Fjoset til odelsgut Eirik Magnus Fuglestad
Fjoset til odelsgut Eirik Magnus Fuglestad Foto: Odd Roger K. Langørgen/ Ruralis

Motvekst i mjølkefjøset

Så lenge me driv jordbruk basert på ei økologisk kløft, er det vanskeleg å gjera det berekraftig. Kva er gale med berekrafta i norsk jordbruk? Kvifor vil ikkje klimapolitikken som staten og bondeorganisasjonane fører, koma til å fungera? Er norsk jordbruk bygga over ei stadig veksande økologisk kløft?

For å svara på desse spørsmåla, la meg starta med garden eg bur på. Den ligg på Vinningland, sørvest i Noreg. Bruket vårt, som heiter Langeli og ligg ytst på Vinningland-garden, dyrka oldefar min fram or skog og myr og kampestein seint i 1920-åra. Bruket ligg på ei flat kjelve langsmed Bjerkreimselva, ved foten av ein bratt, høg ås, der store eiketre veks. I bakkane omkring beitar dyra om sommaren. Her vaks eg opp.

Felles for meg og alle andre bønder i landet er at me no må setja i verk klimatiltak på gardane våre. I det nye fjøset på garden vår står difor ein mjølketank der det er klistra på ein tekst med påskrifta «CO 2 klimanøytralt kuldemedium». Mjølketanken er eit kvardagsleg uttrykk for den klimapolitikken som har vorte rådande i jordbruket. Innan 2030 skal norsk jordbruk ha redusert utsleppa med fem millionar tonn CO 2 -ekvivalentar. Måten dette skal skje på, bygger på ein strategi der økonomisk vekst, innovasjon og teknologi står som dei viktigaste hjelpemidla. Veksttanken som ligg her er problematisk, og for jordbruket kan me ta utgangspunkt i Karl Marx sin ide om det sosiale stoffskiftet mellom menneske og naturen, og det som John Bellamy Foster har kalla ei «kløft» i det sosiale stoffskiftet.

Overført på jordbruket i dag kan me seia at det har oppstått ei økologisk kløft: Produksjonen på gardane er vorte fråkopla ressursane på garden og i staden i stor grad vorte baserte på fossil energi og importerte ressursar. Ved å frikopla jordbruksproduksjonen frå gardens ressursar blir produksjonen i staden kopla på eit globalt energi- og ressursforbruk.

Dette er problematisk fordi ein slik strategi føresett at det er mogleg å frikopla økonomisk vekst frå ressursbruk og klimagassutslepp. Men mykje forsking dei seinare åra har argumentert for at det ikkje er mogleg å frikopla klimagassutslepp og naturtap frå auka produksjon. Dette tek ikkje politikken inn over seg, og stort sett er det einaste nye med klimapolitikken nye teknologiar som gjer at jordbruket kan halda fram med å utvida den økologiske kløfta. Kva kan eg som bonde gjera med dette?

Her vil eg gå attende til opphavet, så å seie. Då oldefar reiste garden vår, var han sjølvforsynt med det meste han trong i produksjonen. Det var arbeidskrafta til dyr og menneske som dreiv arbeidet, og det garden produserte, var det som naturressursane på garden la grunnlag for, verken meir eller mindre. Med andre ord: Dette var eit tradisjonelt jordbruk slik det var drive her i landet mange stader til langt innpå 1950-talet. I denne typen jordbruk vart det produsert meir energi i form av mat enn kva som vart putta inn i form av arbeid og energi.

I dagens jordbruk er det ikkje nødvendigvis slik. For å parafrasera biologen Richard Lewontin: Før handla jordbruk om å skaffa grøde frå jorda, i dag handlar det mest om å gjera olje om til mat. Korleis vart det slik?

På 1970-talet vart garden vår, som dei fleste norske gardsbruk, revolusjonerte av den grøne revolusjonen og gjekk gjennom det som Reidar Almås har kalla det nye hamskiftet i jordbruket. Farfar min tok då over garden frå oldefar min, bureisaren. Farfar kan fortelja om då dei byrja med kunstgjødsel, som dei slepte i sekkar opp bakkane for å spreia den på beita for hand og med andakt. I dag køyrer far i bakkane med ein stor traktor og spreier kunstgjødsla.

