vår om aksjonen heldt fram.
Johannes Okkenhaug, styremedlem i Noregs Bondelag, overraska forsamlinga med å vedgå at politikken for å skunde på strukturrasjonaliseringa var årsak til den negative utviklinga.
Ei lita, sjølvbestalta gruppe utarbeidde første kvelden eit kort forslag til vedtak frå møtet, der dei to viktigaste punkta var at det måtte bli slutt på strukturrasjonaliseringa og at ein skulle arbeide fram eit vedtak om økonomisk likestilling. Dette vart oppfatta som eit minste felles multiplum av forsamlinga dagen etter.
Deretter avgjorde dei streikande med 17 mot fire røyster å legge ned aksjonen og gje «stafettpinnen» over til Bondelaget og Småbrukarlaget, som tok over og lova å føre krava fram via legale kanalar.
Seinare på hausten hadde både Bondelaget og leiaren i landbrukskomiteen, Berge Furre frå SV, stor innverknad på den politiske prosessen i Stortinget. Saka om bøndenes inntekter kom opp i debatten om statsbudsjettet.
Med røysta til dei borgarlege partia og SV, som var på vippen, ville det vera fleirtal for å tidfeste jamstillinga. Regjeringa sto no i fare for å lide nederlag.
Statsminister Bratteli var sjuk, men etter eit møte i eit «bøttekott» mellom påtroppande statsminister Odvar Nordli og Ap-representanten Bakken, kunne landbruksminister Thorstein Treholt gå på talarstolen og seia at han godtok forslaget om at «likestilling mellom inntektene på et rasjonelt drevet gårdsbruk … og gjennomsnittlig industriarbeiderlønn» skulle vera oppfylt «i løpet av tre avtaleperioder» (1976-82).
Opptrappingsvedtaket var eit faktum like over midnatt 2. desember 1975.
Korleis kunne Hitra-aksjonen skunde på ein politisk prosess som hadde stått stille sidan jamstilling vart lansert i 1945?
Opptrappinga av inntektene i jordbruket var eitt av elementa i dei kombinerte lønns- og prisoppgjera, eller dei såkalla Kleppe-pakkane. Denne politikken vart utvikla for å styre presset i økonomien frå dei forventa oljeinntektene. Øksnesutvalets innstilling frå året før, og den etterfølgjande Stortingsmelding 14 (1976-77), vart oppskrifta for gjennomføringa.
Hitra-aksjonen snudde nederlagsstemninga blant bøndene. Avløysarordninga med ferie og fritid for bøndene, som vart innført frå og med 1976, er det mest varige tiltaket som framleis kjem husdyrbøndene til gode.
Vederlaget til arbeid og eigenkapital i landbruket vart meir enn fordobla på seks år, frå 25.400 kroner i 1975 til 63.800 kroner i 1981. Til samanlikning auka lønstakarar sett under eitt lønna si frå 53.900 kroner til 93.400 kroner i same periode. Inntektsmålet vart nådd på papiret i 1982.
Det styresmaktene ikkje hadde rekna med, var kor kjapt bøndene reagerte på dei positive signala og dermed kor raskt det vart overproduksjon.
Opptrappinga i landbruket er det siste eksempelet på vellykka planøkonomi i Noreg, før høgrebølgja skylde ut over landet og sosialdemokratiet i 1980-åra.
Dei som kallar seg bønder i dag bør vera takksame til dei som aksjonerte den gongen og for vedtaket om opptrapping i 1975, der Hitra-aksjonen var ei nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg føresetnad.
Skrevet av
Publisert: 25 april 2025
Oppdatert: 29 april 2025