6L6A9029-Pano

Vekstfri utvikling er ikkje det same som resesjon

Eit jordbruk basert på lånt energi og eksponentiell vekst er ikkje berekraftig i lengda. Me treng å ta ned ressursbruken dersom me vil ha eit levande landbruk for framtida. Dette handlar ikkje om stillstand eller resesjon, men om ei vekstfri utvikling mot noko betre.

Heilt sidan menneska starta med jordbruk har det vore slik at arbeid som blei lagt ned måtte gi meir kaloriar enn kva som vart lagt inn. For tradisjonelt jordbruk er det hevda at dette forhaldet måtte vera minst 1:5. Jordbruket måtte gi eit utkome på fem gonger meir energi enn kva som vart putta inn.

Dette var eit grunnleggjande forhald i det som i den marxistiske tenkinga kallast det «samfunnsmessige stoffskiftet» – energi og ressursflyten mellom menneska og naturen. Dette systemet var avgrensa i produktivitet, og det var sirkulært.

Med overgangen til den fossile økonomien endrar dette seg radikalt. Produktiviteten kunne auka enormt, men det endra også det samfunnsmessige stoffskiftet på grunnleggjande vis ved å tilføra enormt mykje ekstern energi i alle ledd av jordbruksproduksjon og distribusjon. Dette er noko som mellom anna årets Holbergprisvinnar, Jose Martinez Allier har skrive mykje om.

Energibruken i dagens jordbruk er eit kontroversielt og komplekst tema kor forskjellige tal og utrekningsmåtar er i bruk. I ein tidlegare artikkel i Nationen viste eg til eit poeng som Raj Patel og Jason Moore har i boka A history of the world in 7 cheap things. Dei viser til at det kan ta ti kaloriar olje for å produsera ein kalori mat i det industrialiserte jordbruket.

Dette er eit ekstremt tilfelle, og er neppe gjeldande for norsk jordbruk. Meir relevant kan vera ein studie av Mads Markussen og Hanne Østergård som rekna ut at for kvar joule fossil energi brukt i det danske jordbruket, prosessering og transport for å framskaffa mat, så kjem det ut 0,25 joule matenergi.

 

Energibruken i dagens jordbruk er eit kontroversielt og komplekst tema kor forskjellige tal og utrekninsmåtar er i bruk.

Dette har auka produktiviteten i jordbruket i absolutt forstand, men det er på lånt energi, med metodar som har utarma matjorda og brukt opp grunnvasskjelder over store delar av verda.

Ved bruk av denne lånte, opplagra energien, øydelegging av naturen og global utbytting av arbeidskraft, har me ei viss tid no kunna laga mykje og billig mat. Men forsking peikar no på at produktivitetsveksten i jordbruket er i ferd med å stoppa opp og gå nedover globalt.

Og prisen for denne tidsavgrensa og naturøydeleggjande produktivitetsveksten er eit jordbruk og eit matsystem som nokre hevdar bidreg til 1/3 av dei globale klimagassutsleppa, og som er ein viktig bidragsytar til det som er kalla ei sjette masseutrydding av artar på kloden vår. Dette høgproduktive jordbruket har ein høg pris.

På grunn av desse utviklingane treng me å tenkja nytt, og her kjem det som er kjent som motvekst, inn. Motvekst er ikkje ei rørsle som vil tilbake til fortida. Motvekst ser ikkje bakover, men fram mot det me kan kalla ei vekstfri utvikling, og bygger på ei stor mengde vitskapleg litteratur som seier at meir vekst er øydeleggjande for miljø, klima og sosiale forhald.

Mykje av litteraturen peiker på at det ikkje er mulig å frikopla økonomisk vekst frå auka bruk av naturressursar og energi.

Eksponentiell vekst er difor på sikt destruktivt og øydeleggjande. Det blir eit steg fram og to tilbake, i det kvart såkalla «framskritt» blir følgt av stadig større sosiale og økologiske katastrofar.

Likevel har me laga oss nokre feilkoplingar mellom vekst og framskritt, som gjer at me trur at vekst er det same som framskritt eller utvikling. Men, dersom me ser etter, vil me sjå at det meste me ser som gode ting i samfunna våre, ikkje er eit direkte resultat av vekst, men av sosiale rørsler som har kjempa i mot dei som vil ha uhemma vekst for eiga profitt – ei vekst som ofte har vore ekstremt øydeleggjande for folk og natur.

Tenk til dømes på arbeidsforhold og miljø under den tidlege industrielle revolusjonen. Kanskje kan me heller snakka om utvikling utan meir vekst i bruk av ressursar og energi som det me bør ha i framtida?

Ei slik vekstvri utvikling er ikkje det same som resesjon. Det er berre mangel på fantasi som gjer at me ser eit samfunn utan stadig auka vekst som eit problem. I røynda kan det faktisk vera løysinga.

Målet for ei vekstfri utvikling for jordbruket må vera at me held oss med ein matproduksjon som er innafor både økologiske og sosiale tolegrenser, og som kan skapa gode liv og god mat for alle. Eg seier ikkje at det er rett fram, dette, det krev at me set oss ned og diskuterer kor me vil, og korleis.

Denne kronikken stod på trykk i Nationen og på nationen.no den 16.07.2023.