Dei komande åra skal Noreg gjennom det som kallast eit «grønt skifte» som skal sørgja for at samfunn og økonomi blir berekraftig.
Sentralt her vil vera å gjera seg bruk av dei fornybare naturressursane som mykje finnast i dei norske distrikta og i norske bygder kringom i landet. Mykje av fokuset for det grøne skiftet er å få i stand økologisk berekraft ved reduserte klimagassutslepp og ivaretaking av natur, men det er også ein samfunnsmessig eller sosial del av dette som kallast sosial berekraft. Dette betyr, heilt overordna sett, at me også må kunna skapa gode liv for dei som skal leva i det grøne skiftet. Dei seinare åra har det kome mange teikn på at den sosiale berekrafta i norske distrikt og bygder er sviktande – dette ser me mellom anna i dei mange distriktsopprøra dei siste fem-seks åra og i bondeopprør21. Agrisocial-prosjektet skal søka å legga til rette for eit grønt skifte som også er sosialt berekraftig for dei norske distrikta. Prosjektet gjer dette ved å bryta den sosiale berekrafta ned til tre grunnelement: rettferdig fordeling, livskvalitet, og samfunnsmessig robustheit, for så å forsøka å laga sosial berekraftsindikatorar saman med ei rekke aktørar frå dei norske distrikta.