Bønder protesterer i Berlin, Tyskland
Bønder protesterer i Berlin, Tyskland Foto: Stefan Müller/Wikimedia Commons

Kronikk: Bondeopprør i krisenes tid

Ei ny og djupare kløft mellom by og land er i ferd med å opna seg i Europa. Kor kjem raseriet frå?

Traktorane trillar gjennom Berlin og Paris. Bøndene er sinte. Dei gjer opprør mot kutt i stønaden til landbruksdiesel og dei gjer opprør mot kutt av ku. I Polen og Slovakia har bøndene blokkert grensene mot Ukraina for å stoppa billeg korn frå å fløyma over grensene og å utkonkurrera dei.

Bondeopprør er slett ikkje noko nytt i europeisk historie, men dette kjem i krisenes tid – innan både klima, politikk og økonomi – og er kanskje dei største me har sett i EU si over 70 år lange historie.

Noko er i ferd med å skje mellom EU sine mange bønder og resten av samfunnet, ei kløft er i ferd med å opna seg. Under eit landbruksarrangement i Brussel i januar i år sa EU-president Ursula Von Der Leyen at «me kjenner nok alle på at det er ei aukande polarisering og ei deling av samfunnet når det kjem til landbruksrelaterte problem».

Ho set ord på ein aukande avstand mellom by og land over lang tid, ein avstand som mykje er skapt av den politikken som er meint å losa samfunna våre gjennom det grøne skiftet og inn i ei berekraftig framtid. Denne politikken er ikkje sosialt berekraftig. Den er knapt berekraftig for klima og miljø heller, med kortsiktige politiske og teknologiske løysingar som ikkje grip problemet ved rota.

Bøndene har samlet seg for protestaksjon

Bøndene har samlet seg for protestaksjon Foto: Marco Verch /Flicr.com

Dei ulike bondeopprøra står alle fram som reaksjonar på eit systematisk problem med det nyliberale industrijordbruket. Marknadsbaserte løysingar og frihandel skulle løyse sosiale så vel som økonomiske problem. Kommersialisering, oppskalering og «modernisering» skulle gi sjølvforsyning og lønsemd til landbruket, men også gode liv på landsbygda. Systemet løyste nokre problem, men skapte også sine heilt eigne.

EU sin strategi for «modernisering» av jordbruket betydde i praksis å omskape lokalt forankra småbønder, lokale marknader og lokale ressursar til eksemplariske kapitalistiske entreprenørar med eitt mål for auget: vekst og utviding av produksjonen.

«Bøndene er ikkje eigentleg så reaksjonære og framandfiendtlege»

Mange bønder ser seg no fanga i ein vond sirkel. Dei må stadig utvida produksjonen, dette krev dyr teknologi frå store leverandørselskap, som i sin tur krev store banklån, som igjen krev stor inntening på den europeiske supermarknaden. Valet er å halda fram i denne sirkelen til all økologisk og sosial berekraft er borte, eller å leggja ned. Som dei sa i USA på 1970-talet: «Get big or get out.»

Dette har ført til eit stort fall i talet på bønder i EU. Berre det siste tiåret er talet redusert med ein tredel, tilsvarande fem millionar arbeidsplassar. Særleg i land som Romania (983.000 arbeidsplassar tapt), Polen (616.000) og Bulgaria (387.000) har nedgangen vore stor. Men også i Tyskland (160.000) og Frankrike (100.000) har nedgangen vore betydeleg. Me kan også kasta eit blikk til Noreg i denne utviklinga – på dei godt tretti åra sidan 1989 har talet på gardsbruk her i landet gått frå nesten 100.000 til 37.000 i dag. Også her heime er bøndene i opprør, om enn ikkje like heftig som nede i Europa – enno.

Europeiske gardsbruk blir større, meir industrialiserte, meir avhengige av fossilt brennstoff og meir baserte på bruk av kunstgjødsel og plantevernmiddel. Ifølgje den nederlandske sosiologen Jan Douwe van der Ploeg brukte europeiske bønder i snitt 81 gigajoule fossilt brennstoff for å produsera hundre gigajoule mat i 1950. I dag har mengda fossilt brennstoff som trengst for å produsera same mengde energi i mat tredobla seg til 225 gigajoule. Tek ein alt dette i betraktning, så er det kanskje ikkje så rart at moderne jordbruk er ein av dei største bidragsytarane til utslepp av klimagassar og tap av biologisk mangfald.

Og her er me kanskje ved kjernen i dei nye bondeopprøra? For i staden for å forkasta eller endra på det nyliberale industrijordbruket, så følgjer alle forsøk på såkalla grøn politikk den same nyliberale industrialiserte logikken som skapte problema i utgangspunktet. Det er marknadane som skal utvidast og gjerast attraktive og fruktbare for grøn politikk, medan fruktbarheita i jorda til bøndene er i ferd med å søkka. Og dei største økonomiske byrdene bli lagt på dei bøndene som alt slit mest, forgjelda og slitne av arbeid som dei er, berre fordi dei gjorde nett som dei vart fortalt dei førre 30 åra.

Er det då rart at bøndene protesterer mot det som politikarane kallar for «berekraftig utvikling»? Ikkje berre får bøndene byrdene – dei blir også sett på som bakstreverske og reaksjonære og som del av årsakene til at me ser ei framandfiendtleg, autoritær høgrebølgje i det politiske Europa.

Uten bønder blir butikkene tomme for varer

Uten bønder blir butikkene tomme for varer Foto: conceptphoto.info /Flickr.com

Der det er røyk, er det sjølvsagt også eld. Det er sant at ein reaksjonær høgrepopulisme spreier seg i Europa og ofte er bøndene sentrale her. Men dei europeiske bøndene er ikkje eigentleg så reaksjonære og framandfiendtlege. Dei kjenner seg ført bak lyset av eit system som først gjeta dei inn i det nyliberale industrijordbruket og som no bed dei betala prisen for at systemet har spelt fallitt.