Kronikk: Professorens faktagrunnlag
Skrevet av
Publisert: 11 januar 2024
Oppdatert: 17 januar 2024
Fagområder
Del artikkel:
Eg har vorte utfordra her i Nationen, no sist av Katrine Kinn om kva som er mitt faktagrunnlag når eg analyserer «den nye retning» i Småbrukarlaget.
DEBATTINNLEGG
Dette er et debattinnlegg, skrevet av forskeren selv. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
I utgangspunktet vart eg spurt av Nationens journalist om kvifor leiarsjiktet i Småbrukarlaget tener mye mindre enn Bondelagsleiarane. Eg vart spurt som landbrukshistorikar og observatør av landbrukspolitikken frå tidleg 1970-tal, både som deltakar i den første fasen og seinare mest som tilskodar og analytikar.
Det som har vakt slik oppsikt og kritikk er at eg peika på at både leiaren og fleire av dei nye fylkesleiarane i Småbrukarlaget tilhøyrer ein ny generasjon sinte, meir utolmodige og aktivistiske bønder enn det forrige leiarskapet under Furuberg/Hoff. Det betyr ikkje at dei ideologisk orienterte økobøndene er ute av laget og alt styre og stell, eller at dei kjem til å bli svikta, til det er Solberg og hans folk med bakgrunn i Bondeopprøret for kloke.
Men det er rimeleg å bruke uttrykket «palassrevolusjon» om det som har skjedd og at fleire av dei som kom frå bondeopprøret har satsa på «listhauglandbruket», definert som dei som driv stort med stor S og stor innsats av delvis lånt kapital. Dei er ikkje «Listhaugbønder» av den grunn, det omgrepet vil ikkje eg bruke. Men dei kjenner seg svikta av ein stat som i åtte år hevda at berre du bygger ut, låner pengar og driv større, så vil du tene pengar. Så har ikkje skjedd.
På slutten av intervjuet fekk eg spørsmål om vegen vidare, og min analyse tilseier at det er eit mulighetsvindauge no til våren og fram til neste val der bøndene både kan oppnå eit meir rettferdig talgrunnlag og ei opptrappingsplan (jfr fakta: Hurdalsplatforma).
Katrine Kinn skriv: «Jeg reagerer også på at professor Reidar Almås går langt i å uttale seg om kontrafaktiske forhold, som at jordbruket ikke ville kommet lengre med andre strategier enn å vise stor forhandlingsvilje. Det er helt uproblematisk å hevde som enkeltperson, men jeg setter spørsmålstegn ved at han ikke selv tar et større ansvar for å skille mellom det han sier som privatperson og professor emeritus ved Ruralis».
Så la oss sjekke fakta. Eg sit med rekneark for jordbruksoppgjera tilbake til 1982. Ein rimeleg sjekk av fakta om kva som er resultatet av Bondelagets «samarbeidslinje» vil vera å samanlikne kva som er oppnådd ut over statens tilbod i dei 12 åra etter 1982 Småbrukarlaget har valt «kamplinja» og brote. Så la oss gjennomføre eit tankeeksperiment og sjå kva som hadde skjedd om også Bondelaget hadde brote i dei 12 åra dei har inngått avtale utan Småbrukarlaget.
Til våren kan jordbruksoppgjeret bli historisk, slik som jordbruksoppgjeret i 1976.
Reidar AlmåsDa ville jo statens første tilbod vorte gjeldande. Justert for inflasjon til 2023-kroner, så ville eit samla jordbruk ha tapt 5,632 mrd. eller 468,5 mill. per oppgjer. Pengar det og. No kan det vera mange andre viktige forslag og tiltak som inngår i forhandlingane, men dette ville vorte dei økonomiske konsekvensane. Det som Småbrukarlagets folk ikkje likar å høyre, er at deira medlemmar, til liks med alle andre bønder får same tillegg, uansett om dei bryt. Slik kan dei bryte risikofritt. Eller ikkje heilt risikofritt da, for det er alltid ein risiko ved å bryte at fleirtalet på Stortinget får nok og avskaffar heile Jordbruksoppgjeret, slik nokon parti vil.
Dag Fossen skriv i same avis: «Det som Klaus Mittenzwei og nå også Reidar Almås formidler i Nationen, er ikke basert verken på faglig tilnærming eller forskning med basis i Ruralis. Det er synsing og private synspunkter». Det må han gjerne meine, men det er ikkje gjennom debatt i aviser eller sosiale media forskarar blir kvalitetsvurdert. Kvaliteten på forsking blir sikra gjennom fagfellevurdering. Sist eg vart sjekka av fagfeller var for eitt år sia da Kva skjer i Bygde-Norge vart vurdert for å koma ut som fagbok.
Dei 430 sidene passerte nålauget utan problem og der kan ein mellom anna lesa fyldige analysar av dei lange linjer i landbrukspolitikken og jordbruksoppgjera.
Katrine Kinn hevdar at forskaren skal beskrive fakta, men det er ikkje nok. Tolking og analysar av fakta er minst like viktige, og forslag til politikk blir i stigande grad etterlyst av dei som finansierer forsking. Det seier seg sjølv at ein kjapp analyse til ein journalist som ringer i ein travel kvardag ikkje er like godt kvalitetssikra som ein artikkel i eit tidsskrift. Det er når vi kjenner empirien (fakta, data) at tolkinga og analysane startar.
Ikkje så reint sjeldan ser vi at forskarane sine analysar spriker, som for eksempel når økonomar analyserer korleis renta vil utvikle seg. Det er sjeldan at samfunnsøkonomar presiserer at dei uttaler seg som privatpersonar, sjølv om dei er ueinige og kan ta feil både titt og ofte.
Til våren kan jordbruksoppgjeret bli historisk, slik som jordbruksoppgjeret i 1976. Nytt og meir rettferdig talgrunnlag og eit opptrappingsvedtak kan koma på plass. Eg har lenge trudd at eg ikkje skulle få oppleva dette, men no er eg i ferd med å få att trua. Men da må den nye retning i Småbrukarlaget sitte i førarsetet saman med Bondelaget og påverke utfallet og ikkje springe etter og kjefte når avtalen eventuelt er i boks. Kall det gjerne eit råd frå hornet på veggen.
Skrevet av
Publisert: 11 januar 2024
Oppdatert: 17 januar 2024