Reidar Almås
Reidar Almås beskriv kravet frå bøndene i årets jordbruksforhandlingar som eit framhald på reverseringa av Listhaug-lina i landbrukspolitikken. Foto: Odd Roger K. Langørgen

Jordbrukspolitikken i støypeskeia

Når landbrukspolitikken er i støypeskeia som no, skulle det berre mangle om det ikkje blir konflikt.

«Konfliktnivået i jordbrukspolitikken er økende», skreiv forskarkollaga Klaus Mittenzwei ved Ruralis her i Nationen 2.11. «Det gjelder ikke bare mellom jordbruket og andre sektorer, men også innad i jordbruket. Inntektsopptrapping, økt selvforsyning, og hvordan jordbruket samtidig skal nå sine klimamål, fremstår som viktige forklaringer. Her finnes store ambisjoner, men ingen enkle løsninger».

Det siste har han heilt rett i.

Når landbrukspolitikken er i støypeskeia som no, skulle det berre mangle om det ikkje blir konflikt. «Jeg vælger meg April! I den det gamle faller, i den det ny får fæste. Det volder litt rabalder, dog fred er ei det beste, men at man noget vil!», skreiv Bjørnstjerne Bjørnson i diktet «April» (1888). I april/mai vil det vise seg. Landbruks- og matminister Geir Pollestad vil nok gjerne ha fred, men kan få rabalder, om han «noget vil».

I Ruralis har vi ein levande debatt om jordbrukspolitikken, som vi no har tatt ut i opent lende. Slik eg ser det, er det inga ulykke om forskarar er ueinige i viktige spørsmål. Det er gjennom intern og gjerne ekstern debatt vi kan bryne synspunkt og koma oss vidare. Kollega Eirik Magnus Fuglestad har i fleire publikasjonar, no sist i Klassekampen 4. oktober, tatt til orde for det han kallar «degrowth», eller vekstfri utvikling. Der reflekterer han over at mjølketanken heime på garden har påskrifta «CO2 klimanøytralt kuldemedium». Greitt nok, men det gjer vel ikkje den store forskjellen, korkje for klima eller naturtap.

Har eg forstått Fuglestad rett, bør ein heller sjå på dei store utsleppa som skriv seg frå innsatsfaktorar som fossilt drivstoff, kunstgjødsel og kraftfôr. Han kjem ikkje med noen oppskrift på nedvekst, men ser ut til å oversjå at vi alt driv med dette til ein viss grad i form av støtte til økologisk landbruk.

Ein kunne utvide desse støtteordningane til å gjelde elektrifisering (dieselkutt) og grasfôring. Sjølv om både naturen, dyra og bondefamilien vil ha godt av det, vil utfordringa for nedskalert jordbruk vera dei same som for økologisk produksjon. Dei fleste forbrukarane vil ikkje betale dei ekstra kostnadene i butikken, og da må dei delvis betalast i form av tollvern, skatt og subsidiar. Utan ekstra overføringar eller styrka grensevern, vil vekstfritt jordbruk vera ei oppskrift på tap av arbeidsplassar og auka import.

 

Det finst ingen raske og lette løysingar, men det krevst ein «Omstart» og ein langsiktig plan.

Fuglestad har fått så hatten passar av stordriftsfantasten Øystein Heggdal. I Nationen for 3. juli skreiv han: «Degrowth, eller nedvekst, som Fuglestad kaller det, er regresjon, tvang, tapte muligheter, tradisjonelle kjønnsroller og folk som ikke lever opp til sitt potensial …. Personlig blir jeg bare mer og mer glad i vekst. Vekst er endring. Vekst er at kvinner kommer ut i arbeidslivet. Vekst er fagorganisering, ytringsfrihet, utdanning, like rettigheter, vestlig medisin, lengre liv, bedre mattilgang, frihet og likhet».

Ja vel, nei? Dette er ei oppramsing av alt det positive som skjedde, ikkje berre i jordbruket, men i heile verda fram til i dag, utan å nemne dei negative skadeverknadene. For å bruke eit bilde, så styrer Heggdal mot framtida med hjelp av å sjå seg i bakspegelen, og ikkje ein gong alt han ser der tar han omsyn til. Ein må som Fuglestad og Mittenzwei, sjå gjennom frontruta og ta dei utfordringane som tårnar seg opp, ikkje berre for norsk jordbruk, men for heile den vestlege verda sitt produksjonssystem.

Som forskarkollega ved Ruralis Egil Petter Stræte peikar på, «er det ikke mulig for jordbruket å isolere seg fra resten av samfunnsutviklinga, og som vist har jo teknologien mange nyttige virkninger. Men effektiviseringseffekten er tveegget».

Ifølgje Stræte har mjølkerobot, PC, robot, smarttelefon og tilsetningsstoff i fôr til drøvtyggarar for å redusere metanutslepp, er alle eksempel på ny teknologi som kvar for seg har positive verknader på effektivitet, indre og ytre miljø, klima og bondens trivsel. Men samla må dei nye teknologiane finansierast, og i og med at auka prisar er begrensa av ein oppfylt matmarknad, så må noen ut for at andre skal kunne vekse. Eller så må skattebetalarane ta meir av rekninga. Eller begge delar, slik det skjer med dagens jordbrukspolitikk.

Det finst ingen raske og lette løysingar, men det krevst ein «Omstart» og ein langsiktig plan, som over noen jordbruksavtalar og eit par stortingsperiodar kan ta oss dit «DET STORE VI» vil. Både jordbruk, teknologi, marknader, klima og bondens inntekt kan styrast, om det er det vi vil. Men styring innan vise grenser, som vi ikkje alltid rår over, og – når ein tar tida til hjelp.

Denne saken ble publisert i spalten Faglig snakka i Nationen den 15.11.2023.