Eit av klimatiltaka i landbrukets klimaplan er utstyr som spreier denne gjødsla endå meir presist. Det er sjølvsagt bra å ikkje sløsa med den energikrevjande og dyre vara, men det hadde vore betre å taka fatt i det at jordbruket har vorte avhengig av denne vara, at ho er både klima- og miljøskadeleg, og at ho skapar eit jordbruk som baserer seg på kunstig høg produksjon av alle varer.

Talsmennene for denne utviklinga vil hevda at dette er areal- og ressurseffektivt. Eg vil meine at effektiviteten har sin pris. Det som heiter Jevons paradoks er kjent: Når teknologi kjem som gjer noko meir ressurseffektivt, blir det ikkje brukt mindre ressursar, men meir, fordi kapitalismens logikk gjer at det som sparast, blir investert i auka produksjon. Det fører til auka ressurs- og arealbruk og til auka utslepp. Det blir ei utviding av den økologiske kløfta.

På eit globalt nivå har dette mellom anna skapt det Tony Weis kallar for «det industrielle korn-oljefrø-storfe-komplekset». Dette går ut på at store delar av matproduksjonen er bunde opp i eit system der gigantiske farmar på mange tusen storfe blir fôra av korn og oljevekstar frå enorme landområde der berre éin sort blir dyrka. Dersom me også inkluderer kylling og gris, sørger dette systemet i dag for at 70 milliardar dyr blir slakta kvart år. Dette vil auka til minst 120 milliardar dyr i 2050, slik det no ser ut.

Det industrielle korn -oljefrø-storfe-komplekset legg alt i dag beslag på 30 prosent av den dyrka jorda i verda, og fører til store utslepp av metan og CO 2 . Talfestinga av utslepp frå det globale jordbruket er omstridd, men nokre meiner at så mykje som ein tredjedel av dei globale klimagassutsleppa kan førast tilbake til det globale jordbrukssystemet som heilskap.

Det er likevel viktige skilnader på det globale og det norske. Dyra våre nyttar seg av beitegraset i bakkane kringom garden her, som mykje veks frå gjødsla me samlar opp på garden. Det er forskjell på 28 mjølkekyr (som me har) og tusen kyr, som opp til 55 prosent av amerikanske farmar har. Likevel er problemet det same: Me er kopla på det industrielle korn-oljefrø-storfe-komplekset via kraftfôret me gir kyrne våre og kunstgjødsla me brukar. Det er difor det kjennast litt meiningslaust for meg å ha ein CO 2 -nøytral mjølketank i fjøset, når eg veit at produksjonen på garden er kopla på globale megatrendar som mykje tyder på fører oss utfor klimastupet.

Det er dette eg vil kalla jordbrukets økologiske kløft. Stadig oftare tenker eg på denne «kløfta» i mitt daglege virke heime på garden. Jo, det er ein liten norsk gard, dette, og det ser idyllisk ut om sommaren når kyrne våre beitar i bakkane og mjølkar sommarmjølk i den CO 2 -nøytrale mjølketanken. Men ved ettersyn kunne ikkje produksjonen på garden her vore driven utan stor innputt av fossil eller ekstern energi og med fôrressursar utanfrå. Når eg ser graset veksa om sommaren, kyrne veksa seg store og mjølka mykje, så veit eg at dette er basert på ei kløft i det sosiale stoffskiftet.

Så lenge me driv eit jordbruk som er basert på ei slik kløft, trur eg det vil vera vanskeleg å gjera det berekraftig, same kor mykje teknologi me puttar inn i det. Det er denne kløfta eg som komande bonde har lyst til å gjera noko med på garden vår, men det er verken politikarane, rådgivarane eller landbrukets organisasjonar særleg interesserte i.

«Før handla jordbruk om å skaffa grøde frå jorda, i dag handlar det mest om å gjera olje om til mat»

Det finst perspektiv som legg opp til ei drift som er heilt annleis. Slike prinsipp ligg innafor det som me på norsk kan kalla for «vekstfri utvikling» ( degrowth på engelsk). Dette handlar om å at me held oss med ein økonomi som ikkje er avhengig av evig vekst, ved å redusera energi- og ressursgjennomstrøyminga i økonomien. Motivasjonen bak vekstfri utvikling er den aukande mengda forsking som seier at det ikkje er mogleg å redusera klimagassutslepp og stoppa den økologiske krisa med ein veksande økonomi.

