-Dersom ein berre aukar prisen på varene bonden leverer kan det stimulera til auka produksjon og, på lang sikt, overproduksjon, forklarar forskar Eirik Magnus Fuglestad
-Dersom ein berre aukar prisen på varene bonden leverer kan det stimulera til auka produksjon og, på lang sikt, overproduksjon, forklarar forskar Eirik Magnus Fuglestad

Ny rapport: Ei gradvis dreiing av landbrukspolitikken

Ikkje sidan 1975 har det vore så sterk politisk vilje til å betra økonomien i jordbruket som det er no. Det store spørsmålet i denne samanhengen er nett korleis økonomien i jordbruket skal betrast.

Skrevet for Ruralis av Bjørg Bruset, kommunikasjonssjef (NINA).

I regjeringsplattforma til noverande regjering blir det lova å legga fram ein opptrappingsplan for jordbruket, og det har også alt kome auka overføringar til jordbruket over statsbudsjettet dei to siste åra.  

Eirik Magnus Fuglestad og Anders Melås har saman med Torbjørn Tufte ved AgriAnalyse skrive ein rapport om inntektsopptrappinga i jordbruket og dei landbrukspolitiske måla.  

Det er fleire som peikar på at dei landbrukspolitiske måla ikkje har blitt nådd.  

-Det er viktig at innretninga på opptrappinga skjer på ein måte som både gir bonden betre økonomi og som bidreg til eit berekraftig landbruk over heile landet som gir matsikkerheit og verdiskaping, seier Anders Melås, stipendiat i Ruralis.  

-Dersom ein berre aukar prisen på varene bonden leverer kan det stimulera til auka produksjon og, på lang sikt, overproduksjon. I tillegg kan det skape problem for dei norske varene i konkurranse med import. Importvernet, saman med WTO-regelverket, set også grenser for kor mykje det går an å auka prisane, forklarar Eirik Magnus Fuglestad 

Sterkare kopling mellom mål og verkemiddel 

Det er for lite samsvar mellom mål og verkemiddel i den praktiske politikken, noko som mellom anna har ført til at koplinga mellom arealressursane på garden og produksjonsmengda vert svakare. 

I rapporten blir det føreslått eit generelt skifte i måten tilskota brukast på. Det må handla meir om korleis bonden produserer, og mindre om kor mykje garden produserer, slik det har vore mykje til no. Med andre ord må sjølve jordbruksarealet og korleis det vert halde i hevd verta sterkare vektlagt i tilskotsystemet. Det medfører ei sterkare prioritering retta mot dei samla leveransane jordbruket leverer, både private gode og fellesgode, ei revitalisering av det multifunksjonelle jordbruket.  

– For å følgje opp dei landbrukspolitiske måla er det viktig at me tek vare på det norske jordbruksarealet, og at produksjonen i så stor grad som mogleg er basert på norske ressursar. Dette kan innebera tilskot som til dømes lønnar bruk av gras til drøvtyggjarane. Men det handlar også om å stimulera til god jordhelse, god agronomi og biodiversitet. Tilskotta må i endå sterkare grad rettast mot små bruk med driftsvanskar som helling og klima, utdjupar Melås og Fuglestad. 

Forskarane understrekar at det dei kjem med her er generelle forslag til ei gradvis dreiing av politikken, og at forslaga her bør supplerast med vidare forsking.  

-Me seier ikkje at me har heile svaret her, dette er komplisert, seier dei to forskarane.

Prosjektet vart finansiert av Forskningsmidla for Jordbruk og Matindustri (FFL/JA).