Vekstfri utvikling skal ikkje berre vera som det noverande systemet, men utan vekst – det vil berre føra til økonomisk resesjon. Det er heller snakk om overgang til eit anna økonomisk system som skal skapa gode liv innanfor økologiske tolegrenser. Det har blitt føreslått fire steg for korleis jordbruket kan bli slik: lokal produksjon, relokalisering av marknadane, tilbake til sesongbasert produksjon og tilbake til meir vegetarisk diett.

Korleis kan eg få til ei drift i samsvar med slike prinsipp på garden vår? Dei vala eg har, er å gå over til det som førebels er svært utradisjonelle driftsmåtar, som agroøkologi eller regenerativt landbruk, men det er ikkje nokre etablerte støtteordningar eller distribusjonssystem for slik mat i Noreg i dag. Og støtte vil trengast, for med slik drift på garden vår vil beitet og grasavlingane falla mykje som følgje av bortfall av kunstgjødsel, og tilvekst og mjølkemengde på dyra vil falla grunna bortfall av kraftfôr.

For å få det som veks i bakkane her til å strekka til, vil eg måtta redusera dyretalet mykje. Alt i alt eit stort fall i produksjon, og dimed i inntekt. På den andre sida kunne eg ha dyrka poteter, gulrøter på mykje av jorda, kan hende noko korn av matkvalitet – alt dette gjorde oldefar. Dette kunne vera med på å tetta den økologiske kløfta ved å gjera energi og ressursbruken mindre. Det er implisitt at ei slik endring vil bety ei omlegging av kosthaldet, mindre av animalske produkt, elles ville dette krevja svært mykje areal.

Vekstfri utvikling kunne vore ei moglegheit for meg til å skapa eit meir berekraftig produksjonsgrunnlag, i alle fall dersom landbrukspolitikken og landbruksorganisasjonane kom inn og støtta opp om dette. Men det som skjer, er at dei landbrukspolitiske organisasjonane og nokre landbruksforskarar set seg på bakbeina. Forskar Arne Bardalen skuldar til dømes dei som står bak utviklinga av nye berekraftsråd for kosthald, for å vera «ideologiske», og at dei ikkje tek inn over seg norske realitetar. Norges Bondelag sin generalsekretær er på si side redd for at dei nye råda er «resultat av sterke krefter i Noreg og i verda, som har veldig bestemte meiningar om berekraft og berekraftige matsystem».

Som forskar kan eg godt vera samd i at arbeidet med dei nye kosthaldsråda kan sjå ut til å i for liten grad ha teke inn over seg den norske konteksten. Som odelsson kan eg ofte bli uroa for korleis krefter utanfor min kontroll som talar klimaet sin sak, kan gjera det vanskeleg å driva garden her.

Likevel meiner eg at rette vegen å gå er ei utforsking av korleis me alternativt kunne driva gard her mellom bakkar og fjell. Det er verdt å peika på at den rådande tankegangen for klimasmart jordbruk også er ideologisk. Me kan til og med hevda at den er hegemonisk. Eg vil hevda at det er nett forsking med ein annan ideologisk ståstad me treng, og at vekstfri utvikling kan vera eit bra perspektiv her.

Dette må ta utgangspunkt i å tetta den økologiske kløfta ved å ta i bruk garden sine ressursar, men det må gå djupare enn dei vanlege formuleringane. Det må også handla om ei aktiv nedskalering i energi- og ressursbruk på gardane, men samstundes om å få ut så mykje mat til folk som me kan ut ifrå desse ressursane.

Heime på garden vår kunne ein start vore å kutta kunstgjødsel og kraftfôr, starta med noko planteproduksjon og å få økonomisk kompensasjon for dei ulempene dette måtte medføra. Teknologiar for lokal produksjon av energi, som biogass og solenergi, kunne også vera ein del av dette. Me kan gjerne også ha CO 2 -klimanøytrale mjølketankar på gardane, men som ei berekraftig teknologisk løysing innanfor eit jordbruk som set grenser for vekst.

Denne kronikken ble publisert i Klassekampen den 04.10.2023.